PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 2 15. JANUAR 2010

Ei strengare dyrevernlov løyser ikkje åleine problema med dyretragediar på norske gardsbruk.
Dyra sine rettar blir styrkt. Frå 1. januar i år er kvar og ein av oss som har mistanke om at dyr lid, plikta etter lova å melde i frå til styresmaktene. Av andre endringar i Dyrevernlova kan nemnast at den som skal skaffe seg kjæledyr, må vere over 16 år. Samstundes kjem det endeleg, svart på kvitt, at sex med dyr er forbode.
Det er dei færraste av oss som ikkje helsar desse endringane velkomne. Anten vi held dyr til glede og som ein hobby, eller vi held produksjonsdyr i næring, er vi opptekne av at dyra skal trivast og ha det både trygt og godt. Ei streng og fornuftig dyrevernlov kjem ikkje berre dyra til gode. Truverdet til norske matprodusentar står og fell på at bøndene greier å oppretthalde eit positivt rykte i høve til korleis dei steller dyra sine. Forbrukarane vil gjerne fylle handlevogna med norske kvalitetsvarer frå både kjøt-, oste- og mjølkedisken. Det gjer dei lettast dersom dei ikkje har ubehagelege nyhendeoppslag på netthinna.
Om vi ønskjer det aldri så mykje, er det ikkje slik at ei nyoppdaga dyretragedie kan ryddast opp i stilt og roleg – til beste for bonden som er råka av tragedien og til beste for næringa. Ei dyrevernsak er godt stoff for media, og dei skræmande bileta vert lagde ut på Internett omtrent samstundes med at politiet trillar inn på gardstunet.
Bak ei avdekka historie om produksjonsdyr som lid, står oftast ein bonde i djup fortviling. Det er eit steg i rett retning at slaktebilsjåføren, naboen eller produksjonsrettleiaren no faktisk bryt lova dersom han eller ho ikkje melder i frå ved mistanke om at noko er gale. Ei bekymringsmelding vil gagne både dyra og bonden. Vi håper at dette vil medverke til at styresmaktene med dette får gripe inn med turvande tiltak slik at bonden og dyra hans får hjelp før det har blitt for ille. Men det vil uansett vere vel seint. Hjelpa skulle kome lenge før.
Kva om styresmaktene saman med næringa retta innsatsen mot førebyggjande tiltak? Utan at det går an å samanlikne direkte, er førebygging hovudårsaka til at talet på trafikkdrepne i fjor var rekordlågt, på nivå med 1955. Førebygging nyttar.
Ein kan undre seg over kva som er årsaka til at eit gardsbruk utviklar seg til å bli åstaden for ei dyretragedie. Det er ikkje tvil om at kvardagen til norske bønder har blitt langt tøffare dei siste åra. Arbeidspresset innan landbruket har blitt større, medan lønsemda i mange høve er redusert. I tillegg kjenner mange på einsemd. Auka dokumentasjonskrav og ein veksande papirhaug på kontoret aukar stressfaktoren hjå mange. Det å gå åleine med problemet med å få dei økonomiske endande til å møtast, kan i seg sjølv vere nok til at ein kjem inn i ein vond sirkel som det kan vere uråd å kome ut av åleine.
Dei færraste har nok sjølvinnsikt til å sjå faresignala. Og dersom ein kjenner at det ber galt av stad, er det dei færraste som er tøffe nok til å opne seg for ein kollega eller samarbeidspartnar og be om hjelp. Særleg dersom det har kome så langt at det går ut over dyra.
Hjelpa er å finne, men den som søkjer hjelp, må sjølv ta initiativet. Langt frå alle greier det. Landbrukets HMS-teneste, rekneskapslaget eller bankrådgjevaren er meir enn gjerne med på å førebygge. Ein prat i tide med naboen eller partnaren om det som trykkjer, er ofte det som skal til for å kome vidare med ei kursendring og ein lettare kvardag. Førebygging handlar også om vår plikt som medmenneske å våge å stille spørsmålet: korleis har du det?
Vi trur ikkje at det er god nok førebygging på dei mange tusen einmannsføretaka som driv med husdyr, å berre styrke dyrevernlova. Endringane er positive, men vi fryktar at styresmaktene med Mattilsynet i spissen har begynt å nøste i feil ende.
Dei som endrar lovene må, saman med bøndene sine organisasjonar, sjå bak dei leie dyrevernsakene. Det er på tide at også Mattilsynet, Departementet og landbruksforvaltninga vedgår at årsaka oftast er mykje meir samansett enn at det berre handlar om ein person som ikkje har gjort jobben sin i fjøset.
Styresmaktene sin jobb må ikkje berre vere å lukke ei enkeltmappe etter at eit ulukkeleg og psykisk knekt menneske er frådømt retten til å halde dyr. Ei erkjenning av at rammevilkåra til den norske bonden er sterkt medverkande til dei fleste dyretragediane, gir styresmaktene eit medansvar. Det ansvaret bør vere med i det raudgrøne bakhovudet når ny jordbruksavtale skal på plass til våren.
![]()