BONDEVENNEN NR. 17 - 30. april 2010

Beite i ammekuproduksjonen

Karl Vie
Nortura

Beite er ein viktig ressurs i ammekuproduksjonen. Det er vanleg at om lag halvparten av årsfôret til ei ammeku vert teke som beite. Den store utfordringa er å ha jamn tilgang på beite gjennom heile sommaren, både når det gjeld mengde og kvalitet.


Beitegras vert rekna for å vere det billigaste fôret vi kan bruke. Derfor er det viktig at driftsopplegget i denne produksjonen vert tilpassa slik at beite kan utnyttast best mogeleg.
Kalvingstida vil ha stor betyding i høve til å utnytte beite i den tida då fôrtrongen for ku og kalv er størst. Det skjer når kalven er frå 2 til 5 månadar gammal. Då er trongen for mjølk til kalven størst og kalven vil etter kvart vere i stand til gjere seg nytte av beite. Kalving i februar og mars vil vere optimalt i so måte.

Vent ikkje for lenge før beiteslepp

Storfe som går på beite heile døgnet, kan ved gode beiteforhold og gunstige vêrtilhøve, ha ei aktiv beitetid på 10-12 timar.
I dårleg ver vil beitetida og dermed beiteopptaket, bli redusert. Er tilgangen på beite liten eller kvaliteten dårleg, vil beitetida auke. Då treng dyra lenger tid til beiting for å få nok foropptak.
Beiteforsøk har vist at optimal graslengde er mellom 12 og 16 cm for å få størst mogeleg opptak.
Dersom graset vert over 16 cm aukar ikkje opptaket og graset kan lett bli nedtrakka. Det kan derfor lett bli dårlegare utnytting av beite dersom det kjem for langt i utvikling før avbeiting.
Med den tilveksten som beite har tidleg på sumaren, vil dei fleste oppleve at beitegraset veks fortare enn det dyra klarer å ta unna. Det er derfor betre å sleppe dyra i tidlegaste laget framfor å vente til optimal lengde på beitegraset. Slepp gjerne når graslengda er 5 til 8 cm og gje heller tilleggsfôr som overgangsfôring.

Ulike beitemåtar

Mange vil ha tilgang til ulike beitetypar. Det er fleire måtar å utnytte heimebeite på:
Kontinuerleg beite der dyra går på same arealet heile tida. Her er det viktig at ein startar beitinga tidleg før graset kjem for langt.
Stripebeite der dyra får tilgang på ei stripe med nytt beite kvar dag. Høver godt der beite er komme langt.
Skiftebeite der beite vert delt inn i fleire mindre teigar. Her er det lettare å styre beitinga i høve til tilvekst.

Strategi ved bruk av ulike beite

Tal dyr og tilgang på areal vil vere avgjerande for strategi. Tiltak som kan gjerast er:
Kombinere hausting og beiting av innmarka (tilgang på beiteareal)
Beiting og maskinell pussing

Ulik gjødsling

Justere dyretalet etter beitetilgang
Eventuelt redusere antal dyr på eit bestemt beite ved å flytte dyr til andre beiter utover ettersommaren når grastilveksten minkar
Tileggsfôre ut over ettersommar/ tidleg haust.

Samspel mellom heimebeite og utmarksbeite

Det kan vere aktuelt å dele flokken etter beiting av innmarka på forsommaren slik at ein del av dyra går på heimebeite og resten vert sleppt i utmarka. I den perioden storfe er på utmarksbeite, bør heimebeite anten brukast av andre dyr eller pussast maskinelt.

Sambeiting med andre dyreslag

Sambeiting av storfe og sau, anten samtidig eller i periodar, vil auke det totale fôropptaket og verke positivt for beite. Ulike dyreslag vel grovt sett dei same plantene, men kan ta dei på ulike stadium. Ulike dyreslag har forskjellige beitemåtar. Sauene selekterer meir enn storfe og tar bladet på plantene, medan storfe tar både blad og stengel. Sauene vil kunne beite nær gjødselruker frå storfe og utnytte ein større del av arealet.

Overgangsfôring

Det kan vere aktuelt med overgangsfôring i begge endar av beitesesongen. Tilskot av kraftfôr og grovfôr til ungdyr og ammekyr lettar overgangen til beite dei første dagane og gjev og ein positiv effekt ved god kontakt mellom dyr og røktar. For ungdyr kan det vere aktuelt å redusere fôrstyrken dei siste par månadane før beiteslepp ( kompensasjonsvekst).
Grassurfôr i rasjonen den siste tida inne gjev gunstigare overgang til beite enn det høyfôring gjer.
For dei som vil la dyra gå ute utover hausten er det nokre tilhøve som ein må vere merksame på.
Utover mot hausten taper beitegraset seg vesentleg i kvalitet. Dersom ein ynskjer å bruke haustbeite krev det tilleggsfôring, særskilt av tynne kyr, ungdyr og kalvar. Gruppering på ulike skifte er då naudsynt for å unngå at dei største dyra som er best i hald, vil styre ”matfatet”.
Bruk av kraftfôrautomat til kalvane på beite vil gje kalvane nok næring når beitekvaliteten og tilgangen av mjølk frå mora avtar. Erfaringar med bruk av kraftfôrautomat frå midten av august er svært god og det forbetrar tilveksten på kalvane og lettar overgangen til innefôring vesentleg. Alternativet til bruk av automat er betydeleg tidlegare avvenning av kalvane.