Søk produksjonstilskot på nett
– vinn digitalkamera

Fylkesmannen vil ha fleire bønder til å søkje produksjonstilskot på nett. Eit digitalt kamera lokkar som premie.

Øyvind Hebnes frå Finnøy, til v., vann ny PC i februar 2005 fordi han søkte produksjonstilskot via internett. Premien blei overrekt av jordbrukssjef Magne Fjeld. Nå er det digitalkamera som lokkar

 

I søknadsomgangen for januar søkte 38 % av bøndene i Rogaland produksjonstilskot via internett. Målet nå i august er minst 50%. Eit digitalt kamera skal gå til ein tilfeldig uttrekt internettsøkjar.

Har du ikkje internett-tilgang, kan du gå til landbrukskontoret eller biblioteket i kommunen der dei fleste kan få gratis tilgang til internett. Rettleiing finn du i søknadsskjema og rettleiingshefte som du har fått tilsendt i posten. Logg deg inn på med ditt eige brukarnamn og passord som du finn nede på side 7 i søknadsskjemaet og fyll inn tal dyr, arealopplysningar m.m. Er du usikker på noko, ta kontakt med kommunen for hjelp.

Å søkje på nett kan spare deg sjølv for mykje arbeid. Det same gjeld for landbruksforvaltninga. Du kan når som helst mellom 1. og 21. august logge deg på nettet, fylle ut søknaden og sende den. Du kan også ta utskrift av søknaden og du har tilgang på tidlegare søknader og tilskotsbrev.

Statens Landbruksforvaltning har nå samla alle sine elektroniske tenester under same adressa. Her kan du også sjekke saldo på skogfond m.m. og i løpet av hausten/vinteren kan du og sende inn elektroniske søknader for kjøp og sal av mjølkekvotar, etablering/oppløysing av samdrift og søkje elektronisk på erstatningsordningane i landbruket.