BONDEVENNEN NR. 12/13 - 31. mars 2010
Ingve Dubland - Tine Meieriet Sør

Smørsyregjæra ost.
Mange mjølkeprodusentar har i dei siste vintrane vore borti anlyseverdien ”Høg” på sporeprøvane av mjølka si. Dette er ei utfordring mange ville vore forutan. Det seier noko om at det er noko i mjølka som ikkje skulle vore der og det betyr at faren for bortfall av E-mjølk og trekk for klasser er tilstades. Dette tærer både på sjølvkjensla og økonomien til bonden.
Anaerobe sporer er ein risiko i produksjonen av ost. Dersom sporene kjem med inn i osten, vil dei der byrje å formeire seg når osten ligg på lageret. Den vil svulma opp, få feil hol og smak. Den er då bare eigna som dyrefôr. Høgt sporeinnhald i mjølka vil og seie noko om hygienen rundt jur og mjølking.
For mange kan dette løysast med å gjera ein betre jobb rundt reinhald og stimulering av kyrne før mjølking. Tilrådinga er minst éin godt oppvridd bomullsklut pr. ku og gjerne ettertørking med tørr klut. I automatiske mjølkesystem er dette ei utfordring som ikkje kan løysast på same måte. I slike system er det å unngå at det kjem sporer i fôret enda viktigare. Lausdrifta må levere svært reine kyr til mjølkeroboten om ein skal vera sikker på at spenen er sporefri når mjølkemaskinen vert sett på kua.
Sitt naturlege reservoar har sporene i jord og vatn, derfor er dei ein naturleg del av den naturen vi hauster gras frå. Dersom sporene kjem med i fôret, eller dersom ikkje ensileringa er heldig og det vert oppformeiring av sporer i siloen, kan vi få ein runddans med tilføring av sporer til jorda via husdyrgjødsla og ein auka mengde på overflata av enga, med større fare for å få dei med ved neste hausting.
Sporene passerer gjennom vomma til dyra, og konsentrasjonen av sporer i gjødsla er 10 gonger større enn mengden i fôret kua åt.
I våronnarbeidet er det forskjellige ting ein kan gjera for å redusera faren for å få sporene over i fôret.
Jamn overflate på enga er grunnleggande for å kunna arbeida med utstyr som slåmaskin, fôrhaustar, rive eller pickup. For å få dette til, er arbeidet med gjenlegget viktig. Sørg for å få til ei jamn overflate. Godt arbeid med pløying, slådding og harving vil gje ei overflate som er jamn, men òg eit godt såbed som sikrar jamn spiring.
Tromling av varig eng kan vera aktuelt av fleire årsaker.
Etter ein vinter som vi har hatt i år, der tela har gått eit stykke ned i jorda, kan vi oppleve at steinar som vart trykt godt ned i jorda med utstyret vi bruker, nå har kome opp over overflata og står i fare for å koma borti både slåmaskiner og andre reiskapar.
Og hjulspor etter siste års hausting er og ein faktor som ein ved slikt arbeid kan redusera faren for å forurensa graset under haustinga.
Med det fokuset som vert sett på avrenning og miljø, samt prisen på handelsgjødsel, vert bruken av husdyrgjødsla viktigare. Uansett er det godt samsvar mellom ønsket om god utnytting av husdyrgjødsla og teknikk som reduserer faren for sporespreiing. Poenget er å få gjødsla ut på jorda og ikkje bli sitjande att på plantene.
Bruk av storfegjødsel vil på kort sikt auke talet sporer både på avling og i jorda. Til tørrare gjødsla er, til meir vil auken vera på avlinga. Men etter 5-6 veker, vil sporenivået på avlinga 10 cm over bakken vera omtrent likt for gjødsla og ugjødsla areal.
Derfor vil det, om ein har kjørt ut gjødsla på rett tidspunkt, ikkje fått til kjørespor etter tunge reiskap og hausta graset med rett stubbhøgde (ca. 10 cm), vera liten grunn til å gje husdyrgjødsla skulda for sporeproblema.
Dei siste åra har forskjellig nytt utstyr som sørger for å føre gjødsla ned mellom plantene, gjort at ein har kunna spreie gjødsla noko meir uavhengig av vêr og gjenvekst. Det ein må hugse på, er at denne gjødsla må vere tynn. Elles kan faren vere at dei stripene som er utlagde mellom plantene ikkje vert nedbrotne av regn før hausting, og resultatet kan verta at dei vert med graset inn i surfôrlageret. Då vert i alle fall fôret sporerikt.

Sporene sin runddans.
Når så våronnarbeidet er godt gjort, håper bonden på lagelege forhold for god vekst fram til haustearbeidet startar. Dette arbeidet kan og påvirka sporenivået i fôret. I og med at vi har slått fast at konsentrasjonen av sporer først og fremst finst i jord, overflate og dei 10 nederste cm av graset, gjeld det å unngå å få desse delane med inn under haustinga.
Mange av dei som går rundt og driv leigekjøring, seier dei får skrøyt av bonden når enga ser ut som ein plen etter slåtten, Kort og jamt over alt. Enkelte uttaler faktisk at dette er kriteriet for at dei på ny skal få koma tilbake til oppdragsgjevaren. Dersom slåmaskinen vert stilt så lågt som mogeleg, får vi ein stubbhøgde på 2-3 cm. Då er mykje av det graset som inneheld sporer med. Ein annan effekt av låg stubbhøgd er at då ligg graset veldig nær jorda og vidare arbeid vil medføra at reiskapen må stillast veldig djupt for at graset skal følgja med, anten det er ei rive eller ein pickup som er neste arbeidsreiskap. Faren for då å rota nedi jorda er stor, og med dette også faren for å få med seg sporer frå overflate og jord. Desse sporene vil følga graset uforandra like til gjødsla kjem frå kua, og derifrå vera ein risiko for overføring til mjølka.
Dette viser at rett stubbhøgd, ca 10 cm, er viktig. Næringsinnhaldet i det graset som er under dette er lite og gjenveksten startar fortare med ein høgare stubb.
Erfaringar frå praksis viser at sandgardane ofte har vore meir utsette for å få med sporer i fôret når ein dreiv med fôrhausting som haustemetode. Partiklar og sandkorn frå overflata vart sugd med graset.
Når så graset er berga, skal det ensilerast og lagrast godt. Mange har skifta metode frå tradisjonell tårnsilo til ballar, grop eller utesilo. Det kan då vera aktuelt å diskutere om det tilsettingsmidlet ein har brukt er det rette. Diskuter gjerne dette med rådgivarar innan feltet ensilering.
Her vil eg ta med ein tabell som står i kursopplegget ”Sporefri mjølk”, eit samarbeid mellom Tine og NLR.
Tabell 1
|
Tilsetningsmiddel
|
liter/ tonn |
Smørsyre, g/kg tørrstoff |
Antall klostrdie-
|
A. Tørr-stoff:
|
Uten tilsetning
|
0,0
|
2,0
|
240 000
|
Eddiksyre
|
4,5
|
0,8
|
51 000
|
|
Maursyre
|
4,0
|
0,1
|
9 500
|
|
Melasse
|
35,0
|
0,26
|
32 000
|
|
Foraform
|
4,7
|
0,29
|
8 900
|
|
B. Tørr-stoff.: 29% |
Uten tilsetning
|
0,0
|
0,4
|
70 000
|
Melasse
|
38,5
|
0,1
|
6 000
|
|
NO2 + hexametylen-tetramin (Kofa)
|
2,2
|
0,1
|
6 000
|
Dette viser at forskjellig virkestoff brukt ved forskjellig tørrstoffprosent har ulik påverknad på talet på sporer i surfôret. Dette betyr at vald tilsetjingsmiddel må vera tilpassa gras og ensileringsmetode.
Slett overflate, gjerne tromling av beståande eng
Naturgjødsel med rett konsistens til rett tid
Rett stubbhøgd, ca 10 cm
Rive og pickup rett innstilt, unngå å få jord med graset
Rett dosering av tilpassa tilsetjingsmiddel
Hurtig ilegging.
Dette var faktorar rundt det å unngå at sporer vert med fôret inn i fjøset. Er du i den situasjonen at du trur du har eit fôr med for høgt sporeinnhald, eller har fått påvist sporer i mjølka, er det arbeidet rundt mjølking som kan hindra dei i å koma over i mjølka. I praksis skjer all overføring av sporer frå fjøsmiljøet til mjølk via overflata på jur og spener. Sporene er tyngre enn luft sig til golvet dersom dei vert virvla opp. Det meste av sporene er i fôrrestar og kuskit og fester seg på spenane ved kontakt. Enten når kua ligg eller via kuskit som vert overførd via bein eller skvett på spenane.
Når så kua skal mjølkast, unngår ein å overføra sporene til mjølka med å reingjera spenane slik at alle sporer vert tatt bort av reingjeringa. Tilråinga er minst ein godt oppvridd bomullsklut pr. ku. Er kua ekstra skiten, bruk fleire. Er sporer fortsatt eit problem, kan ettertørking med papir vera ei løysing. Dersom du skal kontrollera om det arbeidet du har utførd er godt nok, kan du ta eit tørt, kvitt papir og ettertørke. Du skal ikkje sjå verken mykje fuktighet eller spor av kuskit på dette papiret om arbeidet er godt nok utførd.
Dersom mjølkinga vert utførd med hjelp av robot, er det andre utfordringar du som bonde står overfor. Det hjelper lite å irettesetja mjølkaren og kommandera den til betre avtørking. På det området blir det stort sett å snakka til døve øyre. Det viktigaste arbeidet då vert å halda lausdrifta så rein som mogeleg. Spalter og gangareal må måkast, liggebåsen må reinhaldast og strøyast med rikeleg med kvalitetsstrø. Eit godt teikn på godt reinhald i lausdrifta, er å sjå på beina til kyrne. Det skal ikkje vera kuskit stort opp over klauvene.
Jurklypp vil og gjera oppgava enklare for roboten, slik som i tradisjonell mjølking.
Dersom du vil kontollera roboten sitt arbeid, kan du gjera slik som eg viste til under manuelt avtørk og bruke eit kvitt, tørt papir etter at roboten har tørka av.
Jur og spenar skal vera tørre før påsett. Vatn som vert liggande på juret vil under mjølkinga sige ned mot toppen av spenegummien, og derifrå verta sugd inn. Dette vatnet vil ofte ha med seg sporer frå overflata av juret.
Fôr utan sporer
Godt reinhald av fjøs og bås
Luftig og tørt fjøs
Rein og tørr spene
Klypping av jur.
Dette var ein del faktorar som vi veit kan påverka sporeinnhaldet i mjølka. Om du vil ha større kontroll med dette, kan ekstra sporeprøver av mjølka vera aktuelle å ta. Dette for å få meir erfaring med korleis situasjonen er i ditt fjøs. Hygieneprøve av dei forskjellige slåttane kan og gje deg svar på om det er fôr du ikkje bør bruka til mjølkekyrne. Dette kan du få hjelp til av TINE- rådgjevaren din.
God våronn.

Tenk over om du bruker rett ensileringsmiddel i siloen.