PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 3 – 22. JANUAR 2010

Viss det er slik

Like før jul registrerte vi store oppslag om at konsernsjef Geir Olav Opheim i Nortura vil ha betalt for samfunnsoppgåver organisasjonen har. Administrerande direktør Dag Henning Reksnes i KLF, Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund, gjekk sjølvsagt sterkt i mot, og fekk tilslutnad frå landbruksministeren. Deira ordbruk stadfestar, heller enn avkreftar, at her er noko å ta fatt i. Også konsernsjef Opheim sine val av ord kunne med hell vore annleis.

Nå etter jul ser vi at leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag vil ha meir reell konkurranse om mjølka, og vil ha redusert særtilskota konkurrentane til Tine får. Politikarar frå høgresida går sjølvsagt mot. Det same gjer NHO, ein pris Tine har valt å betala ved å stå utanfor NHO.

Viss det er slik at Nortura har konkurranseulemper i dag, i kraft av mottaksplikta med tilhøyrande høgare transport- og strukturkostnader enn konkurrentane, må saka tola drøfting. Som marknadsregulator har Nortura, og skal etter vår meining ha, mottaksplikt i heile landet. Vår tru er at dette gir høgare gjennomsnittlege tran­sportkostnader enn konkurrentane. For å kunna ta mot slakt frå heile landet, er det ei grense for kor lang avstand det kan vera mellom slakteria. Nokre anlegg blir då små, og ikkje konkurransedyktige med dei store slakteria. Dersom det er meirkostnader i høve til det konkurrentane har, er det rett å ta opp saka.

Transportkostnader og –tilskot er jo under utgreiing nå, men det bør vera ei overkomeleg sak også å rekna på strukturkostnader, altså kva det kostar å slakta ved små slakteri i høve til store. Då må ein også kunna finna om det er forskjellar mellom samvirke og konkurrentane. Dermed er det ikkje sagt at alle kostnader i dag skal aksepterast i reknestykket.

Viss det er slik at det er reelle forskjellar, må desse kompenserast, anten over jordbruksavtalen, eller med omsetningsmidlar. Det må i alle høve ikkje skje at slike kostnadsforskjellar blir brukte til å pressa ut små produsentar i distrikta. I høve til konkurransen mellom samvirke og andre, vil ei utjamning av kostnadene ha fordelar og ulemper for alle partar. Samvirke kan få betra sin konkurransestyrke i sentrale område, medan konkurrentane vil bli styrkte andre stader. Bøndene får alternativ i heile landet.

Viss det er slik at særtilskota til konkurrentane til Tine over tid har endra konkurransestyrken i eine eller andre retninga, må alle tola ei ny vurdering av dette. Er det konkurranselikskap når alle mjølkeprodusentane er med og finansierer ein overpris hjå konkurrentane på 14 øre pr. liter? Og er dei andre særtilskota som skal dekkja kapitalavkasting og strukturkostnader på rett nivå, uavhengig av motteke mjølkevolum? Dette må ein kunna rekna på ny på, utan å gjera det altfor komplisert. Skal konkurransen for lang tid framover kosta alle mjølkeprodusentane 8 øre pr. liter utan å vita om dette samla sett gir nokon vinst?
Viss det er slik at konkurrentane til samvirka i dag har økonomiske fordelar, kan dette då undergrava jordbruksavtalen? Ved at konkurransefordelar gir meirinntekter som går til privat kapital utanom landbruket, eller det går til å ta ein større del av den mest lønsame produksjonen. Dette vil i så fall pressa utbetalingsprisen i samvirka. Den vonde sirkelen ein då kjem inn i, vil undergrava jordbruksavtalen, og ta av midlane som skulle kome bøndene til gode. Viss på andre sida ei slik utgreiing av konkurransesituasjonen syner at det er samvirke som har fordelar, må ein ta konsekvensen av det òg. Bøndene sitt beste må stå i fokus.
Viss det er slik òg
Investeringane i nybygg i landbruket har gått dramatisk ned i 2009, landet sett under eitt.

Viss det er slik at det nå blir bygd for lite til å fornya bygningsmassen i husdyrproduksjonane i store delar av landet, må ein få fram tal for dette. Då må det finnast løysingar, som vil avhenga av kursen i framtidig landbrukspolitikk, men vi trur éin konklusjon vil bli at det må inn offentlege midlar av heilt andre dimensjonar enn i dag. I alle høve må ein våga å gjera utrekningane. Vi føler oss rimeleg sikre på at knapt noko bygg til husdyrproduksjonar i dag er lønsamt ut frå vanlege driftsøkonomiske vurderingar. Dette forverrar seg år for år.

Dette er spørsmål avtalepartane i jordbruket må gå inn på raskt. Dei høyrer heime både i jordbruksforhandlingane i år, og i den nye stortingsmeldinga om landbrukspolitikken. Spørsmåla kan i alle høve ikkje bare skyvast til sides. Konsekvensane blir større for kvart nytt år.