PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 48 27. NOVEMBER 2009

Landbruksministeren har annonsert ei nny stortingsmelding om landbrukspolitikken. Det er på høg tid, så raskt som det meste endrar seg nå. Vi har avgrensa tru på at ei slik melding vil løfta næringa så mykje som det er behov for, men vil sjå på noko av det vi meiner er sentrale spørsmål. Så kjem det nok meir etter kvart.
Korleis skal kapitalbehovet til fornying av bygningsmassen i landbruket løysast framover? Det er knapt lønsamt å byggja nytt i nokon produksjon i dag. Er det andre løysingar enn ein radikal auke i statlege tilskotsmidlar? Lønsemda må aukast i dei ulike produksjonane. Likeeins må avskrivingsreglane for bygg endrast. Men desse tiltaka er langt frå nok i høve til gapet mellom investeringskostnader og avkastinga på desse.
Rekrutteringsspørsmålet heng mykje saman med lønsemd og kapitaltilgang, og må stå heilt sentralt. Får ein nødvendig rekruttering i heile landet utan ei sterk betring i lønsemda? Korleis skal ein løysa generasjonsskifta i høve til stor gjeldsbør på mange bruk, og ynsket om at avtroppande generasjon skal få litt att ved salet av garden, både til eigne behov, men også med tanke på eit framtidig arveskifte i familien? Spørsmålet er ikkje enklare der nye brukarar overtek eit bruk utan gjeld, men som er forsømt med investeringar over lang tid.
Det må til ein grundig gjennomgang både av gjeldande og nye mål for næringa, om desse er oppnådde, og korleis dei kan oppnåast i framtida. Det gjeld i alle høve inntektsmålet, som er svært langt frå å vera oppfylt. Nå vil vi spesielt trekkja fram spørsmål rundt struktur- og distriktspolitiske mål.
Det vil bli særleg viktig å sjå på samanhengar, og på forhold som undergrev politiske mål. Vi registrerer at Rema 1000 nå vil starta eggpakking sentralt i Trøndelag, med oppbygging av eggproduksjon tilknytt dette pakkeriet som svarar til 15 – 20 % av forbruket i Norge. Slakterikonsern medfinansierer store grisehus, og då så nær slakteria som råd er. Frittståande meieri betaler overpris for mjølka i høve til samvirket, og konsentrerer sitt mottak til områda nær meieria. Er alt dette i samsvar med distriktspolitiske mål?
Slakteri- og meierisamvirket har i kraft av mottaksplikt, og dårlegare rammevilkår også på andre område, klare konkurranseulemper. Fraktkostnader til inntransport av kjøt, og dei store tilskota til konkurrerande meieri, er døme på det. Samvirka er prisleiande og då undergrev konkurransevilkåra føresetnadene i jordbruksavtalen. Konkurranse skulle gitt vinst for alle. Men er det slik, for primærprodusenten? Når samvirket taper konkurransekraft, får vi ein nedgåande prisspiral som gjer at alle taper, og dei avtalte pengane i jordbruksavtalen forsvinn i andre enn bøndene sine lommar. Er dette interessante spørsmål i ei stortingsmelding?
Landbruksministeren har annonsert ein gjennomgang av makta til matvarekjedene. Vi er ikkje optimistar i høve til kva som kjem ut av dette, overmakta er stor. Men det ligg mange interessante problemstillingar her. Enkelte kjeder prøver seg nå på vertikal integrasjon, til dømes med nemnde eggpakkeri. Med dei pengebingane kjedene disponerer, vil dei kunna kryss-subsidiera, konkurrera ut eksisterande industri og tena meir pengar i neste runde. Blir bøndene leiglendingar att? I tillegg til dette spørsmålet, er det jo svært interessant å sjå på kva dei mektige kjedene sikrar seg av den totale verdiskapinga, og om dette kan regulerast. La oss håpa at politikarane viser styrke, sjølv om vi ikkje er optimistar.
Landbrukspolitikken har hatt klare mål om sysselsetjing og busetjing som sentrale element i distriktspolitikken. Mellom anna har dei kraftfôrbaserte produksjonane vore sentrale her. Skal dei vera det, eller er toget gått? Kva med all importert/leigd arbeidskraft i landbruket, spesielt på store einingar i sentrale område? Det skal jo vera arbeidet bøndene skal leva av, om vi har forstått det rett. Spesielt i den grøne sektoren, men også i husdyrbruket, fjernar ein seg meir og meir frå desse måla. Anten må måla reviderast, eller så må det konkrete tiltak til for å oppfylla eksisterande mål.
Jordbruket og påverknadene på klimaet ved ulik struktur og ulike driftsformer er også sjølvsagte emne i ei stortingsmelding i dag. Må ein alt nå starta å tilpassa seg ei tid med langt mindre bruk av fossilt brensel? Påverkar dette strukturen i næringa?
Det skal bli interessant å følgja arbeidet med den nye meldinga. La oss bare håpa at politikarane torer ta tak i dei verkeleg vanskelege spørsmåla.
