BONDEVENNEN NR. 27/28 - 16. juli 2010

Anatomi av magesekken.
0: Den kjertellause kvite del av magesekken. Det er her magesår utviklar seg.
F: Syre og ensym blir produsert her.
Tone Runhild O. Skadsem
Veterinær
Nortura region vest
Magen til gris er bygd opp av ulike cellelag i dei ulike delar av magen. Spiserøyret opnar i den kjertellause kvite delen av magen. Denne delen er ubeskytta og det er her magesår utviklar seg. I mageveggen på motsett side av opninga frå spiserøyret blir syrer og ensym danna. Desse skyler opp på den kvite delen og kan føre til nedbryting av slimhinna. I naturen skal maten leggje seg lagvis i magen, og dermed beskytte den kjertellause delen mot syrepåkjenningar. I moderne svineproduksjon vil denne lagvise fordelinga av fôr sjeldan skje grunna dei fôringshøva me har.
Magesår er dynamiske og kan dukke opp og helast på kort tid. Det ser ut som at magesår er eit aukande problem på gris. Dette kan skuldast større stresspåverknader på dyra grunna auka besetningsstorleikar og produksjonsresultat. Det er og hevda at magesår har ein viss arvbarheit. Manglar ved fôring, vatn og management kan forsterke problema i besetningar.
Storleiken på fôrpartiklar speler ei stor rolle i utviklinga av magesår. Det er ikkje snittstorleiken på partiklane, men prosent av veldig fine partiklar som avgjer om fôrstrukturen er god. Det blir tilrådd å bruke ”mellomgrovt formalt” fôr, der 50% av partiklane er mindre enn 1 mm storleik, 35% mellom 1-2 mm, 12% mellom 2-3 mm og 3% over 3 mm. Kraftfôr med mykje støv er difor uheldig fordi delen fine partiklar aukar.
Vassinntaket aukar ved mengda fine partiklar, og mageinnhaldet blir tyntflytande. Dette fører til ein auke i pH i magesekken, noko som kan skade slimhinna i den ubeskytta delen. Tyntflytande mageinnhald fører til raskare tøming av magesekken, og det reduserer pH’en, som igjen skader slimhinna. Likevel er det ikkje funne forskjell i utbreiing av magesår hjå grisar som har stått på våtfôring og tørrfôring.
Nivå av fiber i fôrrasjonen speler òg inn. Auka fiberinnhald fører til seinare tøming av magesekk. I tillegg betrar fiber ”styrken” i veggen til både magesekk og tarmar. Ei tjukk blanding i magesekken hindrar syrer og ensym å kome i kontakt med den ubeskytta delen av magesekken. Altså, grovfôr er positivt for å verne mot endringar i magesekken.
Stress er ein kjent faktor for utvikling av magesår hjå menneske. Medan du kanskje får magesår av å sjå ein tom grisebinge, vil grisen stresse dersom den blir plassert aleine utan kontakt med andre griser. Innsett i nytt grishus, i ny avdeling, vil stresse purker. Samanblanding av gris, svolt og transport kan òg stresse dyra. Det er viktig å gje purker ro når dei skal ete, og tid til å ete heile rasjonen sin i fred og ro. Her har me nok store utfordringar i praksis, særskilt for purker nederst på rangstigen, men også for mellomrangspurker som må jobbe hardt for å få tak i nok fôr.
I Norge blei det på 60-talet gjort ei undersøking hjå slaktegris som konkluderte med at under halvparten av dyra har ei heilt normal mageslimhinne. Ei dansk undersøking i 2002-2004 påviste endringar i magen hjå 75% av 775 slakta purker. Hjå 28% av desse purkene var endringane karakteriserte som alvorlege.
Helsetjenesten for svin er nå midt i ei undersøking der me kartlegg førekomst og gradering av magesår hjå purker på tre slakteri i Norge. Purkene blir graderte frå 0 til 11, der 0 er normal mageslimhinne og 11 er akutt blødande magesår.
I undersøkinga vil me og forsøke å kartleggje besetningar med låg og høg førekomst. Vidare er det ynskjeleg å kartleggje moglege risikofaktorar. Produsentar blir kontakta etter registrering for å kartleggje fôring og utsjaltingsårsaker.
Det er for tidleg å seie noko om resultat i den norske undersøkinga som pågår. Men det tyder på at det ikkje er mindre endringar i magen enn den danske undersøkinga syner. Førebels er grad 0, altså ei normal slimhinne, sjeldan. Mange purker har ei fortjukka slimhinne som svar på mindre fôrings- og miljøstress. Me trur førebels at graderingar over grad 5 har klinisk betydning for purka. Ein betydeleg del av purkene får gradering over 5. Dette tyder på at me har store utfordringar på magesår hjå purker, noko me må arbeide saman om for å løyse.

Grad 0 Slimhinna er normal.

Grad 3 –eit vanleg syn. Kraftig forhorning av slimhinna.

Grad 6. Det er store sår i slimhinna. Dette har definitivt klinisk betydning for purka.

Grad 8, alvorleg, djuptgåande magesår med kraftig arrdanning.