
Felleskjøpet Rogaland Agder har opna dørene på vidt gap ved det mottaket i Hillevåg, Stavanger. Kvar dag frå klokka sju om morgonen til midnatt står dei klar til å ta i mot inntil 35 tonn i timen, fortel fabrikksjef Gunnar Jan Johnsen. – Nyleg tok vi mot 320 tonn på 10 timar, fortel han.
Spesielt ved dette mottaket er at kornet ikkje blir tørka, men konservert med propionsyre. Ein prøver ut metoden som eit prosjekt. Stig Fagerli, som er prosjektleiar, seier at Hillevåg er det første kornmottaket her i landet som tek i bruk konservering med syre i staden for tørking. I Irland, som har om lag same klima som her, har dei derimot brukt metoden i 10 år med godt resultat, seier Fagerli. Men kornet bør ikkje vera for fuktig. Ein ønskjer helst ikkje å ta i mot korn med høgare vassinnhald enn 22%.
Kornet blir tilsett propionsyre og luft. Slik kan det lagrast i månadsvis i ope lager utan tørking, før det blir blanda inn i kraftfôr til storfe. Grete Thu Christiansen, som er kvalitetsleiar, og Johnsen kan fortelja at ein kjørte praktiske forsøk både i 2004 og 2005. Ein registrerte ingen lagringsproblem, og inntrykket var at storfeet likte betre kraftfôr med korn som var konservert med propionsyre, enn det som var tørka på vanleg måte.