PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 38  – 22. SEPTEMBER 2006

Siger over byråkratiet


Ein stendig større del av landet vårt hamnar innafor ei eller anna vernesone. Vi registrerer at Nationen slo stort opp at den nye miljøvernministeren, Helen Bjørnøy; ikkje har verna eit einaste område etter snart eit år i regjering. Men meir vern er rett rundt hjørnet. For grunneigarane betyr vern mindre råderett over eigedommen. Mange bønder føler seg overkjørte av styresmaktene. Dei har snart ingen ting dei skulle ha sagt.

Då må den ferske dommen i Høgsterett som gav full siger for sauehaldarane i Rendalen i Hedmark komma som ei særs gild nyhet. Endeleg nådde grunneigarane fram i kampen mot offentleg forvalting og byråkrati.

Dette er ei sak Nationen har dekka godt. Med heimel i dyrevernlova kravde den lokale dyrevernnemnda at bøndene sanka inn sauene frå utmarka fordi det var rovdyr i området. Saueeigarane fekk ikkje sleppa sauene ut att i utmarka verken dette året eller dei to neste, fordi det framleis kunne vera rovdyr i området. At forvaltinga skulle kunna nekta grunneigarane å ha dyr på eigne beiteområde på ubestemt tid, fann sauehaldarane urimeleg. Saka gjekk til topps i rettssystemet. Sauehaldarane vann i Tingretten, tapte i Lagmannsretten, men vann full siger i Høgsterett.

Dermed kan den offentlege forvaltinga ikkje nekta sauehaldarar retten til å senda sauene ut på beite, sjølv om det er fare for rovdyr i området. Staten må i staden sørgja for å ta ut skadedyr, slik at beiting kan skje utan store tap.

Problemet med rovdyr er heller ikkje ukjent her vest i landet. Vi har i sommar fått melding om sauer og lam som er drepne av rovdyr også i Rogaland. Det er observert både ørn, gaupe og jerv. Ørna til og med med eit lam i klørne. Men skal ein nå fram i byråkratiet, må ein dokumentera overfor viltforvaltaren at dyra verkeleg er drepne av rovdyr. Det er ikkje alltid enkelt. Slett ikkje sommarstid med høg temperatur. Då tek det ikkje lang tid før det er uråd å dokumentera dødsårsaka, sjølv om ein finn kadaver. Om ein likevel greier det, kan ein nok oppnå erstatning for skaden i buskapen. Men å få fellingsløyve på rovdyra, er verre. Ugjerninga kan vera utført av streifdyr, og dei må ein tola, meiner forvaltinga, som slett ikkje alltid står på saueeigaren si side.

Meir rovdyr gjer sauehald vanskelegare. Det er vondt å vita at saueflokken når som helst kan bli angripen av rovdyr. Resultatet – ikkje minst i Rogaland – blir meir bruk av heimebeite og mindre heieføring av smalen. Ein lang tradisjon med å senda sau på fjellbeite står i fare for å bli broten.

Dersom resultatet blir nedgang i sauehaldet, aukar tilgroinga. Det vil gjera det berre meir attraktivt å slå seg til for rovdyra, og såleis forsterka rovdyrproblema. Dei ivrigaste rovdyrtilhengarane set kanskje pris på ei slik utvikling. Dei bur oftast i byane. Men bygdefolk vil oppleva det som negativt. Både trivsel, sysselseting, turisme og kommuneøkonomi vil komma ut med minus.

Sympatien har i store delar av samfunnet vore på veg bort frå sauen og over til rovdyra. Tendensen her aukar gjerne med avstanden til sau og bygdemiljø. Denne avstanden er svært lang for personar med makt over rovdyrpolitikk og forvalting, som gjerne befinn seg i Oslo-gryta. Saman med aukande tilgroing som gjer det lett for rovdyra å gøyma seg, betyr vel dette at vi også her vestpå må innstilla oss på ei framtid med større rovdyrskader enn før. Dermed får den nemnde dommen i Høgsterett etter kvart meir å seia også på Sør-Vestlandet. Om då ikkje det offentlege omgår dommen med å laga nye lover.