BONDEVENNEN NR. 3 - 22. januar 2010

Pensjonsreforma og jordbruket

Martin Svebestad
Klepp Rekneskapslag

Dei fleste har truleg registrert at det er gjennomført endringar i reglane for alderstrygd gjennom arbeidet med den såkalla pensjonsreforma. Eg trur likevel at det er dei færraste som har fått med seg kva denne endringa i praksis inneber for framtidige alderspensjonistar, og då spesielt for dei som har henta trygderettane sine som næringsdrivande og ikkje som lønsmottakarar.

I denne artikkelen prøver eg å gje eit enkelt oversyn over eksisterande og ny modell for alderstrygd. I ein seinare artikkel vil eg kommentera alternative sparemåtar som kan vera aktuelle for næringsdrivande i landbruk, og som kan supplera alderstrygda.

Dagens alderstrygd

Dagens ordning byggjer i stor grad på Folketrygda sitt grunnbeløp (G) For tida er dette beløpet kr 72 881. Pensjonen avheng i dag av sluttpoengtalet frå folketrygda. Sluttpoengtalet blir rekna ut frå gjennomsnittet av pensjonspoeng dei 20 beste åra. For ein bonde har det betydd mykje at ein bruker snittet av dei 20 beste åra, og ikkje snittet av alle år ein har arbeidd. Grunnen er at inntektene kan variera mykje frå år til år som følgje av ulike driftsforhold, store vedlikehaldskostnader og anna som gjer at ein enkelte år vil ha unaturleg låg inntekt.
Ein viss verknad har det likevel kor mykje ein har tent i alle åra ein har arbeidd. For å sleppa avkorting i trygda må ein ha såpass inntekt at ein har hatt pensjonspoeng i 40 år. Pensjonspoeng får ein dersom pensjonsgjevande inntekt er over grunnbeløpet. Dette kravet om 40 års opptening slår spesielt uheldig ut for ein del kvinner som alt er eller blir pensjonistar i næraste framtid. Desse har ofte ein del år utan inntekt som følgje av omsorgsansvar, og då i ei tid då det ikkje blei gitt pensjonspoeng for omsorg for små barn.
Ei inntekt som gir 4 pensjonspoeng i dag tilsvarer ei pensjonsgjevande inntekt på rundt 365 000, noko som tilseier at ein som alderspensjonist får ei inntekt frå folketrygda på rundt 55 % av den inntekta ein hadde før ein blei pensjonist.
Bønder kan gjerne ha ei gjennomsnittleg inntekt over alle dei åra dei har vore aktive som tilsvarer ca 4 pensjonspoeng, men sidan ein berre nyttar dei 20 beste blir gjerne sluttpoengtalet 5 poeng, kort og godt fordi ein har større variasjon i pensjonspoeng enn lønsmottakarar. Dermed kan bønder og andre næringsdrivande med variasjon i inntektene fort oppleva at pensjonen har utgjort kanskje 60- 65 % av gjennomsnittleg inntekt i yrkeskarrieren, medan ektefellen med lik inntekt som lønsmottakar – og dermed liten variasjon i inntekter - endar opp med rundt 55 % av ”lønsnivået.
Dei med låge trygderettar er sikra eit minimum. For ein einsleg er dette minimumet i dag på kr 143 568. Det er dette som er minstepensjon.
Framtidig alderstrygd
Det er fleire siktemål med den nye ordninga, men hovudmålet er sjølvsagt å få ned kostnadene til pensjonar. Det er 2 måtar å gjera dette på:
Stimulera til å venta lenger med å ta ut alderstrygd

 

Redusera ytinga

Hovudessensen i dei nye reglane er ei oppsparing av pensjonsrettar så lenge ein er i arbeid. Ein kan på mange måtar tenkja seg at det for kvart år ein arbeider blir sett av eit beløp til pensjon. Dersom ein arbeider lenger ”sparer” ein opp meir til framtida samstundes som det blir færre år å dela trygda på. Ein kan begynna å ta ut pensjon frå ein er 62 år, men kan etter forslaga også venta med å ta pensjon heilt til ein er 75 år.
Utgangspunktet er at det blir sett av skatt og arbeidsgjevaravgift til eit pensjonsfond som i dag. Hovudregelen er framleis pensjon frå 67 år, og for den som har jamne inntekter (som ein typisk lønsmottakar) vil alderstrygda vera nokolunde lik etter gamle og nye reglar.
Om ein då endrar noko på tidspunkt for å ta ut alderstrygd, vil ein kunna få følgjande endringar i pensjon pr år:
Det er ein minstepensjon også i det nye systemet, men den har fått nytt namn: garantipensjon. Ytinga er omtrent som i dag, men i motsetnad til dagens reglar er krav om 40 års trygdetid for å nytta denne fullt ut.

Overgangsreglar

Endring av pensjonsreglar er ein lang og omstendeleg prosess, og etter forslaga er ikkje ordninga innført fullt ut før i år 2050.
Elles er forslaget til overgang slik:
Dei som er født i 1963 eller seinare får pensjon etter dei nye reglane.
Dei som er født mellom 1954 og 1962 får ein kombinasjon av nye og gamle reglar.
Dei som er født før 1954 følgjer dei gamle reglane.

Tilpassing til nye reglar

Vi ser at skilnaden mellom mange lønstakargrupper og bønder stadig blir større. Dette bidrar til at alderstrygda blir låg for mange bønder i framtida. Den fordelen ein har hatt med å nytta dei beste åra forsvinn. Etter dei nye reglane er det både ”dei feite og dei magre åra” som bidrar til alderstrygda. Dermed må ein gå ut frå at mange bønder – utan andre inntekter – vil koma ut med relativt låg alderstrygd.
Spørsmålet er om den blir så låg at ein må tenkja særskilt sparing til alderdomen på ein annan måte enn tidlegare.
Mi erfaring er at trongen for slik sparing varierer veldig mykje med korleis ein vel å innretta seg etter å ha selt garden til neste generasjon. Framleis vel dei fleste i vårt område å bli buande i kårhus på garden. ”Garden er pensjonen vår”, høyrer vi frå tid til annan, og det kan nok på mange måtar vera rett. Ved å velja denne løysinga, vil mange oppleva at dei sit att med ein brukbar kapital på bok som dei kan bruka i tillegg til trygda. Spørsmålet er berre om dei gjer det eller om pengane endar ut som ein urimeleg billeg gard til kjøparen eller som gåve eller som forskot på arv til søsken av kjøpar.
Motsatt er det for dei som slit med gjeld, eller som har planar om å busetja seg utanom garden etter å ha selt denne. For at ikkje garden skal bli urimeleg dyr (eller skattepliktig i sal), er det vanskeleg å få kjøpt seg ein ny stad å bu utan å måtta ta opp gjeld. I så måte kan alderstrygda fort bli lite å leva av.
Det er sjølvsagt vanskeleg å veta korleis ein vil ha det som pensjonist, og mykje kan sjølvsagt endra seg fram mot alderdomen også. På andre sida trur eg det er viktig å ikkje ”drøya” for lenge med å tenkja på korleis ein skal innretta seg i alderdomen. Når ein står på trappene til pensjonisttilværet, og neste generasjon står klar til å overta drifta, er det som oftast for seint å gjera noko meir. I neste artikkel vil eg kommentera nærare ein del av dei alternative frivillige ordningane ein har som kan betra økonomien i pensjonsalderen.