PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 43 23. OKTOBER 2009

Feltmuggsopp produserer gift – mykotoksin - i norsk korn. Emnet er svært aktuelt rundt i heile landet, spesielt i dei miljøa som er avhengige av eit stabilt og godt kraftfôr. Signala om at problema med mykotoksin er tiltakande, er klare. Det er alvorlege signal.
Det er svineproduksjonen som lir mest av aukande innhald av mykotoksin. Men dersom ein prøver å skjerma denne produksjonen, ved å ta det beste kornet til svinefôr, vil det føra til meir konsentrert toksin i fôret til andre dyreslag. Då flyttar ein bare problema. I tillegg er det nærast uråd å ta så mange prøvar frå eit kornparti at ein kan garantera nivået av soppgifter.
Høgt innhald av mykotoksin i kraftnfôret er uheldig av fleire grunnar. Det er dreier seg om dyrevelferd. Ingen produksjonar ynskjer merksemd på grunn av dårleg dyrevelferd. Det dreier seg om økonomi. Kjem nivået av mykotoksin over ein viss terskel, går det ut over trivsel og produksjon, og dermed rett inn i økonomien. Ikkje minst dreier det seg om psykisk press på bonden. Det er ikkje så mykje som er verre for ein bonde enn å oppleva at dyra lir utan å kunna gjera noko med det.
Det skal svært mykje til før eit kornparti blir avvist på grunn av høgt innhald av mykotoksin. Råda frå tilsynsorganet er å blanda parti med høgt innhald med parti med lågt innhald, for å ”tynna ut”. Men ein kjenner ikkje innhaldet av mykotoksin i alle tonna med korn, og om ein gjorde det, ville ein altså overført problem frå éin produksjon til ein annan.
Det er særs krevjande for kraftfôrindustrien å takla høgt innhald av mykotoksin. Kundane vil lett hevda at alle problem i produksjonen skuldast kraftfôret. Vi skal ikkje ta stilling til slike spørsmål her, bare slå fast at problemet gjeld heile denne industrien, og at det er viktig med einsarta reaksjonar på klager. På kort sikt må påviste produksjonstap på grunn av toksin, erstattast. Det gir ei solidarisk fordeling av problema, mellom dei som blir råka og dei som ikkje blir det. Men det er ikkje ei langsiktig løysing. Det vil føra til auka kraftfôrpris og økonomiske utslag for alle, og ein løyser ikkje det som går på dyrevelferd og psykisk påkjenning. Den einaste løysinga ligg i at kraftfôrindustrien får korn av akseptabel kvalitet.
Nokre vil kanskje oppfatta det som ein kamp mellom korn- og husdyrprodusentar, men det er feil. Norsk kornproduksjon har inga framtid om ikkje husdyrhaldet har det. Alle er i same båt.
Då står vi att med følgjande: Det må setjast inn nødvendige tiltak i dyrkinga av norsk korn for å få ned innhaldet av mykotoksin. Korn som ikkje held mål, må nyttast til anna enn fôr til dyr.
Norsk kornproduksjon skil seg frå dei fleste andre produksjonar, som blir styrte av avtalar. Kundane må få påverknad på kva artar og sortar som blir dyrka, det må i større grad bli betalt etter kvalitet, og korn som ikkje held nødvendig kvalitet, må kunna avvisast som dyrefôr.
Vi har ikkje oppskrifta på alle aktuelle tiltak, og kva som må prioriterast, men vi veit at tida nå er mogen for at noko må gjerast, og vi veit at mykje kan gjerast.
Ei viktig årsak til aukande innhald av feltmuggsopp blir sagt å vera mindre pløying, og spesielt mindre haustpløying, enn før. Dette skuldast miljøkrav, for å hindra avrenning av jord og næringsemne frå nypløgd jord gjennom vinteren. Då kan eit aktuelt tiltak vera å grava fangdammar for oppsamling av slam frå avrenning etter haustpløying.
Klimaendringar, med våtare haustar, kan også spela inn, og det er vanskeleg å gjera noko direkte med dette. Men god jordkultur, rett arts- og sortsval, og sprøyting mot sopp, kan vera aktuelle rådgjerder.
Kornpolitikken må liggja fast, både det som går på kanalisering, altså at kornproduksjoen skal konsentrerast til dei områda i landet som er best skikka til det, og at vi skal bruka mest mogleg av det norske kornet til mat og dyrefôr innanlands. Importvernet er heilt sentralt her. Men internasjonalt blir det brukt ein del førsteklasses korn til produksjon av biobrensel. Då kan det vera ei løysing å nytta norsk korn, som ikkje er brukeleg til mat eller fôr, til slik produksjon, og så heller importera noko meir. Alt må skje innafor eit strengt importregime.
Desse spørsmåla blir drøfta på eit stormøte på Undheim i Time neste veke. Det hastar å finna løysingar som heile landbruket kan stå bak.