BONDEVENNEN NR. 21/22 - 4. juni 2010

Kumjølkskvalitet– Kva vert mjølka testa for og kva seier regelverket til TINE?

Karin Repstad Spanne, Distriktsjef Ryfylke/Haugalandet TINE Meieriet Sør

 

Det blir teke mange analyser av mjølka frå gardstanken.

TINE har eit omfattande regelverk som skal sikre rett bedømming og betaling av leverandørmjølka ut frå den kvalitet mjølka di har. Heile poenget med regelverket er å fremme produksjon av mjølk med høg kvalitet! Difor gjennomgår mjølk frå din gard nærare 200 analysar i året på Tine sine laboratorium. All testing baserer seg på stikkprøvekontroll som leverandørane ikkje skal kjenne uttaksdatoen på.

 

Av alle analysane Tine tek, går om lag 12 analysar inn i berekning av kvalitetsbetalinga du får for levert mengde mjølk per månad! Og det er få stader på garden det er så mange øre å hente per liter mjølk som å levere godt råstoff! Sett deg derfor mål om å liggje i Eliteklassen 12 månadar i året! Det er fullt mogleg! Elitemjølkstillegget ligg i år på 27 øre/liter.

I denne artikkelen går vi gjennom alle analysane Tine tek av mjølka di. Og vi tek med alt, både dei som vert testa direkte i din leverandørprøve, og dei analysane alle leverandørane på same tankbil vert testa for samla.

Kjemisk innhald – feitt og protein

Lat oss starte med dei kjemiske analysane. Dette er testar som finn innhaldet av feitt og protein i mjølka. I same analysen får vi også med verdiane for laktose og urea. Det er som kjent bare feitt og protein som inngår i kvalitetsbetalinga. Normalt skal det tas 2 analysar i månaden og gjennomsnittet av desse er månadens avrekningsverdi. Skulle det skje at Tine tek ut fleire enn 2 analysar pr månad, vil alle inngå i berekninga. Skulle det berre bli tatt ut ein analyse i månaden, vil avrekningsprogrammet velje det beste for deg av denne verdien, eller såkalla basisverdiar som er 4,0 % for feitt og 3,2% for protein. Vi reknar at normal mjølk må minst ha dette innhaldet av feitt og protein, og betaler altså for alle tiendedelar du klarer å liggje over disse basisverdiane. Skulle det av ein eller annan grunn skje at Tine ikkje har nokon analyse i månaden, vel programmet det beste utav basisverdi, avrekningsverdi førre månad med leveranse, eller avrekningsverdi same månad førre år.

Celletal

Så kan vi gå vidare med analyse for celletal. Celletall er tal celler per milliliter mjølk. Mjølka inneheld alltid eit visst tal celler, kvite blodceller og avslitne jurceller. Kua mobiliserer kvite blodceller frå blod til mjølk viss ho får ein infeksjon, mekanisk skade eller anna fysisk belastning for å forsvare seg (betennelsesreaksjon). Normalt celletal i mjølk skal liggje på 10 000- 50 000 celler pr. ml. Dette talet aukar når kua nærmar seg avgjelding og ved mastitt. Følg derfor med på analyseresultata og avslutt leveransen frå kyr som nærmar seg avgjelding før celletalet veks nær elitemjølksgrensa. Eit godt tips er å nytte seg av verdiar på prøvar av kvar ku frå husdyrkontrollen. Der får ein også verdien av geometrisk middel på enkeltkyr av dei 3 siste kukontrollprøvane.

Tine tek vanlegvis 2 analysar for celletal kvar månad. Avrekningsverdien skal vere det lågaste av geometrisk middel av dei 6 siste analysane, eller analysane dei 3 siste månadane (maks 8 analysar). Skulle det ikkje bli tatt analysar ein månad, vert du heller ikkje avrekna for celletal den månaden, og elitemjølkstillegget skal utbetalast. Kravet til elitemjølk er 230 000 celler per ml som geometrisk middel på dei 6 siste prøvane.

Bakteriar

Bakterieinnhaldet i mjølka di vert funne i ein analyse vi kallar bactocount. Denne finn tal enkeltbakteriar pr. ml. I eit friskt jur er mjølka bakteriefri, og under optimale forhold vil vi ha eit nivå på 1000 bakteriar pr. ml mjølk. Viss det oppstår akutt mastitt, svikt i hygieniske rutinar, eller svikt i kjølinga vil bakterietalet stige. Og viss veksttilhøva er gode for bakteriane, kan det stige forbausande raskt på kort tid. Det skal ordinært tas 2 analysar i månaden, og avrekningsverdien skal vere det lågaste av geometrisk middel av dei 4 siste analysane, eller geometrisk middel av analysane siste månad. I berekning av det geometriske middelet vil bakterietal under 50.000 inngå som 50’, og bakterietal over 4.000.000 inngår som 4.000’. Og på same vis som med celletalet vert det ingen avrekning for bakterietal i månadar utan analyseverdi. Har du avrekningsverdi under 100.000 ligg du innanfor Elitemjølksgrensa.

Frie feittsyrer

Denne analysen tek vi fordi den fortel oss kor stabil mjølka er til bruk i produksjon. For mange frie fettsyrer vil gje beisk/harsk smak, som er negativt for produkta våre. I mjølka er feittet verna av ei hinne (membran). Er hinna rundt feittkulene dårleg eller vert skada, får eit såkalla lipaseenzym tilgong og spaltar feittet til frie feittsyrer. For hard handtering av mjølka for eksempel på gardstanken kan skade hinna rundt feittkulene. Vi veit at manglande energidekning i løpet av laktasjonen vil fremme høgare del med frie feittsyrer. Mjølk har også lettare for å utvikle beisk smak mot slutten av laktasjonen. Det er store individuelle skilnader mellom kyr når det gjeld kva mjølkemengd dei må ha før dei utviklar beisk smak. Unngå å levere frå kyr med liten mjølkemengde (under 10 liter/dag). Har ein konsentrert kalving der mange kyr er på same stadium i laktasjonen, må ein vere ekstra på vakt.

TINE testar mjølka for desse frie feittsyrene normalt 2 gonger kvar månad. Her må snittet av analyseverdiane liggje under eller lik 0,9 for å halde elitemjølkskravet. 1. klasse mjølk har same kravet som Elitemjølk i denne analysen. Tippar avrekningsverdien 0,9, vert mjølka klassifisert i 2. klasse. Blir den høgare enn 1,7 er det 3. klasses mjølk. Vert det teke ut fleire enn to analysar tel alle med i avrekninga. Skulle det bare verte ein analyse i månaden, brukast det beste resultat av enten verdien av denne eine analysen, eller avrekningsverdien førre månad. Og som for andre analyser vert det ingen avrekning for frie feittsyrer i månader utan analyseverdiar.

Frysepunkt

I denne analysen vert det testa om mjølka har rett kjemisk innhald. Eit avvikande frysepunkt fortel oss at mjølka ikkje har normal samansetning, og derfor mistar ein Elitemjølkstillegget viss ein får trekk ut frå frysepunktet. Mjølkas normale frysepunkt ligg mellom -0,515 og -0,545˚C. Årsakene til endringar i mjølka sitt frysepunkt vert ofte kopla til innblanding av vatn. Her er det viktig å nemne at også andre årsaker, som kyrne sin tilgang på drikkevatn, feil i vask av mjølkeanlegg og annan feil i produksjonsforholda kan gje høgt frysepunkt. Det vert ordinært teke 2 analysar i månaden, og avrekningsverdien skal vere eit gjennomsnitt av månadens analysar. Dersom det tas fleire enn 2 analysar same månad, tel alle med i avrekninga. Skulle det bare bli ein analyse i avrekningsmånaden, nyttar systemet den beste verdien av denne eine, eller førre avrekningsverdi for frysepunkt. Og som ved andre analysar vert du ikkje avrekna for frysepunkt i månadar utan analyseverdi.

Sporer

Så er vi kome til ein mykje omtala analyse – sporeanalysen. Denne kan føre til store kvalitetstrekk dersom ein får fleire høge analyseverdiar.

Det vert ordinært teke 3 analysar for anaerobe sporer i året, delt på 3 ulike månadar. Analysen skjer med at mjølkeprøven vert fordelt på 3 glas som inneheld eit dyrkingsmiddel. Dersom det skjer vekst i alle 3 glasa, får du verdi høg. Vekst i eit eller to glas gir resultat middel, og ingen vekst vert registrert som lågt. Viser analysen høgt sporenivå i gardstankmjølka ein månad, går ein inn i eit oppfølgingssystem med uttak av teljande prøve neste månad.

Så lenge mjølka er i juret er ho fri for sporer. Sporer kjem over i mjølk ved forureining frå miljøet kua er i. Viktigaste sporekjelde er forureina grovfôr og gjødselrestar. Årsaka til at Tine held slik fokus på disse sporene i mjølka, er kvalitetsproblema dei gir i ferdige meieriprodukt.

Medisinrestkontroll

Tine testar for medisinrestar i prøvar frå alle tankbillass, før innpumping på anlegg. Slik er Tine trygg på at det ikkje går mjølk med medisinrestar inn i produksjon. Ved positivt funn på tankbil, vert prøvane frå alle leverandørane som inngår i tankbillasset testa. Den eller dei leverandørprøvane som gir utslag på medisinrestar sendes så til verifiserande laboratorium. Der skjer den endelege stadfestinga om prøven er positiv. Påvisning av medisinrestar i mjølk fører til store tap både for den enkelte mjølkeprodusent og for industrien i Tine. I 2010 er det nøyaktige trekket for 1. gangs medisinrestpåvisning kr 8.280 for leverandøren. Det vert ikkje gitt Elitemjølkstillegg på månadsleveransen dersom ein testar positivt for medisinrestar. Verifisert positiv prøve fører til at dagsleveransen vert definert til kassert mjølk. Denne vert ikkje betalt, og volumet belastar mjølkekvota.

Det er alltid ei alvorleg kvalitetsglipp når ein finn restar etter medisinsbruk i mjølka. Slike funn skjer heldigvis ikkje ofte. Av alle leveransar Tine totalt hentar, vert det på landsplan årleg avdekka om lag 100 slike leveransar. I dag veit vi at den viktigaste årsaka til at slik mjølk vert levert, skyldas svikt i kommunikasjon med avløysar og mangelfull merking av behandla kyr. Vi minner derfor om å ha gode rutinar på dette med overføring av beskjed til avløysar nå som vi nærmar oss ferietid.

Lukt/smak

Den aller første testen mjølka di gjennomgår er ein lukt/smakstest utført av sjåføren. Før mjølka vert pumpa inn på tankbil skal sjåførane lukte i mjølketanken og eventuelt smake på mjølka, dersom dei er i tvil om den er normal. Viss tankbilsjåføren avviser mjølk ved henting, vert det tatt med prøve til meieriet, som der vert lukta og smakt på av erfarne smaksdommarar. Dei nyttar eit poengsystem for gradene av smaksavvik. Ved 1 eller 2 poeng (sterk smaksfeil) skal den avviste mjølka verken hentas eller avreknas. Får mjølka 3 poeng (antydning til smaksfeil) eller høgare poeng, vert mjølka enten henta eller erstatta av Tine.

Vidare har Tine det vi kallar mottakskontroll av all mjølk. Dette innebærer at alle tankbillass vert smaksbedømde før innpumping på silotank. Dersom lasset har smaksavvik (1, 2 eller 3 poeng) vert alle mjølkeprøvane frå alle leverandørane som inngår i lasset smakt på. Den eller dei mjølkeprøvane med sterk lukt/smaksfeil (1 eller 2 poeng) som har påverka tankbillasset så sterkt at mjølka må vrakas eller verte omdisponert, går inn i avrekning som kassert mjølk og blir ikkje betalt. Volumet vert belasta kvoten og ein mistar Elitemjølkstillegget for heile månadsleveransen.

Til slutt har Tine ein analyse som kallas utvida lasskontroll. Det er også ein lukt/smaksanalyse som blir tatt av tankbillasset, men som først vert utført dagen etter tankbilen har overført mjølka til anlegget. Den skjer ved at det tas prøve av alle tankbilruter minst 1 gang pr. månad, første virkedag etter prøveuttak. Denne prøven blir sett på kjøling, og smakt på dagen etter. Dette for å sjekke kor haldbar og stabil mjølka er. Ved smaksfeil på lasset (1, 2 eller 3 poeng), tas det lukt-/smaksbedømming på mjølkeprøvane frå alle leverandørane som inngår i det aktuelle lasset. Desse har også stått på kjøling til dagen etter. Viss ein finn leverandørprøvar som her får 1 eller 2 poeng, får leverandøren eit kvalitetstrekk på månadsleveransen som svarer til 3.klasse.

Då var vi til endes med regelverket mjølka di blir betalt ut frå. Skulle du ha problem med mjølkekvaliteten håper vi du tar kontakt med oss i Tine Rådgiving og Medlem. Følg nøye med på tankbillappen, og søk hjelp før du mister Elitemjølka! På den måten er du med å sikre Tine godt råstoff, som er det beste utgangspunkt for å lage gode produkt!