
Bv - Sjur Håland
Med ein del tilleggskostnadar som smittesluse, nytt vassopplegg, brannvarslingsanlegg, dyre fliser og ei ny kalveavdeling hamna sluttsummen på det spesielle lausdriftsfjøset med kombi-liggebås på 1,1 millionar kroner. Året var 2002. Utgangspunktet var båsfjøset frå 1983. Tilbygget med oppsamlingsareal, 3 x tandem mjølkestall og kalveavdeling er på 95 kvadratmeter.
- Dette er eit fjøs som alle kan bygge, meiner Breivik, som i dag har ein kvote på 127 000 liter. - Eg tenkjer at fleire burde fått det som meg. På den måten ville vi fått turvande optimisme inn i næringa. Vi treng ikkje sjå lengre enn til dei 100 mjølkeprodusentane i Vesterålen for å skjøne utfordringa. I dag har 15 av desse lausdrift. Dersom dei med båsfjøs skal halde fram med mjølk, må 5 bygningar ferdigstillast kvart år fram mot 2024. Det er ikkje mogleg. I dag er det heilt stilt på byggefronten i området. Bøndene sit på gjerdet. Det er destruktivt.

- Norske bønder kan sjå langt etter ei gåvepakke frå styresmaktene til eit superfjøs i kjølvatnet av lausdriftskravet gjeldande frå 2024, trur Geir Breivik. Han meiner at eit firkanta regelverk bør lempast på for å unngå handlingslamming og stagnasjon blant mjølkeprodusentane i distrikta. Kravet om lausdrift bør endrast til krav om eit lausdriftssystem med rom for alternative løysingar som er til å leve med. For både folk og dyr.
Breivik er, så langt han kjenner til, den einaste i landet som har, og som har fått offentleg lån og tilskott til ei kombiløysing etter år 2000 der kyrne står laust på ein fôringsliggebås med ein vaier bak som held dyra på båsen. I dag hadde ikkje bygningen blitt godkjent som ei lausdriftsløysing.
Hadde han valt ei løysing med fôringsliggebås utan vaier bak, måtte han fjerna det eksisterande betongdekket og lagt spalteplank bak båsane. Det hadde blitt for omfattande og for kostbart, meiner han. Breivik tok med seg både fjøsgangane og stålristene i det ombygde fjøset. I staden for nytt dekke, har han løfta båsane fem centimeter i høve til ristene, noko han meiner er naudsynt i høve til reinhaldet. Fôrbrettet har fall mot båsane og Breivik påpeikar at dyra må ha tilgang på grovfôr heile tida. Mette dyr er rolege dyr, og rolege dyr oppfører seg slik båskonstruksjonen legg opp til. Dyra går bak og gjer sine naudsynte ærend. Utan straum over ryggen. - Unnataket er kvigene som har ein tendens til å skitne seg. Dei er mindre og dei treng litt tid og litt vekst før dei kjem inn i rette rutinane, erfarer han.
Båsane og båsfrontane er leverte av svenske De-Laval. Og det var i Sverige han såg fjøs med denne løysinga og tente på løysinga etter å ha fått tips frå ein seljar frå Nordland.
To gonger for dagen, i samband med mjølkinga, blir vaieren hevja med eit enkelt handgrep og dyra tar turen til eit oppsamlingsareal som fungerer som ein brei gang mellom fjøset og mjølkeavdelinga. Her står dei og venter på tur og på plass i mjølkestallen før kyrne tuslar tilbake til båsen og fôrbrettet. Utanom beitesesongen, får kyrne i tillegg ein tur ut til havfrisk luft ein gong i veka.
- Gløym heller ikkje at dyra har god plass til å røre seg på den fikserte båsen og eg får høve til individuell oppfølging av kyrne, legg han til.
Ingen blir yngre med åra. Heller ikkje Geir Breivik. Han unner alle mjølkebønder å få oppleve ein ny og betre kvardag med å mjølke i mjølkegrav. Med hans løysing har den fysiske arbeidsbelastinga blitt langt betre. Og med ei samla gjeld på 730 000 kroner ser han ikkje mørkt på framtida. Sjølv om han veit at hans lausdriftssystem, slik regelverket er i dag, ikkje vil bli godkjent etter 2024.
Geir Breivik set si lit til at det vil kome endringar som opnar for større fleksibilitet innafor lausdriftskravet. - Dersom ikkje fryktar eg for at det vil bli fritt for landbruk i store delar av distrikta i åra som kjem, avsluttar han.
