BONDEVENNEN NR. 47 - 20. november 2009
Arvid Søyland Rådgjevar Gris Nortura Region Vest

Kva er dekningsbidraget i slaktegrisproduksjonen for tida. Dette er eit stadig tilbakevendande spørsmål. Siste halvår i 2008 var gjennomsnittleg dekningsbidrag kr. 310 pr. slaktegris. Fôrkostnadene har stige ganske mykje det siste året. I oktober 2008 var prisen på norm slaktegrisfôr kr. 2,76 pr. f.e. I oktober 2009 kostar same fôr 2,94 pr. f.e. Det betyr at fôrutgiftene pr. gris har auka med ca. 44 kroner. Ut frå siste In-gris tal (2008) er fôrforbruket 2,75 f.e. pr kg tilvekst for den norske slaktegrisen. Viss ein så legg målpris og dagens fôrpris til grunn i ein kalkyle, kan ein få følgjande resultat (alle tal i kroner):
Verdi slakt |
1800 |
|
Innkjøp smågris |
726
|
|
Fôrutgifter |
728
|
|
Tap av gris |
25
|
|
Veterinær, medisin, strø, renter, etc |
41
|
|
Sum variable kostnader. |
1520
|
|
Dekningsbidrag |
280
|
Ut frå gitte føresetnader blir da kalkulert dekningsbidrag pr. slaktegris kr. 280. Ein ting er kva som kjem fram i ein kalkyle, spørsmålet blir om dette stemmer med det produsentane oppnår i den daglege drifta.
Det er ein del slaktegrisprodusentar som fører In-gris. Da har ein mulegheit til å kontrollere om kalkylane stemmer med verkelegheita. Dekningsbidraget i gjennomsnitt for desse besetningane hittil i år er kr. 281. Konklusjonen må da bli at med ei gjennomsnitt drift ligg dekningsbidraget på ca. 280 kroner pr. slaktegris.
Ein del produsentar bruker myse til slaktegrisene. Dette gir ei billigare fôring, men samtidig ser det ut som at kjøttprosenten blir litt lågare ved ei slik fôring. Ved bruk av 20 % myse i fôret ligg dekningsbidraget på ca. 320 kroner.
Agder og Vestlandet har eit distriktstilskot for svinekjøtt på kr. 0,94 pr. kg. I desse områda vil da dekningsbidraget bli ca. 75 kroner høgare, altså ca. 355 kroner pr. gris.
Distriktstilskotet stig frå 1/1-2010 til kr. 1,10.
Gjennomsnitt fôrforbruk for den norske slaktegrisen er som tidlegare nemnt 2,75 f.e. pr. kg tilvekst.
Viss ein ser på In-gris tal frå vårt område til nå i 2009, varierer fôrforbruket for enkeltbesetningar frå 2,70 f.e. hos dei som har lågast, til ca 3 f.e. pr. kg tilvekst hos dei med høgast fôrforbruk. Med de høge kraftfôrprisane som ein har nå, vil dette bety mykje for dekningsbidraget og i neste omgang arbeidsbetalinga. Ein produsent som har eit fôrforbruk på 3 f.e. mot ein som klarer 2,75 f.e. pr kg tilvekst, får ein ekstra fôrkostnad på kr. 68. Med høgt fôrforbruk ser ein at dekningsbidraget raskt blir redusert til ca. kr. 210 pr. slaktegris.
Dei viktigaste faktorane som er med og påverkar fôrforbruket er: Miljø, helse og fôringsstrategi.
In-gris
For å få oversikt over drifta i slaktegrishuset, er det viktig å ha tal på produksjonen. Viss ein fører In-gris, vil ein få ut tall som viser fôrforbruk, tilvekst, tap av dyr og dekningsbidrag. Da er det lettare å sjå kor det er fornuftig å setje inn arbeidsinnsatsen, for evt. å betre resultatet. For produsenten blir det da å notere kjøp av fôr og tap av gris i ein periode, og legge dette inn i In-gris. Innkjøpt gris og slakta gris kjem automatisk inn frå Nortura. Produsenten kan anten sjølv legge opplysningar inn i In-gris og ta ut rapportar, eller rådgjevar på slakteriet gjer denne jobben. Når ein så får ut rapporten, kan ein i samråd med rådgjevar gå gjennom rapporten og besetninga, og bli einige om kva tiltak som evt. bør gjerast, med mål om å få enda betre resultat i slaktegrisproduksjonen på bruket.
Har du lyst til å starte opp å føre In-gris i di besetning, ta kontakt med rådgjevar, så skal vi hjelpe deg i gang. Eller, viss det er eit ønske, føre In-gris for deg.
Det er for tida god tilgang på smågris og slik ser det ut til å vere framover. Det er nokre produsentar med gamle, tungdrivne hus som vel å slutta med slaktegris, og derfor treng Nortura fleire slaktegrisprodusentar. Har du eit slaktegrishus som står tomt, ta kontakt med livdyravdelinga i Nortura, så skal vi skaffe gris.
Ombygging av kufjøs til slaktegris
Det er stadig fleire som går i saman i samdrift innan mjølkeproduksjonen, dermed blir det ein del eldre kufjøs som står tomme. Mange av desse bygningane kan ganske enkelt, og med små investeringar, byggjast om til slaktegrisproduksjon. Er dette interessant, ta kontakt med rådgjevar. Så skal vi hjelpe til med planlegging og vurdere inntening på eit slikt prosjekt.
Er det muleg å bygge nytt slaktegrishus og få ei anstendig arbeidsløn ut av produksjonen?
For å få ein oversikt, må det leggjast nokre føresetnadar til grunn:
Det er ikkje tvil om at innteninga innan svineproduksjonen må betrast framover. Dette er nødvendig for å kunne investere i nye bygg, og klare å rekruttere neste generasjon svineprodusentar. Innsatsfaktorane stig meir enn det ein klarer å ta ut i betaling for produkta. Den største utfordringa blir nok i første omgang kraftfôrprisen. Bondevennen har tatt opp den diskusjonen på ein bra måte, og det er viktig at ein held dette trykket oppe fram mot neste jordbruksforhandlingar. Her må svineprodusentane, kvar og ein, påverke tillitsvalde i organisasjonane til å fremje denne viktige saka.
Svineprodusentar er kjent for å vere offensive og ha tru på framtida. Dette er ein viktig ballast å byggje framtida på.
Kalkyle for slaktegris ved nybygg
| Investert beløp, kr 4,5 mill. | |
Rentesats, 6 % |
|
Tal slaktegris pr. år, kr |
2.100
|
* DB/slaktegris, kr |
280
|
= Totalt DB, kr |
588.000
|
÷ Annuitetslån 20 års avbet. (renter + avdrag årleg), kr |
381.000
|
÷ Faste kostnader (forsikring, straum,vedlikeh., etc.), kr |
77.000
|
= Arbeidsvederlag, kr |
130.000
|
I kalkylen er det ikkje tatt med tilskot frå staten (avløysar-, produksjons- og evt distriktstilskot).
Tidsforbruk i ein slik produksjon er ca. 600 timar og blir dermed å rekne som ein tilleggsproduksjon på bruket.