PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 47 20. NOVEMBER 2009

I førre veke var det eit møte om jordvern i Hå. Det var Senterpartiet som arrangerte møtet, og møtelyden var dominert av ”senterpartistar” og bønder som er truga av nedbygging for delar av gardane deira. Slik sett kan ein seia at forsamlinga ikkje var representativ for heile kommunen. Ynsket om strengt jordvern var samrøystes.
Med på møtet var statssekretær i Landbruksdepartementet, Ola T. Heggem, og stortingsrepresentant Geir Pollestad frå Sp. Dei er kanskje heller ikkje representative for alle politiske miljø når det gjeld synet på jordvern, men dei sit i sentrale maktposisjonar. På møtet målbar dei eit restriktivt syn på jordvern, men med vanlege politiske atterhald om behov for nye areal til vekst, og om lokalt sjølvstyre også i arealspørsmål. Rett skal vera rett, dei snakka mykje om fortetting kontra utbreiing på nye areal. Vi oppfatta også at lokalt sjølvstyre i arealspørsmål først og fremst er teori. Det må overvaking og, om nødvendig, overstyring til.
Det mest gledelege innslaget kom frå ein arealplanleggjar utanom landbruksnæringa og –miljøet, arkitekt Sindre Reime. På kart synte han den enorme utbygginga som har vore i det beste landbruksområdet i landet, Jæren. Dei siste 50 åra har gulfargen som markerer utbygd areal auka skræmande. Med same halslause tempo i utbygginga framover vil det ikkje ta mange tiår før det er meir gult enn grønt. Minst like alvorleg er den sterke oppdelinga av landbruksområda med bustader, vegar og industri og kva det måtte vera. Nord-Jæren er svært langt på veg øydelagd som landbruksområde for framtida på grunn av denne oppstykkinga. Det er bråhast med å verna desse områda for alle slag rasering.
Sindre Reime har analysert Jæren nøye i si diplomoppgåve, og kunne ikkje sjå at måla om å oppehalda Jæren som landbruksområde, og kommunane sine mål om vekst ved utbreiing på stadig nye areal, kan kombinerast. Jordbruket kan bare bergast om nedbygginga stansar.
Han meinte det ikkje er veg utanom å trekkja endelege grenser for utbygginga. I eit langsiktig perspektiv blir alt anna å lura seg sjølv. Då kan ein like godt setja endelege grenser nå som om nokre år. Samstundes må det vera rom for vekst. Men det ligg enorme potensial for betre utnytting av dei områda som alt er utbygde, ved fortetting. Å breia seg ut på nye areal er ikkje utvikling, det er bare meir av det same, meinte Reime. Han peika spesielt på kor godt det ligg til rette for fortetting i stasjonsbyane langs jernbanen på Jæren. Og så har Jæren-regionen store lågproduktive areal i sør og aust.
Dersom vi verkeleg meiner noko med jordvern, må vi akseptera nye buformer, der alle ikkje kan ha sin eigen hage, men at ein får mykje større buvolum og fleire busette pr. arealeining. Fortetting må skje etter plan. I staden for eigen hage, må uteareal i større utstrekning bli fellesareal. Ei stor endring, men ikkje bare til det verre, felles uteareal er sosialt. Bustader tilpassa ulike livsfasar er også viktig. Reime fekk stor tilslutnad til sine tankar.
Ola T. Heggem presenterte regjeringa sine planar om å innføra forbod mot nedbygging av dyrka og dyrkbar jord i dei beste jordbruksområda, og der presset er størst. Saka er ute til høyring. Det ligg mykje positivt i dette, men framlegget blir i beste fall bare ein del av løysinga for eit sterkare jordvern. For det må gjerast vedtak for kvart enkelt område som skal vernast, og det tek i alle høve tid. Oppfølging av plan- og bygningslova blir viktig, men viktigast er å få til ei haldningsendring hjå folk flest, og at politikarane syner mot.
Når ein har sett litt av dårleg utnytta arealressursar sørover i Europa, spesielt i Aust-Europa, og på andre kontinent, kan ein få problem med å argumentera for vern av steinfull jord i Norge. Det er ikkje mangelen på jordbruksareal som gjer at ein milliard menneske ikkje får nok mat i dag. Det er eit fordelingsspørsmål. Men dette er i 2009.
Greier ein å sjå litt lengre enn kommunale planperiodar, blir biletet svært annleis og langt meir trugande. Mange av oss både fryktar og trur på ei alvorleg klimakrise om ikkje altfor lenge, med kollaps i dei klima- og vêrsystema vi har i dag. Det kan påverka matproduksjonen dramatisk. Og folkeauken held fram globalt. Kva om nåverande eksportland for mat skrur att kranane for mat, fordi dei treng denne sjølv? Då treng vi kvar kvadratmeter her i ”steinrøysa”.
Det kan konstruerast mange ulike alternativ for tilgangen på mat i framtida. Men skal vi ikkje vera føre var? Og kvifor ikkje like godt setja endelege grenser mot dyrka jord først som sist? Éin gong må det gjerast. Det er snakk om mykje politisk mot. Planleggjarane har løysingane.