PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 6 12. FEBRUAR 2010

Opp gjennom åra er det slått fast at landbruket, med ”sitt” departement, skal ha ansvaret for å sikra arealgrunnlaget for norsk matproduksjon. Likeeins at landbruket har ansvaret for å produsera mat, og for å oppfylla ei rekke andre mål. Næringa har meint at fordelane med å ta dette ansvaret nærast aleine er større enn ulempene. Denne ”sanninga” har sett seg.
Få sanningar er evige. Også om kven som best kan ta ansvaret for levande bygder og for norsk matproduksjon. For med dei rettane som ligg til ei utvida landbruksnæring, inklusive Landbruksdepartementet, til å forvalta eigne ressursar og eigen økonomi, burde også følgja plikter. Det er etter kvart svært synleg at det offentlege har svikta pliktene sine.
Ansvaret for vern av den dyrka og dyrkbare jorda har sortert under Landbruksdepartementet, i samspel med andre departement. Så har ein prøvd ulike modellar for forvaltingsnivå, altså å delegera ut avgjerdsretten til fylkes- og kommunenivå – og å ansvarleggjera desse. Når dette nå har mislukkast, prøver Staten ved Landbruksdepartementet å stramma til att, ved nok ein gong å sentralisera forvaltinga.
Kommunane, som gjerne vil skalta og valta med jorda som det passar dei, protesterer. Vi registrerer at dei prøver å skyva bøndene føre seg, ved å peika på at desse, som grunneigarar, ikkje får gjera som dei vil med jorda. Vi skal ikkje gå inn på denne heilt håplause argumentasjonen, men seia følgjande: Jordvern har med trygg matforsyning i framtida å gjera. Då snakkar vi om beredskap, som er ei forsvarssak. Det er i alle høve ikkje ”bondevern”. Saker om forsvar og Norges tryggleik høyrer ikkje heime i lokalpolitikken. Jordvern høyrer kanskje heime i Forsvarsdepartementet? Som kanskje ville handtert jordvern med alvor? Mindre bukk og havresekk. I alle høve ville jordvernet kunna få ein annan status reint politisk.
På same måten som det å ta vare på jorda, er det sjølvsagt eit viktig spørsmål om vi skal ha ein norsk matproduksjon, og kor stor denne skal vera. Dette er også spørsmål om beredskap, altså forsvar. I tillegg ligg det mål om å ta vare på busetnad i distrikta og om å ta vare på kulturlandskapet, og fleire andre mål som landbruket skal oppfylla. Spørsmål om landbruk og tilhøyrande næringar høyrer inn under svært mange departement. Men dei kan ”lena seg tilbake” og la Landbruksdepartementet ta støyten.
Vi forstår og kjenner argumenta for at alt skal forhandlast under eitt, at alt skal reknast som landbruk og administrerast av Landbruksdepartementet. Argumenta var rette i si tid. Men når noko ikkje fungerer, kan det vera nødvendig å snu på gamle sanningar.
Med dei politiske haldningane som rår i dag, og med eit Landbruksdepartement som ikkje når fram, men oppheld med snakk, kan ei ny sanning bli at ein i langt større gard må ansvarleggjera også andre departement for utviklinga i landbruket. I alle høve politisk og økonomisk. Utviklinga i landbruket er nå kritisk i store delar av landet. Det er mange som kan vera med å leggja opp ei reiserute for dei som tvilar på det.
Det er sjølvsagt ein tung prosess å få til større endringar, men faktisk utvikling her i landet, saman med internasjonale utviklingstrekk, er gode argument for endra haldningar. Overordna viktig er det å få betre fram at utviklinga i norsk landbruk ikkje er ei landbrukssak, men ei samfunnssak. Ikkje noko nytt i dette, det blir jo brukt i ulike samanhengar. Men vi saknar sterkare synleggjering av at overføringar og inntekter til landbruket dreier seg om heilt vitale interesser for landet. Derfor bør midlane til næringa i større grad bli belasta mange andre departement enn bare landbruk. Det har med å gjera korleis folk flest oppfattar næringa.
Ei sterkare og breiare fordeling av ansvaret for eit sterkt landbruk vil styrkja importvernet. Det treng ikkje rokka ved marknadsordningar og marknadsregulering. Kva departement som bør ha ansvaret for framtidige jordbruksforhandlingar – for det må ein framleis ha – er usikkert. Ut frå erfaringane er vi ikkje sikre på at det skal vera Landbruksdepartementet.
Kanskje står gamle sanningar for fall. Eit spor- og taktskifte er i alle høve nødvendig.