BONDEVENNEN NR. 4 - 29. januar 2010

Funksjonstest av mjølkeanlegget
– ved ein milepæl

 

Svein Helge Einarsen
Fagansvarleg teknikk, TINE Meieriet Sør

Ein ny generasjon funksjonstest er snart klar. Denne vil opne for meir omfattande målingar, mellom anna vil pulsatormåling bli inkludert. Funksjonstesten kan også brukast på robot.

Ideen om å kontrollere kva som skjer i mjølkeorganet under mjølking er ikkje ny, den vart truleg fødd like etter at den fyrste mjølkemaskina såg dagens lys. Mjølka vert trekt ut av spenen med vakuum. Vi skil mellom anleggsvakuum og utmjølkingsvakuum. Anleggsvakuum er det vakuumet som kan lesast av på vakuummeteret. Utmjølkingsvakuum, målt i spenekoppen, er eit resultat av anleggsvakuum minus vakuumreduksjon frå mjølkestraum, ekstrautstyr og dimensjonering av dei ulike komponentane i mjølkesettet.
Gjennom laboratoriemålingar har forskarane slått fast det optimale utmjølkingsvakuumet og kva grenser som ikkje bør overstigast. I laboratoriet har forskarane kontroll over faktorane som påverkar utmjølkingsvakuumet. Slik er det ikkje alltid i det praktiske livet.

Første målemetode ikkje brukbar

Det var i lang tid ein diskusjon om kva som er det rette anleggsvakuumet når ein ynskjer å oppnå det tilrådde utmjølkingsvakuumet. Meiningane var mange og ofte framsett med stor overtydning. Mange, særleg på rådgjevarsida, ynskte å slå fast utmjølkingsvakuum ved måling. I den spede starten var dette gjort ved å stikke ei kanyle inn i kort mjølkeslange (mellom spenekoppen og sentralen) og kople den til eit vanleg vakuummeter.
Metoden var ikkje brukbar. Utmjølkingsvakuumet er sjeldan stabilt og svingar i takt med mjølkestraumen. Det er nær umogeleg med det blotte auge å lese av rett vakuumnivå når pila på vakuumeteret svingar med 10 – 15 kPa gjennom ein pulsatorsyklus (ca. eitt sekund).

Brukbart måleutstyr frå 1996

Utstyret som vart nytta i laboratoriet var ikkje brukbart til feltmålingar. I 1996 utvikla Danske Mejeriers Fællesorganisasjon, saman med Forskingcenter Foulum vakuummåleutstyret MT 30. Det danske utstyret var ”online-utstyr”. Målepunkta i mjølkeorgan og mjølkeleidning var fysisk kopla til datamaskina med kabel.
Det seier seg sjølv at det vil by på store utfordringar å følge eit mjølkeorgan gjennom ei mjølking. I Noreg har vi framleis mange båsfjøs og det var derfor naturleg å tenke alternativt. Vår modell er basert på vakuumloggarar som vart festa til mjølkeorgan og mjølkeleidning. Desse samlar informasjon som i sin tur blir lesen av og behandla i eit dataprogram. Sjølv om den danske og den norske målaren er ulike, er ein trygg for at infomasjonen som vert trekt ut har same verdi. Det har ei IDF (International Dairy federation) gruppe sytt for gjennom sitt arbeid med å lage kriterium for bedøming av vakuumkurver.

Tine funksjonstest

Den fyrste, norske modellen av måleutstyr vart kalla VakuumDropp I Mjølkeleidingen (VADIM). Den vart i starten berre brukt, som namnet tilseier, til å måle vakuumdropp i mjølkeleidningen. Seinare vart den vidareutvikla til å måle både i mjølkeorgan og –leidning og gjeven namnet TINE funksjonstest.
Mange mjølkeprodusentar har fått gjennomført funksjonstest av mjølkeanlegget. Berre det siste året (2009) har rådgjevarane i TMS gjennomført 87 betalte besøk. Vi får mange gode tilbakemeldingar etter slike besøk, det er tydeleg at det er eit behov for kontroll av mjølkemaskina utanom den årlege servisen frå firmaet.
Sjølv om vakuumtilhøva i mjølkeorganet blir målt gjennom dei fysiske målepunkta, er det mykje anna å lesa ut av måleresultatet. Når målinga er ferdig, er det tid for gjennomgang og oppsummering av resultata. Her er det ingen fasit. Gjennom samtalen kjem det fort fram kva tiltak som er gjennomførbare og kva tiltak mjølkaren slett ikkje er villig til å setje inn.
Å redusere tal organ for å betre vakuumstabiliteten sit ofte langt inne. Oftare er spørsmålet om anlegget toler nok eit organ, eller om det h
ar kapasitet til avtakarar (ofte pluss eit ekstra organ). Funksjonstesten vil kunne gje svar på dette.

Mjølkeanlegga er 20 år

Mjølkeanlegga vert eldre og eldre. I 2007 var gjennomsnittsalderen på mjølkeanlegga som vart målt av TINE 20,3 år. Spørsmålet om fornying dukkar også ofte opp ved gjennomgang av resultata. Sjølv om målinga avdekker (og alderen tilseier) fornying, er det få som vel å skifte ut mjølkeanlegget i båsfjøset. Slike omsyn vert ikkje i same grad teke når ny traktor vert vurdert.
Det er kanskje ikkje rett å samanlikne traktor og mjølkeanlegg, men vurderer ein verditapet over t.d. ti år, er det ikkje sikkert det årlege tapet er større på mjølkeanlegget enn traktoren. Mjølkeanlegget har trass alt også ein annanhandsverdi. Legg ein til ein mogeleg vinst i form av betra mjølkekvalitet og, ikkje minst, eiga helse takka vera skjenebane og avtakarar, kan det hende at mjølkeanlegget er ei betre investering enn traktoren.

Ny generasjon funksjonstest

No står ein ny generasjon funksjonstest på trappene. I skrivande stund er ikkje utstyret på plass, men vedtaket om innkjøp er gjort. Den nye generasjonen inneheld heilt nye loggarar med nye mogelegheiter. Mellom anna vil pulsatormåling inkluderast. Det vil gje ennå breiare grunnlag for rådgjeving. Også på robot er funksjonstesten aktuell. Vakuumtilhøva i roboten sitt mjølkeorgan er svært ulikt det vi er vane med på tradisjonelle mjølkeanlegg. Det er også andre tilhøve som er spesielle for robot, og som krev at analyseverktøyet vert tilpassa. Dette vert det arbeidd kontinuerleg med.
Funksjonstest er eit tilbod frå TINE. Prisen på ein funksjonstest er timebasert. Sjølve målinga, gjennomgangen og rapportskriving tek vanlegvis ca. 3 timar. Timeprisen er for tida kr 525,-. Ta kontakt med din lokale rådgjevar, og vedkomande vil setje deg i kontakt med rådgjevaren med ansvar for funksjonstest.
Sjølv om mjølkeanlegget er det same frå år til år, kan endringar både hjå folk og dyr gjere sitt til at resultatet endrast. Ein funksjonstest kan t.d. vere ein god innfallsvinkel ved opplæring av nye mjølkarar.

 

Diskusjon på fjøsgangen mellom bonde og rådgjevar.

 

Her er det klargjort for måling av mjølkeorgan.