BONDEVENNEN NR. 35 - 3. september 2010
Inge Dubland
Rådgiver, TINE

Klimaet i fjøsa er eit resultat av ventilasjonen, vind og ver ute, og bygningen sin tilstand. Eit kaldfjøs er bygd med store opningar i vegger og tak, slik at frisklufta skal strøyme inn i store mengder og temperturforskjellen inne og ute er liten. Dette er eit naturleg ventilert fjøs. Medan dei tradisjonelle fjøsa vi framleis har flest av, er avhengige av eit mekanisk system som skifter ut lufta i fjøset.
Til dette bruker vi som kjent ei eller fleire vifter. Deira oppgåve er å presse ut den brukte fjøslufta og dermed lage eit undertrykk inne i bygningen. Vi oppgjev kapasiteten på viftene i m3/t. Når undertrykket er skapt kan vi opne friskluftinntak ( ventiler eller andre opningar) og frisklufta kjem inn der vi har plassert opningane. Dette er viktig å vere merksam på. Det er plasseringa av friskluftinntak som er viktig for ventileringa av eit bygg, ikkje vifta.
For at frisklufta skal kome inn i bygningen slik vi ønskjer, bør farten på den vere 3-4 m/sek og inn langs taket. For at dette skal skje må forholdet mellom kapasiteten eller arealet på friskluftinntaka og viftekapasiteten vera i orden. Det er og viktig at luftstraumen frå friskluftinntaka ikkje støyter på hindringar som lysrøyr. Luftstraumen kan då verta pressa rett ned for eksempel på bakpart og jur til kyrne.
Lufthastigheten i dyra si opphaldssone skal vere låg og ikkje høgare enn 0,2 m/s ved vanlig romtemperatur om vinteren. I varme periodar om sommaren kan derimot høg lufthastighet verke gunstig.
Opningar nede mot golvet vil føre til at kald luft kjem inn lågt i fjøset. Fordi den kalde lufta er tyngre enn varm luft, vil ikkje den blande seg og det oppstår eit kaldere sjikt langs golvet der kyrne ligg med juret og der kalvane ligg.
Dersom opningane, ventilar og andre opningar som luker, dører og vindauge overstig eit visst areal, vil heile undertrykket falle og ein får svært dårlig ventilering av delar av bygningen. For kvar m3 vifta dreg ut, skal arealet på friskluft inntaket vera 0,00015 m2. Som eksempel: Dersom du har eit fjøs der viftene gjev 15.000 m3/t, skal arealet på friskluftinntaka vere 2.25 m2.
Dersom du då opnar ei dør på 2 m2, vil mest heile arealet vere oppbrukt i døra, undertrykket vil falle bort og klimaet i fjøset vil vere veldig ujamt og dei fleste plassane dårlig.
Så har du ein bygning som skal ventilerast med vifter, er det viktig å halda dører og luker igjen og tilpasse friskluftinntaka til viftekapasiteten.
Nå vil mange seie at dette stemmer ikkje med praksis. Dei må opne dører og luker for å få eit betre klima i fjøset. Da er det som oftast fordi kapasiteten på viftene er så altfor liten. Og når dører, vindauge og luker vert opna får ein eit tilnærma naturleg ventilert fjøs. På sommaren kan dette fungere veldig godt, men i den kalde årstida er dette ikkje eit system som sikrar alle dyra i fjøset optimale forhold.
I tabellen viser eksempelet korleis vi reknar ut behov for viftekapasiteten i eit fjøs. Her kan du setja inn dine tal og finne ut behovet i ditt fjøs. Du gangar kravet med tal dyr.
Ei ny veggvifte med diameter på 60 cm vil ofte ha ein kapasitet ca 5.000- 6.000 m3/t. På eldre vifter som har stått i fleire år i fjøset, måler vi som regel ein kapasitet på 4.500-5.000 m3/t. Kapasitet på eldre vifter har mykje med reinhald og vedlikehald å gjera. Vi måler stadig at vifter har under 50% av den kapasiteten dei skulle hatt.
Så har du eit behov på ca 15.000 m3/t, bør du som regel ha 3 vifter av nemnde storleik for at viftene skal kunne dekke maksimumsbehovet haust og vår.
Ein faktor ein ikkje skal gløyme ved val av vifter er at dei bør ikkje svive med ein fart over 900 o/min. Vifter over dette støyar så mykje at det er over reglane for hold av produksjonsdyr og det går ut over bonden sitt arbeidsmiljø.
Dei beste viftene med mest stabil kapasitet utan påvirkning av ytre forhold, er vifter montert i kanal oppover. I høgbygg er dette ei utfordring. Dei kan monterast langs vegg på utsida av bygningen med gjennomføring i fjøsveggen. Med vifte i kanal oppfyller ein og kravet til nødventilasjon. Dersom du ikkje har nødventilasjon (ventilasjon som fungerer ved straumstans) er det krav om alarm knytt til ventilasjonsanlegget.
Dersom romvolumet i fjøset er så lite at dette fører til at lufta i fjøset må skiftast meir enn 20 gangar i timen, må ein tilpassa kapasiteten etter bygningen sitt romvolum. Det er fare for at frisklufta vert trekk.
Ventilasjon er viktig for å frakte ut overskotsvarme, fukt og skadelige gassar. Dyra produserer mykje varme. I tillegg må gassar som karbondioksid (CO2), ammoniakk (NH3) og hydrogensulfid (H2S) ventilerast ut for å halde god luftkvalitet i rommet.
Dersom vi ikkje ventilerer dei uønska tinga ut og erstattar dei med frisk uteluft, får vi eit klima i fjøset som gjer at produksjonen går ned og sjukdom aukar. I eit fjøs med 20 kyr og like mange ungdyr produserast det 10 liter med vatn i timen.
Dersom storfebøndene ser over til fjørfe og svinebøndene sine satsingar på god ventilasjon, vil dei oppdage at det er ingen der som sparer på ventilasjonen. Der er det slått fast at god ventilasjon må til om produksjonsresultata skal vera på topp.
Dette er nok gjeldane for storfe òg. Særlig tilvekst på veksande dyr og mindre sjukdom på mjølkekyr og kalvar.
Eit anna moment som du skal tenke på, er at det miljøet dyra dine står i er ditt og andre, t.d. barna sitt arbeids- og opphaldsmiljø.
Å få sjekka ventilasjonen er relativt enkelt. Med måleutstyr og røykmaskin får du ein god reiskap til å avgjera om du kan forbetra klimaet i fjøset ditt.
Ta kontakt med din TINE rådgivar.
Slag |
Krav |
Døme |
Døme |
Dine |
Ditt |
Ku |
400 |
20 |
8.000 |
|
|
Kvige |
250 |
15 |
3.750 |
|
|
Okse |
300 |
10 |
3.000 |
|
|
Kalv |
85 |
10 |
850 |
|
|
Sau |
40 |
|
|
|
|
Geit |
40 |
|
|
|
|
I alt |
XXX |
XXX |
15.600 |
|
|

Dårlig reingjering kan redusere viftekapasiteten med over 50%.
