TINE

Det er den nye administrerande direktøren i Tine Meieriet Sør (TMS), Kjetil Thu, som seier dette når vi skal summera opp fjoråret.
- Tine har stått svært sterkt i tidlegare års målingar av omdømmet til ulike varemerke i Norge. I 2005 blei vårt omdømme svekt, og vi har tapt marknadsandelar på standardprodukt som søtmjølk og Norvegia-ost, men vi har hatt fin auke på dei høgast foredla produkta og halde oppe omsetninga i kroner. Det er dette vi tek som ei stadfesting på at vi nå får betalt for satsinga på produktutvikling, utdjupar han.
Ser vi på omsetningstala for 2005, viser dei ein nedgang frå året før for søtmjølk, men ein fin auke for smakssett og syrna mjølk. For fløte, rømme og juice held veksten frå tidlegare år fram, og samla for ferske produkt er det kring 2 % auke i omsetninga.
- For ost er det vekst i totalmarknaden, men Tine har relativt stabil produksjon frå 2004 til 2005. Her er det same utviklinga som for mjølk vi har tapt marknadsandelar på standardosten Norvegia, men auka på dei dyrare osteslaga, som Jarlsberg og Ridderost. Vi har tapt noko til konkurrentane på Norvegia, men største utfordring på ostesektoren er auken i importert ost, seier Thu. Det blei i 2005 importert om lag 7 000 tonn kvitost, ein auke på om lag 10 % og heile 3 000tonn over tollfri EU-kvote.
Når det gjeld mjølkemottaket, får vi desse tala: For heile landet er det vege inn 1 511 millionar liter kumjølk (- 0,6 % frå 2004) og 19 millionar liter geitmjølk (- 2 % frå 2004). Tine har teke mot 1 452 millionar liter kumjølk, ein nedgang på 1,2 % frå året før. Av dette har TMS teke mot 280 millionar liter, ein nedgang på 3 %, vesentleg på grunn av overgang til Q-meieria.
- Tala for 2005 syner at det var 46 produsentar som gjekk frå TMS til Q-meieria, medan 8 gjekk motsett veg. Interessant i denne samanhengen er at etter mediesaka i februar, har det vore langt færre utmeldingar frå Tine enn åra før. Det syner at produsentane ser verdien av samhald gjennom samvirket når det verkeleg røyner på, understrekar han.
- Vi har ei konstant utfordring i å tilpassa kapasiteten ved anlegga og i drifta i høve til endringar i marknaden. Det er nødvendig for oss heile tida å tilpassa varespekteret for å halda oppe omsetninga, men fleire varelinjer krev meir plass og driv kostnadene opp, utan at salsvolumet aukar, forklarer Kjetil Thu.
- Her ved anlegget i Sola har vi siste året bygd ut lageret med 2 300 m2 og kjøpt nye lastberarar, ei samla investering på 61 millionar kroner. Vi har elles behov for ei opprusting av anlegga på Jæren, dersom det ikkje blir nybygg. Dei fleste av desse anlegga er bygde så langt tilbake som i 1950-åra, og i fleire år køyrde vi på sparebluss i fornying og vedlikehald i påvente av avklaring på spørsmålet om eit nytt meieri. Den saka er ikkje endeleg avklara, men nå hastar det med å ta stilling til kor mykje pengar vi skal leggja ned i eksisterande anlegg, seier han.
- Vi meiner å sjå eit aukande politisk press på marknadsordninga for mjølk. Presset blei forsterka i samband med mediesaka i februar, men også uavhengig av den saka, er presset stort. Det kan vera verdt å peika på at marknadsordninga er laga for bøndene, for å sikra avsetnad og stabile råvareprisar. Nå blir det plukka i, og endra på, ordninga for å ta i vare interessene til konkurrentane og til forbrukarane. Altså blir ei landbrukspolitisk ordning nytta for å fremja forbrukar- og konkurransepolitikk. Då går det lett galt. Dette presset er langt frå over, hevdar Kjetil Thu.
- Det politiske presset vi nå ser, kombinert med ein skjerpa konkurransesituasjon, bør føra til at mjølkeprodusentane verkeleg ser kva det betyr å stå saman. Og kva det betyr med eit sterkt varemerke. Alle angrep på marknadsordninga gir negative utslag på pris til bonde, anten direkte, eller indirekte, held han fram.
Og til slutt ein presentasjon av den nye direktøren: Kjetil Thu er oppvaksen på gard i Klepp, er 47 år, er sambuar og har to barn på 7 og 10 år. Han har si utdanning innan næringsmiddelfag på det som ein gong heitte Norges Landbrukshøgskole. Frå 1983 har han arbeidd i meierisamvirket, først i Trøndelag og frå 1988 i Rogalandsmeieriet/TMS. I åra 2001 til 2005 var han knytt til sentraladministrasjonen i Tine BA. Kjetil Thu har arbeidd mest med logistikk og økonomi, mellom anna har han hatt ansvaret for utgreiing av ein del større struktursaker. Han er tilsett som administrerande direktør i TMS etter Trond Smeby frå 1.1.06.