Norsk produksjon av kjernefrukt byggjer på plantemateriale frå andre land.

I tillegg har det vore vanleg å importera grunnstammer til kjernefrukt. Ullensvang Hagebrukslag var fram til tidleg på 90-talet importør av grunnstammer både til kjernefrukt og steinfrukt. Me la då ned vår verksemd. I ettertida har Gartnerhallen og fleire norske planteskular teke seg av importen av grunnstammer til steinfrukt og det er Gartnerhallen som har vore ansvarleg for produksjonen og salet av grunnstammer til kjernefrukt.
Ei næring som byggjer på plantemateriale frå andre land mister dynamikken når denne tilgangen vert vanskeleg. I dag må all import av kjernefruktmateriale i karantene i samsvar med gjeldande regelverk. Det vil i praksis seia at det vert importert podekvist av nye sortar til karantenestasjonen som held til ved Bioforsk Kise. Der vert sortane poda på ei grunnstamme og står under oppsyn i om lag 1.5 år før frigjeving ifall den fytosanitære tilstanden er tilfredsstillande. Grunna avgrensa plass og ekstra kostnader, er det ikkje høve til å ta inn store mengder med tre eller grunnstammer. I praksis vil dette seia at det vert berre teke inn til landet nye sortar og grunnstammer for utprøving i feltforsøk Forskjellen på å importera ferdige tre som kan plantast rett ut i sortsforsøk, og ha dei første resultata året etter planting, og import om karantene er 5-7 år. Kostnadene aukar og.
Me har siste året gjennomgått situasjonen for kjernefruktproduksjonen i møte saman med Mattilsynet, rådgjeving, forsking og grossistar og me har kome fram til følgjande:

Einskilde representantar for varemottakarar meiner talet ligg rundt 80% for eple, ikkje 50% som er vår vurdering.
Det ser ut til at fleire forhold har ført oss opp i denne situasjonen: Pærebrann med importrestriksjonar, omlegging av landbrukspolitikken først på 90-talet og store endringar i marknaden (kjedeoppbygging). Næringa har difor hatt vanskeleg for å vera så dynamisk som ynskeleg. Fornyingstrongen i kjernefrukthagane er difor ekstra stor akkurat no. Me må ha nye sortar i produksjon og me må ha betre tilgang til grunnstammer.
Ullensvang Hagebrukslag har no i vinter teke initiativet til eit prosjekt med storskala utprøving av detsortsmaterialet som er tilgjengeleg i landet i samarbeid med rådgjevingstenesta, fruktdyrkarar, Graminor og Bioforsk. Me har nokre sortar som er lovande. Men kunnskapen om desse er for liten. Dette prosjektet kan gje nokre resultat i løpet av 5-6 år. Dette vil vera eit nasjonalt prosjekt og er eit initiativ for å få dynamikken i næringa på plass att. Me vil truleg ikkje klara å få raskare resultat med å importera ny sortar, men tilfanget på sortar å velja i vil verta større. Meir å velja i vil seia at ein vert sikrare på å finna fram til gode nok sortar. Konkurransen frå importert kvalitetsfrukt er hard.
Eit større problem er tilgangen til grunnstammer. I 2006 er det produsert
25000 stammer mindre av M9 enn det er marknad for. Kvaliteten er omlag 50%
6-8mm og det meste elles 8-10mm. Grunnstammer bør ha ein diameter på minst
10-12mm. Dette er stammer det skal lagast tre av i 2007. Det er ikkje lovt
betre kvalitet for produksjonen i 2007. Det er signalisert at det vil verta
noko større kvantitet i 6-8mm diameter. Dette er ein produksjon som
tek imot statstøtte, men som til tross for det ikkje er stor nok og
av for dårleg kvalitet. Ute i verda er dette ein produksjon som kan gjerast
billegare og med mykje betre kvalitet. God kvalitet på grunnstammene
gjer det lettare å få god kvalitet på ferdige tre. Det ser
ut til at både produksjonskostnader og kvalitet er eit problem under
vårt klima. Eit anna problem er at produksjon av grunnstammer i Noreg
i all framtid vil vera liten, truleg for liten, til å få til ein
produksjon som er både effektiv nok og der ein kan investera nok til å få god
nok kvalitet.
I dag er produksjonen av M9 omlag 50000 grunnstammer i året. Skal me
fornya eple- og pærehagane i den takt marknaden krev av oss, må me
ha tilgang til minst 100000 stammer pr år i mange år framover.
No er tilgangen på gode sortar liten, men når me får prøvd
ut nye sortar vil fruktbøndene få attende motivasjonen og plantinga
vil auka, truleg til godt over 100000 tre pr år. I ei moderne eple- og
pæreplanting går det med omlag 250 tre pr dekar.
Me var litt spente no når pærebrannreglementet skulle reviderast og vitskapskomiteen skulle gje ei vurdering og tilråding. Me vart noko skuffa. Me hadde venta at erfaringsmateriale frå våre næraste grannar i Norden hadde vore drøfta inngåande. . Desse landa har eit klima som er mest likt det norske, pærebrann er etablert og fruktdyrkarane har tilpassa seg dette. Dette er ikkje nemnt med eit ord i utgreiingane som ligg til grunn for tilrådinga til vitskapskomiteen . Komiteen har heller ikkje henta inn andre opplysningar enn rapporten som er utarbeidd av Bioforsk Plantehelse på eige initiativ. Diverre svekkjer dette tilrådinga. Næringa har god kontakt i desse landa, men dei opplysningar me får om at pærebrann kan handterast utan for store kostnader, burde ha vore kritisk drøfta. Næringa vert og informert om at import etter EU sine reglar fungerer tilfredsstillande. Finland som er pærebrannfritt praktiserer dette. Vitskapskomiteen har heller ikkje drøfta om dette er reglar som kan gje oss godt nok vern mot spreiing av pærebrann. Me hadde difor forventa at Vitskapskomiteen hadde gjort denne risikovurderinga på eit breiare og sjølvstendig grunnlag.
No i 2007 er risikoen størst for å spreia pærebrann innanlands. Me har sett stor pris på at Mattilsynet i Hordaland tok initiativet til ein ryddeaksjon for bulke- og pilemispel i Hardanger. Me tek situasjonen alvorleg. Pærebrann er ein alvorleg plantesjukdom og me er viljug til å innretta oss etter reglar som avgrensar smittespreiing. Men samstundes må desse reglane gjera det mogleg å få dynamikken attende i næringa relativt raskt.
Me skjøner det slik at Mattilsynet er innstilt på å vedta
reglar i tråd med det framlegget dei la fram på eit drøftingsmøte
i 2005:

Det må vera nokre justeringar sidan pærebrannepidemien i 2007 nådde Kristiansand. Det er viktig at Mattilsyn og birøktarane saman finn fram til ordningar som gjer at tilgangen på bier til pollinering ikkje vert dårlegare enn det den er i dag. Mange birøktarar er små, men viktige, og me har no ei kjensle av at mange har noko problem med motivasjonen.
Framlegget er svært likt EU sine reglar med unnatak for pkt 6. Me meiner framlegget ikkje er logisk. Dersom det skal oppretthaldast reglar for karantene frå andre land, burde me og hatt karanteneordning for flytting av plantemateriale frå smitta sone til rein sone innanlands.
Me trur dette er reglar som vert for strenge når det gjeld import. Me meiner utifrå erfaringar i dei andre nordiske landet at vernet mot pærebrann vert godt handtert om me nyttar EU sine reglar for denne sjukdommen.
Dette er vårt primære syn.
Dersom dette ikkje lar seg gjera vil me vil gjera framlegg om følgjande:
Det kan importerast kjernefruktmateriale til norske planteskular godkjend av Mattilsynet. Det importerte materiale må ikkje flyttast frå planteskulane før etter ein vekstsesong. Mattilsynet må etablera ein tilsynsordning for desse planteskulane.
Det ligg eit element av karantene i denne ordninga, men samstundes vert det
mogleg å importera det plantematerialet som næringa har stor trong
for på nytt å verta ei næring i utvikling.
Terje Larssen
-styreleiar Ullensvang Hagebrukslag-