PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 45 6. NOVEMBER 2009

Ta mjølkeproduksjonen. Nyleg las vi på nytt i Nationen om samdriftsbønder som kjende seg svikta av Staten og Bondelaget. Det var ikkje økonomisk grunnlag for å driva vidare, etter at dei mellom anna miste særtilskotet til samdriftene.
Når store samdrifter ikkje greier å driva rekningssvarande utan ekstra tilskot og må gi opp, set det medlemmene i ein veldig vanskeleg situasjon. Samstundes er det eit alvorleg varsku om at økonomien i mjølkeproduksjonen ikkje er berekraftig. Går det ikkje å oppnå økonomisk drift med t.d. ein halv million liter i mjølkekvote, korleis kan då middelprodusenten med 100.000 eller 150.000 liter i kvote greia seg?
Nyleg høyrde vi eit innlegg av ein rekneskapssjef på Jæren som fortalde at bruk med kvote på 150.000 liter gjerne oppnår 300.000 kroner i inntekt. Det kan gå på eit vis så lenge ein slit på gammalt utstyr, men er alt for lite til å finansiera store investeringar, som fornying av driftsbygningen. Dermed blir det slutt på mjølkeproduksjonen når fjøset ikkje lenger held mål. Eller ein må prøva lukka i samdrift.
Ein kan spørja korleis dette stemmer med målet til Regjeringa om å oppretthalda ein variert bruksstruktur over heile landet. Mjølkeproduksjonen skal jo vera fundamentet i jordbruket. Ein variert bruksstruktur må vel også inkludera mjølkebruk med produksjon under midlet? Viss ikkje, er snart det distriktspolitiske argumentet om å oppretthalda busetnad og sysselsetjing på bygdene utan verdi.
Tilbake til statistikken: 320 produsentar vil selja kvoten, mot 460 i 2008. Samstundes har 560 hivd seg på den nye ordninga av året om bortleige av kvote. Desse vil då slutta av produksjonen i eige fjøs. Dermed vil fleire slutta av produksjon enn før, ikkje færre.
Statistikken seier vi har 15.300 produsentar av kumjølk, men også at det berre er 11.700 søkjarar om produksjonstilskot til mjølkeproduksjonen. Og at sistnemnde tal har minka med 850 siste året. Det gir ein avgang på 6,8 %.
Dette gir eit anna inntrykk over utviklinga enn 1,7 %, som også må korrigerast med 270 honningprodusentar. Desse er med som ny gruppe og fører nedgangen i søkjartalet langt over 2%.
Auke i talet på samdrifter gir fleire føretak og dermed fleire søkjarar om produksjonstilskot, sjølv om det ikkje blir fleire bønder. Det er ofte lite omfang på den drifta som er att etter sal/utleige av kvote. Oppsplitting av drifta på fleire føretak hos enkelte, bidreg også til å halda oppe talet på søkjarar. Vidare har både nedgang i botnfrådrag og ditto krav til omsetning dei siste åra, truleg ført til at ei rekke produsentar som elles ville vore ute av statistikken, så vidt hanglar med ennå.
Vi kan ikkje setja tal på alt dette, men vi kjenner oss slett ikkje trygge på at bruksavgangen er i ferd med å stoppa opp. Jordbruksoppgjera har vore betre enn på Sponheim si tid. Men også under den raud-grøne regjeringa aukar inntekta frå arbeid utanom bruket kvart einaste år. Bøndene som gruppe blir altså stadig meir avhengig av inntekter utanom for å greia seg. Vi ser fram til at Regjeringa snur den trenden.
