PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 4 – 29. JANUAR 2010

Nye fjøs med eller utan robot

Skal ein finansiera fjøset gjennom Innovasjon Norge, må ein leggja fram eit reknestykke som syner at investeringa er lønsam i seg sjølv med tilskot og rentestøttelån.

Slik økonomien er på mjølkebruk i dag, er det vanlege problemet å få investeringa til å bli lønsam, og problemet er større jo mindre driftsomfanget er.

Felles for – skal vi seia moderate driftsomfang – er at ein må basera seg på mjølkestall, og ikkje på robot, for å få reknestykket betre.

Problemet er at ein stor del av ungdommen kvir seg for ei framtid der dei må gå i fjøset til faste tider tidleg morgon og ettermiddag 365 dagar i året, minus dei dagane dei greier å skaffa seg - eller har råd til avløysar. Det er ikkje slik dei har det i andre yrke.

Med mjølkerobot blir kvardagen mindre stressa på mjølkebruket. Då kan ein godt sova frampå når ikkje noko spesielt står på, utan at det går ut over dyra og driftsresultatet. Og ein kan dra ut på kaffibesøk søndag ettermiddag. Likevel må ein til ei kvar tid vera budd på at robotalarmen kan kima på mobiltelefonen. Ein har altså vakt 24 timar i døgnet.
Mjølkerobot kostar kring 1,2 millionar kroner. Mjølkestall rundt 500.000. Verdien av spart plass med robot kan setjast til 150 - 200.000 kroner. Skilnaden mellom desse løysingane er då 500 - 600.000 kroner. Det meste av denne skilnaden kan ein utlikna ved å kjøpa brukt robot. Prosjektleiar Geir Undheim i Folkefjøset på Jæren seier det er tilgang på brukte robotar i Danmark, som ein kan få ferdig monterte i norske fjøs for 700 – 800.000 kroner. Undheim meiner også desse har lang levetid. Då blir prisskilnaden liten så langt det gjeld investering. Men avskrivingar, rentekostnad og driftskostnader er mykje høgare. Eit stykke på veg kan dette bli kompensert av høgare yting som følgje av at kyrne blir mjølka oftare, og av noko innspart arbeidstid. Vi trur fridommen roboten gir betyr så mykje for mange at dei er villige til å spara kostnader på andre område, t.d. på traktorkjøp, og meiner robot i stor grad bør kunna godkjennast som alternativ til mjølkestall. For mange er robot ein førestnad for at dei skal vera interesserte i å investera i mjølkeproduksjonen.

Undheim planlegg Folkefjøs ned til 30 kyr. Var det høve til å få utstyrt desse med robot – gjerne ein brukt – ville interessa for å investera og driva vidare, vore større. Det same gjeld sjølvsagt for nye fjøs.

Det er likevel ikkje berre robot som gjeld. Mange lever godt med mjølkegrav, og ser det som den beste løysinga. Vi har snakka med fleire som ikkje ønskjer robot. Vi vil tru det også er tilgang på brukte mjølkestallar, slik at ein kan komma rimeleg frå dette. Årlege service/vedlikehaldskostnader ligg ned mot det halve av robot. Frå Idar Nedrebø, salssjef service i DeLaval får vi oppgitt desse til 28.000 kroner på 2 x 6 fiskebeinstall som høver til 50 kyr, og 43.500 kroner på robot inntil 50 kyr, 48.000 kroner mellom 50 og 60 kyr og 7.000 kroner til over 60 kyr. Robot krev i praksis også eit automatisk fôringssystem for grovfôr.

Totalt sett er mjølkestall det klart det billegaste alternativet, og særleg i mindre fjøs. Dette blir også synleggjort i ein artikkel om dette temaet i neste nummer av Bondevennen.

Innovasjon Norge er noko restriktive, men ikkje avvisande, til brukt utstyr. Dette gjeld vel då både robot og mjølkestall.
Vil det vera rimeleg å gå på akkord med Innovasjon Norge sitt krav om at eit kvart byggeprosjekt må vera lønsamt i seg sjølv? Gjeld dette kravet i praksis i dag?

Vi har vanskeleg for å forstå at det let seg gjera å oppnå både arbeidsvederlag og kapitalavkastning ved bygging av vanlege nye lausdriftsfjøs med dagens rammevilkår.
Ein aukande del av familieinntekta kjem frå arbeid utanom garden. Kva med å sjå familieinntekta samla, og la all inntekt på og utanom garden subsidiera nybygg dei første åra, der familieinntekta er stor nok til at dette kan gjerast med liten risiko? Denne risikoen kan det vera opp til banken å vurdera. Slik kan fleire få høve til å byggja eller oppgradera fjøs av moderat storleik og gjerne installera mjølkerobot, om dei ønskjer det. Og det kan bli litt meir realisme i styresmaktene sitt mål om å oppretthalda mjølkebruk av variert storleik over heile landet.

På andre sida er det eit spørsmål kor lenge vi kan basera norsk landbruk på dugnad og idealisme. Dei økonomiske vilkåra i mjølkeproduksjonen er alt for dårlege.