PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 46 – 13. NOVEMBER 2009

Utflytting av makt

Det er med interesse vi les debatten rundt utflytting av verksemd og makt i Statoil. Eintydige politiske vedtak seier at hovudkontoret i dette konsernet, med Staten som majoritetseigar, skal liggja i Stavanger. Men så har Statoils styre, sjølvsagt under sterk påverknad av konsernleiinga, over tid vedteke å flytta verksemd og makt bort frå Stavanger, både til Bergen og Trondheim, men i det siste mest til Oslo. På Fornebu skal det byggjast kontor av dimensjonar som ikkje liknar ein filial. Stavanger reagerer, både næringsliv og politikarar, men Statoil er sjølvsagt mykje sterkare. Marknadskreftene rår, må vite, der som andre stader.

Stavanger er eit pressområde, og Statoil har vore sterkt medverkande til det. Vi skal i denne samanhengen ikkje ha sterke meiningar om det er rett at heile verksemda blir liggjande her. Men vi kan ikkje unngå å interessera oss for saka om flytting. Vi mistenkjer at ynsket om flytting, av mange oppfatta som ei ”snikflytting”, er styrt av sentrale personar i konsernet som vil flytta arbeidsplassen nærare der dei bur. Offisielt er flyttinga grunngjeven med at dei delane av verksemda som blir flytte, bør liggja nærare miljøa akkurat dei skal samarbeida med. Med dagens kommunikasjonar betyr det ikkje noko om avstanden til hovudbølet blir større.

Då vaknar vi litt, og tenkjer på andre store konsern. Ja, vi tenkjer på landbrukssamvirka våre, Nortura og Tine. I løpet av dei siste 8 – 10 åra har dei gjennomført ei storstilt sentralisering av makt, og jamvel om det blir forsøkt framstilt annleis, blir dette stadig forsterka. Men sjølvsagt med det reine operative ansvaret lokalt. Det som då ligg att av styring lokalt, er detaljstyring, med lite slingringsmonn til å tilpassa seg lokale tilhøve, og eigentleg med svake drivkrefter til forbetringar.

Det kjem oss av og til for øyra at medlemmer melder seg ut av Nortura og Tine fordi det er vanskeleg å nå fram i konserna med fornuftige synspunkt. Av og til betyr dette meir enn pris og økonomi. Då er kanskje avstandane til toppen for store. Om dette er rett, kva då? Kunne dei som har det overordna ansvaret for produsent-/medlemsretta arbeid, inklusive prissetjing og forståing av medlemmene sine reaksjonar på dette, få kontorplassering utanfor Oslo? For å føla stemninga meir ”på kroppen”? Til dømes kunne vi føreslå Jæren, nært innpå sterke produsentmiljø med sterk konkurranse. Kort veg frå produsent til leiing er ikkje dumt. Og ikkje minst at produsentane føler at dei har reell påverknad. Så kunne ansvaret for andre funksjonar, som drift, personalleiing og kva det måtte vera, leggjast ut til andre distrikt, nærare der skoen trykkjer enn i Oslo.

Grunngjevinga for den sterke administrative og styringsmessige sentraliseringa i samvirka, er den vanlege, at det er så store fordelar i å ha administrasjonen samla. Då hjelper det ikkje at det er like godt vit ein eller annan stad der ute i distrikta. Vi slår i alle høve fast at argumentasjonen og konklusjonen avvik frå Statoils.

Vårt håp om at makt blir flytt ut att er ikkje stort, motførestillingane er garantert mange. Men kva om Statoil har rett, at det kan vera fordelar med å splitta administrasjonen? Kva om det er rett, at mange samvirkemedlemmer føler avstanden er for stor inn i konsernet, og ville blitt meir lojale av nærleik? Kva er risikoen med å reversera sentraliseringa litt?
Vi trur at nærleik er viktig. Vi trur også på at det er viktig at det er eit visst slingringsmonn i organisasjonen for å gjera mindre, lokale tilpassingar. Sjølv innafor stramme rammer for likebehandling i heile landet, går det an å gjera lokale tiltak tilpassa den verda ein lever i. For konkurransesituasjonen er ulik. Mange av kontaktutvalsleiarane, og leiarane på regionnivå, veit kva vi snakkar om.

Så trur vi på nærleik mellom heile organisasjonen og medlemmene. Dei tilsette i organisasjonen må visa at dei bryr seg om dei som skaffar levebrødet deira. Til dømes med kontakt med dei medlemmene som melder seg ut. Å stilla spørsmål om årsaker og kva som kan gjerast. Men aller best å syta for at ingen melder seg ut. Blant mykje anna har det med nærleik og medverknad å gjera, også i høve til leiinga langt opp mot toppen.

Vi trur at drivkreftene til stadig å forbetra seg aukar med auka ansvar og nærleik til leiinga. Også det dreier seg om desentralisering av makt. Kanskje kunne ein her teke med seg meir av det beste frå tida med distriktsorganisasjonar?