PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 5 – 5. FEBRUAR 2010

Nokre er likare enn andre

Kjære barn, og dei som er mindre kjære, har mange namn. Slik er det også i dei ulike avrekningssystema for varer bonden leverer, spesielt for kjøt. Grunnprisen er bare eitt av mange element i den prisen pr. kg som bonden til slutt får. Dei andre elementa i samla pris består stort sett av ulike tillegg. Vi skal her bare sjå på dei som er differensierte etter kvantum.

I ei ikkje altfor fjern fortid, 20 - 25 år tilbake i tid, med langt lågare konsesjonsgrenser i kraftfôrbaserte produksjonar, og der leveransane frå dei enkelte bøndene jamt over var langt lågare enn i dag, var avrekningsprisen til bonde lik for alle. Lik pris pr. kg, uavhengig av levert mengde, var praksis, og blei nærast rekna som eit prinsipp i samvirke. Men det er likevel ikkje eitt av dei grunnleggjande, internasjonale samvirkeprinsippa.

Etter kvart som produksjonen kunne utvidast, auka forskjellane i leveranse mellom bøndene. Konkurransen mellom samvirket og andre aktørar blei skjerpa. Dei bøndene som hadde størst produksjon var dei mest attraktive. Det er meir lønsamt å ta inn ein stor flokk til slakt frå éin produsent i høve til det same tal dyr i sum frå fleire. Samvirke sine konkurrentar kunne bruka differensiert pris som konkurranseelement. Dei gjorde ikkje noko galt med det.

Det har etter kvart blitt aksept for at også samvirke kunne nytta kostnadsbetinga avrekning. Den enkelte bonden får eit trekk eller eit tillegg alt etter dei kostnadene eller meirverdiane han eller ho tilfører fellesskapen. Trekka og tillegga har hatt mange namn, men prinsippet om at dei er knytte til reelle meir- eller mindrekostnader, har lege fast. Så har det etter kvart vorte hevda at tillegga har gått ut over dette, at det er betalt tillegg ut over det kostnadsbetinga, fordi leveransen har vore stor, og viktig for mottakar. Då snakkar vi om strategisk prising.
Vi har motteke til dels sterke reaksjonar på dei nye leveringsvilkåra for gris som Nortura sette i verk frå nyttår, der puljetillegga for større leveransar er auka sterkt. Eitt av innspela vi har fått, er eit døme der ein produsent leverer 90 slaktegris i éin omgang. Dette er samanlikna med at fem produsentar leverer same talet til saman. I puljetillegg og stoppavgift blir differansen kr 10 500 som den eine produsent­en får meir enn dei fem til saman.

På samvirkekonferansen til Samarbeidsrådet for landbruksorganisasjonane i Rogaland nyleg, blei det spurt om ikkje alle medlemmene i samvirke er like, eller om det nå er slik at nokre skal vera likare enn andre. Styreleiar i Nortura, Sveinung Svebestad, var heilt klar på at Nortura nå praktiserer strategisk prising. Tillegga for store leveransar er klart større enn sparte kostnader i desse leveransane.

Vi forstår sjølvsagt at det er viktig for Nortura å sikra seg leveransane frå dei største produsentane. I mange høve har desse nyleg bygd ut, og vil vera med lengst inn i framtida. Og å tapa desse leveransane kan bli dyrare for fellesskapen enn den meirprisen ein nå betaler.
Men med å leggja seg på ei slik line, bryt ein med gode, aksepterte prinsipp, og opptrer på konkurrentane sine premissar. I høve til politiske ynskje om landbruk med variert bruksstruktur over heile landet, er ein ute å køyra. Det blir hevda at ein undergrev sentrale landbrukspolitiske føringar. Dette kan kosta dyrt. Her må vi sjølvsagt ta med at politikarane heller ikkje har så mykje å gjera seg til av, dei held ikkje løfta til landbruket.

Bakgrunnen for den strategiske prisinga skal vera sterkt press frå store svineprodusentar på begge sider av Oslofjorden som truga med å gå ut av Nortura. Men ser ikkje desse at når ein i dag slit med å ta ut gode nok prisar i marknaden for ulike kjøtslag, er det fordi Nortura ikkje har styrke nok i høve til kjedene? Kva då om Nortura blir ytterlegare svekt? Kva om alle dei som i dag produserer nokre få hundre slaktegris, avviklar? Korleis skal ein då omfordela? Å gå frå kostnadsbetinga til strategisk prising er eit så vesentleg sprang at det krev solid forankring blant medlemmene. Er dette i orden?

Problema i dag ligg i at den samla kassen i Nortura er for liten. Det er mange årsaker til det, men også at ein venta for lenge med sterke kostnadsreduserande tiltak. Når desse etter kvart kjem på plass, saman med auka innfrakttilskot og andre tiltak, vil konkurransestyrken bli ein heilt annan. Alle produsentar bør kunna ha litt is i magen akkurat nå, og ikkje bryta ned solidaritet og gjensidig tillit. Leveringsvilkåra må gjennomgåast på ny.

Det er vanskeleg i alle livets samanhengar å forsvara at nokre skal vera likare enn andre.