PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 50 – 18. DESEMBER 2009

Jul 2009

Mange opplever at kvart år går litt raskare enn det føregåande. Det har noko med alder å gjera, men det har også med at vi skal bli litt meir effektive år for år, få gjort meir. Og har ein det travelt, fyk tida av garde. Spørsmålet er om ein har det for travelt, om for mykje av tida er bunden til plikter. For stadig fleire i landbruket blir svaret ja – trur vi.

Vi ynskjer alle å ha noko å gjera, og ha nok å gjera. Men presset kan bli for stort. Då kan det vera verd å stansa litt. Arbeidspress er ofte eit resultat av eit økonomisk press. Det siste er delvis eit resultat av klare behov, vi må ha nok pengar til eit rimeleg godt liv. Delvis er det eit press frå omgjevnadene, eit følt press - for å kunna måla oss med andre.
Er vi flinke nok i kvardagen til å balansera liva våre? Spørsmålet gjeld så mange område, men det gjeld i alle høve i måten vi bruker tida på. Greier vi å balansera det å leva ”i nuet”, altså å nyta augneblinken og kjenna etter at vi har det godt, med det å minnast fortida og å vera opptekne av framtida. Dei fleste av oss er nok til ei kvar tid for opptekne av fortid og framtid, og for lite opptekne av å kjenna etter kor godt vi har det akkurat nå.

Greier vi å sjå alt det positive i vårt eige tilvere, eller er vi for opptekne av at andre har meir enn oss, at det stadig er nye ting vi må ha, og må arbeida hardare for å oppnå?
I Bondevennen har vi ofte reportasjar frå andre land, også frå fattige land. Både folk flest og bøndene der har langt andre, og dårlegare, kår enn hjå oss. Dei har sitt å stri med, og dei er neppe like blide alltid. Men vi unngår ikkje å sjå at dei er glade og nøgde når vi møter dei, og dei deler gjerne med andre det vesle dei har.

Vi får då stadfesta det vi veit om rikdom, velstand og lukke. Når vi har fått dekt dei grunnleggjande behova, er målet på rikdom og velstand noko relativt. Då ser ein at når andre ikkje har det betre, er det meste bra. Kunne vi her hjå oss gleda oss meir over det vi sjølve har, i staden for å måla oss mot andre, ville vi hatt eit betre liv.
Vi får heldigvis ein del tilbakemeldingar på det vi skriv i Bondevennen. Nokre meiner at vi i reportasjar er for positive, og bare trekkjer fram dei som har lukkast. Det gir eit urealistisk bilete av stoda i landbruket. Ja, vi trekkjer fram det positive, for å syna at det går an. Mange har eit godt liv og trivst som bønder, eit av dei viktigaste yrka som finst.

Så får vi også høyra at vi på leiarplass er for pessimistiske og dyrkar det negative. Dette er demotiverande for dei som tenkjer å bli bønder. Vi forstår desse synspunkta òg. Då er vi inne på balansen mellom det å sjå at livet som bonde og bondefamilie er eit rikt liv, med det å kjempa for rettferdig løn for innsatsen. I vårt samfunn står rettferd høgt i kurs. Når rettferdskjensla blir utfordra, greier vi ikkje å gleda oss over vår eigen situasjon, trass i at dei fleste av oss har det vi eigentleg treng.

Det er heldigvis slik at dei fleste bøndene også er bønder fordi yrket har mange kvalitetar som går på anna enn romsleg økonomi. Men timeløna ligg langt under det andre yrke kan tilby. Konsekvensane er etter kvart svært synlege rundt i landet. For den enkelte bonden gir det seg uttrykk i at han og ho må arbeida meir enn det som godt er for å greia pliktene sine. Då taper det gode liv som bonde noko av glansen. Vi vil vera opptekne av dette også framover.

Året 2009 kan plasserast i rekka av når på det jamne for næringa vår. Då finn vi både pluss og minus. Stortingsvalet var godt for næringa, meiner dei fleste, men vi ser samstundes at det ikkje blir lett å nå fram i regjeringa med rettmessige krav. Nortura var i djup krise, det går mykje betre nå, men vegen vidare er både bratt og glatt. Vêret har vore ei passe blanding, og alt etter kor ein bur, kva ein driv med og kor positivt ein ser på livet, vil ein koma fram til kvar sin konklusjon på om det var godt eller dårleg.

Livet må vera ei blanding av godt og mindre godt for at vi skal utvikla oss, ha utfordringar og ikkje minst for å kunna setja pris på dei gode dagane. Det blir nok av utfordringar i 2010 også, men det kan liggja akkurat nå. I jula må vi kunna ta oss tid til å tenkja meir enn elles, og til å sortera tankane – ikkje minst å få fram alt det positive. Det er nok å ta av for dei fleste.
Vi takkar for følgjet i 2009.
Ei fredfull, god jul og eit godt nytt år til dykk alle!