PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 7 19. FEBRUAR 2010

Det er ikkje alltid at det brenn hjå naboen eller på ein annan gard i grenda. Vissa om at det også kan brenna på eigen gard, burde ført til at dei fleste gjorde langt meir for å unngå brann på sin gard enn det som er tilfelle.
Lukta frå røyken frå ein driftsbygning i full fyr, sit i nasebora svært lenge etter at brannen er sløkt. Inntrykka for oss som har opplevd ein slik gardsbrann på avstand er svært sterke. Vi kan vanskeleg førestilla oss korleis det kjennest for den som står midt oppi tragedien og kaoset. Ein fortvilt bonde mellom daude dyr, brannmenn, blålys og fjernsynskamera. Ein brann er noko einkvar av oss aller helst vil unngå.
Korleis kan det då ha seg at det framleis brenn så mykje på norske gardsbruk? Verdiar for 464 millionar kroner forsvann i røyken frå 445 brannar i fjor. Då er også våningshusa rekna med. Tal brannar i norske driftsbygningar er aukande på landsbasis, 223 i 2009, mot 198 året før. Trenden er den same i Agderfylka, Hordaland og Rogaland. I sistnemnde fylke vart det registrert 16 brannar i 2008. I fjor enda talet på 24.
Alt er ikkje svidd og heilsvart. Etter at Gjensidige starta med avtalar om brannvarslingsanlegg på norske gardsbruk i 1996, og fram til 2008, reknar forsikringsselskapet at norsk landbruk har blitt spart for tragediar som hadde omfatta 15 000 firbeinte dyr,
30 000 fjørfe og verdiar for 2 mrd kroner.
Mange hevdar framleis, at brannvarslingsanlegg blir kopla ut i frustrasjon grunna mange falske alarmar. Gjensidige, hevdar på si side at anlegga fungerer tilfredsstillande. Vi håper at Gjensidige har rett, og vi håper at alle som framleis har problem melder i frå til selskapet. Deira avtale med produsenten går ut på at der kunden melder om problem, skal problemet løysast innan tre dagar. I dei fleste tilfella blir feilen retta dagen etter. Eit fungerande brannvarslingsanlegg hindrar sjølvsagt ikkje brann, men det gir i mange høve ein moglegheit til å sløkkje før overtenning.
Styresmaktene har sett i verk fleire krav og tiltak for å redusere talet på brannar. Mattilsynet krev brannvarslingsanlegg dersom talet på produksjonsdyr er over eit visst nivå. Kravet vil også gjelde for grisehus frå 1. januar 2011.
Uansett talet på dyr, er det krav om el-kontroll av det elektriske anlegget kvart tredje år. For det er her den største potensielle brannfella ligg gøymt. Som forsikringskunde får bonden tilbod om el-kontroll som inneber jamleg gjennomgang av el-anlegget saman med ein kontrollør som er godkjent av forsikringsselskapet. God brannsikring betyr god rabatt på forsikringspremien.
Alt burde liggje til rette for ein sterk reduksjon i talet på brannar. Så opplever vi i staden at tala går andre vegen. Kvifor? Representerer norske bønder ein gjeng unnasluntrarar som ikkje bryr seg? Slett ikkje. Men vi trur at brannførebygging kjem langt bak i prioriteringsrekka hjå mange. Brannførebygging kostar pengar. Vil du nøye deg med Mattilsynet sitt krav om varslingsanlegg, rekk det kanskje med
30 000 kroner. Vil du følgje råda, og få rabatten hjå forsikringsselskapet, må anlegget dekke alle bygningane på garden. Då kan prisen bli mellom 50 – 100 000 kroner. Vi kan lett skjøne at mange vel å utsetja ein utgiftspost av denne storleiken så lenge som råd. Vi kan også skjøne at el-kontrollen ikkje alltid får høgaste prioritet. Elektrikaren har det travelt, og bonden like så. Dessutan ser det meste ut til å vere i orden. Vi skjøner også at ikkje alle prioriterar eit HMS-medlemskap. Det kostar litt. Og tek litt tid. Og det følgjer med ein rådgivar på kjøpet som vil snuse opp og påpeike alt som kan forbetrast.
Vi kan skjøne at enkelte tenkjer slik, men landbruksnæringa kan og må ikkje akseptere at den negative branntrenden held fram. Prislappen er for høg. Det handlar ikkje berre om pengar, for prisen er også alt for høg målt i talet på lidande dyr, menneskelege påkjenningar og landbrukets omdømme i høve til omverda.
Erfaringa tilseier at det vil ta tid før alle tiltaka blir følgt opp, og til at brannsikringstiltaka er så gode som råd hjå alle. Fram til den dagen må kommunane sine branntilsyn få nok midlar slik at dei kan prioritere gardsbruka langt sterkare enn det som er dagens praksis.
Vårt råd er vidare at alle gode landbrukskrefter bidreg til at brannførebygging på garden blir løfta opp og fram som noko positivt og sjølvsagt, og at dei kronene som det kostar blir ein naturleg del av gardsrekneskapen.
Sparekniven er diverre velkjent i landbruket. Den må leggjast til sides i kampen mot den raude hanen.
![]()