ETIOPIA

God utvikling for skulen og prosjekta

Tekst: Dag Raustein
Foto: Ketil Fuglestad

Arbeidet til Brit Signe og Ketil Fuglestad i Etiopia går for fullt både med skulen og med stiftinga AFRI. Vi hadde ein prat med Ketil, for å bli oppdatert, då dei var heime i sommar. Nå er dei tilbake i Etiopia, og vil arbeida der i minst eitt år til.

Etiopia

Førsteårsstudentar i elektrikarfaget. Det har vore ca. femti studentar til saman i dei to klassane siste skuleåret. Samuel, midt på bildet, er hovudlærar og har godt grep på undervisninga.

 

Bondevennen hadde i 2006 ein reportasjeserie frå Etiopia, med utgangspunkt i prosjekt som nå blir styrte av AFRI. I juleutgåva vår i 2008 og i påskeutgåva i år hadde vi artiklar om det same.

Tilbake til 1970-åra

Brit Signe og Ketil Fuglestad var i Etiopia som misjonærar frå 1976 til 1986. Ketil, som er sivilagronom, leia to landbruksprosjekt i området dei var i - prosjekt som var revolusjonerande for dei det galdt.

Etter mange år heime tok dei opp att arbeidet med utvikling av landbruket i Rift Valley-området, rundt 50 mil sørvest for hovudstaden Addis Abeba. Utviklingsarbeidet består i fagleg/økonomisk rådgjeving og hjelp til finansiering av mikroprosjekt. Nå er dette arbeidet styrt av stiftinga AFRI, der Brit Signe og Ketil nyttar inntil eit halvt årsverk. Det økonomiske fundamentet er ei testamentarisk gåve, og løpande gåver frå vener og kjende, og folk som elles vil støtta AFRI.

Bakgrunnen for deira opphald i Etiopia nå er at dei i 2007 begge blei bedne av Mekane Yesus-kyrkja og Norsk Luthersk Misjonsamband, NLM, om å vera rådgjevarar ved yrkesskulen i Arba Minch. Denne skulen blei etablert i 1971 med mykje støtte frå Norge, mellom anna frå Norad og NLM.

Drifta av skulen blei etter kvart overteken av etiopiarane sjølve, gjennom Mekane Yesus-kyrkja. Dei meistra ikkje drifta, og skulen blei lagt ned i 2004. Etter nye, sterke engasjement frå Etiopia blei skulen starta opp att med ny leiing og organisering i 2006, med namnet Arba Minch Mekane Yesus Technical College (AMMYTC). NLM ba Brit Signe og Ketil dra til Etiopia og vera med og byggja opp organiseringa av skulen og å delta i sikring av det økonomiske fundamentet. Dei kunne ikkje seia nei. Samstundes kom dei mykje nærare innpå prosjekta som blir finansierte av AFRI og som dei tid­legare følgde opp heimanfrå og med besøk ein gong i året.

Ivrige førsteårsstudentar på IT-linja ved AMMYTC. Fire klassar med omlag 100 dag- og kveldstudentar har det vore på denne linja.

 

Rask vekst for skulen

- Yrkesskulen starta med 40 elevar fordelt på to liner – bilmekanikar og IT – i 2006. Utdanninga er tre-årig. Skulen fekk raskt svært godt ry på seg. Ved elevopptaket i 2008 var søknadspågangen langt større enn ledige plassar. Tilbodet var då utvida med ei elektrikarline, og samla elevtal blei 260. For å utnytta skulen fullt ut, er det undervisning både på dag- og kveldstid, fortel Ketil, og legg til: - Dei som nå er ferdige med dei tre åra, ser ut til å kunna få seg arbeid.

- Rektor vil gjerne utvida skuletilbodet. Vi arbeider med å setja i stand fleire klasserom, og å skaffa utstyr til ei utviding. Men det er til ei kvar tid knapt med pengar, så det tek tid, seier han vidare.

Det er stor aktivitet på bilverkstaden på AMMYTC. Ein av lærarane, Enok Negusse, til venstre, hjelper til når det er nødvendig. Her får han assistanse av verkstadsjefen Petros Kali, til høgre, og ein hjelpesmann.

Mange kjelder til finansiering

Elevane betaler skulepengar, men det offentlege gjev ikkje støtte til skulen. Frå Norge har Toyota Norge finansiert PC’ar til to klasserom, og ein privatperson har gitt eit betydeleg beløp. Likevel trengst det meir pengar. Skulen var svært nedsleppt, og det må gjerast mykje vedlikehaldsarbeid, i tillegg til å utvikla skuletilbodet slik ein ynskjer. Det er her Brit Signe og Ketil har si viktigaste oppgåve.

- Så langt har vi fått etablert desse finansieringskjeldene: 1. Skulen har avtale med Toyota om sal av bildelar i regionen. Vi har nå bygd opp eit lager til ein verdi av ein halv million norske kroner. Salet av bildelar gir gode inntekter. 2. Skulen gir opplæring til sertifikat for motorsykkel. Dei som tek sertifikatet, betaler for dette. 3. Skulen leiger ut husvære til lærarar, studentar og andre. 4. Snikkarverkstaden blir leigd ut til ein møbelprodusent. 5. Det blir m.a. produsert utstyr – luker – til eit prosjekt som driv vatning på 3 000 – 4 000 hektar. 6. Ein ny kafeteria blir også leigd ut, fortel Ketil Fuglestad.

- Det er avgjerande viktig for oss at tiltaka som bidreg med finansiering, skal vera baserte på lokale idéar, og ikkje på våre. Dei lokale må brenna for prosjekta, og føla eigarskap til dei om dei skal bli vellukka, seier han, og legg til at det er Brit Signe og hans oppgåve å vurdera idéane, og så støtta det som ser positivt ut. For å kunna vurdera dette, er det godt med kremmarånd. Denne har Ketil fått med seg heimanfrå – foreldra dreiv landhandel på Brusand.

Adanech er bonde i Yavello, Sør Etiopia. Mannen forlet henne for ei tid sidan, så ho er åleine med ansvaret for dei to borna og jorda. Ho bruker AFRI sin nye dyrkingsmetode med djupe
fòrer og høge plantebedd. For å få tilført nitrogen til jorda nyttar ho husdyrgjødsel og dyrkar bønner. På det høge beddet plantar ho også papayapalmar, og nedi botnen på fòrene, kaffibuskar.

Stadig nye prosjekt i AFRI

Det starta med fire prosjekt i regi av ”Utviklingsprosjekt i Afrika” i 2005. I 2007 blei AFRI etablert som ein stiftelse, og overtok dei prosjekta som alt var starta. AFRI har eit styre på fem personar i Norge. I tillegg er det eit stipendstyre i Etiopia, med Ketil Fuglestad som leiar og i tillegg to lokale styremedlemmer.

- ”Basen” for AFRI i Etiopia er byen Arba Minch, men vi har nå prosjekt fem stader, med lokale prosjektansvarlege. Yavello ligg 20 mil frå Arba Minch, Konso 10 mil frå, Geresse 5 mil frå og Gelila 30 mil frå, og så har vi prosjekt her i Arba Minch, fortel Ketil.

Då Bondevennen rapporterte sist, var det 42 prosjekt som hadde fått støtte frå AFRI, nå er talet kome opp i 66. Eitt av dei har nyleg vore vist på etiopiske TV. Det er prosjekt nr 2 frå 2005 om frukt og kaffidyrking.

Hiruth Zegay kjem frå Addis Abeba. Ho er gift og har to barn. Med støtte frå AFRI har ho opna butikk med grønsaker, poteter, egg og frukt. Mange av kundane hennar er studentar ved sjukepleieskulen i Arba Minch. Hiruth har god kvalitet på varene og det likar dei unge.

Kraftig siling

- Dei fleste prosjekta er vellukka, til dels med svært gode resultat, men så legg vi også ned mykje arbeid i å kvalitetssikra søknadene og realismen i desse. Dersom idéen ikkje er god nok, blir det avslag, forklarer han og fortel at prosjekta spenner vidt, frå grønsak-, frukt- og kaffidyrking, til planteskule, brødbakeri, materialproduksjon via skogplanting, bokhandel, fotobutikk, reperasjon av dekk og mykje meir.

- Vi stiller ikkje krav til tru. Både kristne, muslimar og andre kan søkja, kravet er at dei skal vera ærlege. Normalt gir vi frå 1 000 og opp i 6 000 kroner i etablerarstipend. ”Kontoret” vårt har ope kvar laurdag – på terrassen og saman med tolk. Då er det minst 8 – 10 som kjem, men etter kraftig siling fell mange bort.

Du kan lesa om prosjekta på internettsida: www.afri.no. Ynskjer du løpande informasjon om Brit Signe og Ketil Fuglestad sitt arbeid i Etiopia, kan du senda ein e-post til:kfuglestad @nlm.no, og be om å bli sett på deira e-post-liste. Då får du utan kostnader ein rapport kvar veke, slik over hundre alt gjer.

Venner i koseleg prat om veksten i frukt­hagen til presten Konse i Yavello. Frå venstre pensjonert politimann Hirbo, bonde og vaktmann Mezgebo, bonde og evangelist Abebo og presten Konse Keko. Etiopisk TV sende nyleg eit program frå hagen hans.