PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 1 – 8. JANUAR 2010

Nytt år

Nå kring årsskiftet blir vi overfløymde av oversyn over året som er omme, både i trykte media, på skjerm og i radio. Som vanleg ei blanding av godt og mindre godt. Og så er det alltid mange som gjerne vil spå om året som nett er i gang. Spådommane blir akkurat det, spådommar med ei blanding av treff og bom.

Ein generell konklusjon vi kan trekkja frå utviklinga i 2009, som åra før, er at dei fleste av oss som lever i Norge, har trekt eit vinnarlodd. Vi har det godt, og betre enn dei fleste. Så er det også slik at ein del fell utanom, også hjå oss, og det er liten tvil om at forskjellane aukar. Vi skulle gjerne sett større solidaritet, og då ikkje bare hjå andre, men også hjå oss sjølve.

Meir enn nokon gong elles i året kjem vår økonomiske situasjon til syne i jula. Berga av nyttige og unyttige julegåver til dei yngste aukar for kvart år, og kan umogleg vera av det gode. Det går på kva haldningar vi skaper, det går på berekraft for heile kloden vår med eit slikt overforbruk, og det går på kjensler i høve til korleis folk har det i fattigare land. Vi kunne ynskja å stilla tida tilbake fire-fem tiår i høve til alt sløseriet rundt jula.
Vi har lett for å gløyma den relativt nære fortida. Utviklinga i delar av landbrukssamvirket, og i 2009 spesielt i Nortura, er tydeleg teikn på det. ”Alle” meiner norsk landbruk er avhengig av eit sterkt landbrukssamvirke, men stadig fleire ser ut til å meina at ”andre” må syta for at vi framleis har det. Kor mange er det som tør tenkja seg ei framtid i norsk landbruk utan sterke samvirke?

Det var likevel på høg tid at Nortura gjekk i seg sjølv. Endeleg ser ein resultat, men veg­en fram er lang. Vi trur på at Nortura skal gjera sin del av jobben. Så må avtalepartane i jordbruket tilby like konkurransevilkår, og bøndene må ta ansvar for at organisasjonen er så sterk at han kan utføra oppgåvene sine. Det er viktig å vita at det er mykje opp til bøndene sjølve å syta for ei organisering som tryggjer framtida. Dette stiller krav både til den enkelte bonden og til bøndene samla. I ein utvikla økonomi betyr måten ein organiserer seg på stadig meir - i alle næringar.
I dette bladet rettar administrerande direktør Ola Bekken i Felleskjøpet Rogaland Agder sterk kritikk mot Norges Bondelag for manglande vilje til å gå inn i, og tolka føresetnadene i, marknadsordninga for korn. Vi må venta at ein organisasjon som Bondelaget vil manna seg opp til å seia frå også ovafor partar som laget har kontornærleik til, og til å kunna stå opp mot den største av to partar, når det er nødvendig. For Bondelaget vil gjerne framstå som ansvarleg for næringspolitikken og ordningar knytte opp til denne.
Den sterke jordverndebatten som har vore i 2009, styrkjer trua på eit sterk­are jordvern. Då trengst klare haldningsendringar, men også sterkare lovfesta vern av dyrka jord. Lovframlegget om sterkare jordvern, som nå har vore ute på høyring, er sabla ned av fleirtalet i ein del kommunestyre. Det blir ropa på lokalt sjølvstyre, og sagt at lovframlegget ”osar av mistillit” til det kommunale sjølvstyret. Dette er for så vidt rett oppfatta, men det ikkje bare osar av mistillit, det er rein mistillit. Og denne er rettkomen. Det er nok å sjå på Jæren.
Det er med spenning vi ser fram til den nye stortingsmeldinga om landbrukspolitikken. Når det går vel 10 år mellom kvar melding, blir det ein stor ryddejobb. Éi sak er å få meir pliktande mål om inntektsutviklinga i næringa. Men det er òg behov for å sjå på dei ulike politiske måla, og få meir samsvar mellom mål og verkemiddel. Det er ikkje bare snakk om meir pengar til næringa, men ein meir målretta bruk av dei ein alt disponerer – altså meir samsvar mellom mål og bruk av midlar. Dette vil vi nok koma tilbake til i mange høve.
Ja, utfordringane er mange og store for jordbruket også i 2010. Sjølvsagt er det slik at næringa framleis er heilt avhengig av politisk vilje. Men det er også viktig å vera klar over at svært mykje ligg til næringa sjølv å ordna opp i. Det gjeld både bøndene som solidarisk gruppe og den enkelte bonden.


Vi ynskjer alle eit godt 2010!