PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 44 30. OKTOBER 2009

I haust er det viktige utgreiingsarbeidet om fraktordningar og fraktutjamning i landbruket sett i gang. Dette er ei oppfølging av det som blei avtalt i jordbruksforhandlingane i mai, då tida var for knapp til å ferdigbehandla saka. Vi forstår utsetjinga, men det var leitt at saka ikkje var utgreidd på førehand, slik at ein kunne kome lengre alt då. For det hastar verkeleg.
I dag er det noko innfrakttilskot på egg, det er delvis fraktutjamning for mjølk og det er noko frakttilskot for korn/kraftfôr. Men det manglar innfrakttilskot eller -utjamning for kjøt.
Dei som konkurrerer med samvirke, hevdar ofte at det ligg økonomiske fordelar for samvirke i å ha ansvaret for marknadsregulering. Vår påstand er at ansvaret i dag er ei økonomisk bør. Det er likevel ikkje noko alternativ til at samvirke har denne oppgåva.
Godtgjersla til samvirka for å ha ansvaret for marknadsregulering, er skoren sterkt ned dei siste to tiåra. Dei politiske og økonomiske rammevilkåra for samvirkeindustrien i distrikta er sterkt endra. Det er rasjonell industri som tel i dag. Konkurransevridinga blir formidabel.
Som marknadsregulator har samvirkeorganisasjonane mottaksplikt. Når kostnadene til frakt stig prosentvis meir enn produktprisane til bonden, gir dette konkurransevriding. Om vi held oss til kjøt, er det udiskutabelt at konkurrentane til samvirke i middel har lågare fraktkostnader. Forskjellane mellom kjøtsamvirket og deira konkurrentar er i sum i hundremillionars-klassen. Konkurrentane satsar på å få mest mogleg av produksjonen sin frå nære og store produsentar, og gjer ikkje noko galt med det. Det er ein del av konkurransen, men har sine konsekvensar.
Det er vår påstand at mottaksplikta og tilhøyrande forskjellar i fraktkostnader er med og undergrev det som blir avtalt i jordbruksavtalane. Vi grunngjev dette slik: Samvirka er i alle samanhengar prisleiande, sjølv om dei ikkje alltid kjøper og sel til best pris. Konkurrentane set sine prisar der dei må for å konkurrera. Det er dette som er konkurranse. Når samvirka så har høgare fraktkostnader, blir konkurransekrafta deira svekt og utbetalingsevna redusert. Då kjem ein inn i ein spiral. Konkurrentane kan heile tida plukka frå den mest lønsame enden og tilby overpris. Samvirket sine fraktkostnader pr. eining stig, spiralen held fram nedover.
På eit fagseminar i Norges Vel den 22. oktober understreka landbruksminister Lars Peder Brekk at eit hovudmål for regjeringa sin landbrukspolitikk er å sikra eit landbruk med variert bruksstruktur i heile landet. Skal ein lukkast med det, må landbrukssamvirket lukkast med sitt arbeid, sa han. Skal samvirket lukkast, må fraktkostnadene snarast utjamnast, seier vi.
Det er to vegar til dette. Den eine går på full, intern fraktutjamning mellom alle aktørane i marknaden. Vi snakkar då både om produkt bonden sel og om kraftfôr. Sjølv om det ikkje kjem friske pengar, vil ein bryta spiralen som går nedover, alle vil tena på det, og føresetnadene i jordbruksavtalen om pris til bonde kjem nærare oppnåing. Den andre, og beste vegen, er friske tilskotspengar, som kompenserer fullt for høgare fraktkostnader. I tida framover blir det behov for å finna stader der ein kan setja inn meir tilskotsmidlar til jordbruket, for å nå inntektsmålet for næringa. Det blir vanskeleg å ta ut særleg meir i produktprisar dei næraste åra, og det er avgrensa kor mykje ein kan auka andre tilskot.
Vi vil her peika på at om ein får til eit system med full fraktutjamning, så er det ein del distriktstilskot som kan takast bort, til dømes til dei kraftfôrbaserte produksjonane. Dersom det då skal gjevast ekstra distriktstilskot til desse produksjonane for å gjera lønsemda betre i distrikta enn i sentrale område, bør det gjevast som tilskot pr. dyr og ikkje pr. kg kjøt. Vi vonar Norges Bondelag nå er villig til å gi frå seg tidlegare oppnådde tilskotsordningar, dersom ein får noko betre i staden.
Full fraktutjamning vil medverka til at føresetnadene i jordbruksavtalane kan oppfyllast, gjennom meir rettferdige konkurransevilkår. Ingen pengar over jordbruksavtalen vil ha større inntektsmessige utslag, påstår vi. På andre sida vil det bli meir interessant for andre aktørar enn samvirke å operera ute i distrikta, der fraktkostnadene er så høge at dei ikkje vil satsa i dag. Då oppfyller ein samstundes det høgt prioriterte målet for mange: Auka, reell konkurranse.
