PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 8 – 26. FEBRUAR 2010

Meir mat frå EU

Ein aukande del av den norske maten blir produsert i EU. Regjeringa har gitt grønt lys for at EU kan senda 2.700 nye tonn ost inn på den norske marknaden. Det er ein auke på heile 60 prosent.

Om vi reknar 10 liter mjølk per kg ost, gir dette eit mjølkekvantum på 27 millionar liter, som betyr at lag 200 gjennomsnittlege mjølkebruk i Noreg må leggja ned drifta.

Og det er meir. Regjeringa vil også sleppa inn 2.300 nye tonn EU-kjøt inn i landet. Som då vil fortrengja tilvarande kvantum norskprodusert kjøt. På storfekjøt er auken 900 tonn, som svarer til 3.000 okseslakt på 300 kg. All import av kjøt og mjølk kjem til ein matvaremarknad som er sjølvforsynt frå før.
Med denne avtalen er Regjeringa med på å redusera den norske matproduksjonen, eller skapa kunstig overproduksjon av matvarer i Noreg, noko som også presser pris til bonden.
Landbrukets Utredningskontor har funne ut at EU i 15-års perioden frå 1992 til 2007 auka eksporten av jordbruksvarer frå EU til Noreg frå 6,6 til 20 milliardar kroner. For å illustrera kor store pengesummar denne eksportauken utgjer, nemner vi at auken er større enn heile nettoinntekta i norsk landbruk.

Eksporten andre vegen står på ingen måte i forhold til dette. Noreg har berre auka eksporten med ein dryg milliard, frå 2,1 til 3,2 millionar kroner i same tidsrom. Etter den nye importauken blir forholdet mellom import og eksport endå verre.
Generalsekretær i Norges Bondelag, Per Skorge, går kraftig ut mot regjeringa. Han syner til at det er EØS-avtalen som legg føringar for handelen med jordbruksvarer mellom Noreg og EU. Denne avtalen byggjer på ei utvikling av handelen på ”gjensidig fordelaktig basis”. Skorge er naturleg nok ikkje i stand til å sjå den gjensidige fordelen her.
Det må vel Regjeringa vera i stand til, etter som ho har godkjent denne importen. Det må vel då bety at EU har gitt motytingar i ei eller anna form. Er dette i så fall motytingar som kjem norsk landbruk til gode?

Viss ikkje, har Regjeringa då klar andre tiltak som kan kompensera bortfallet av inntekter frå det produksjonsvolumet Regjeringa dreg inn frå 1. januar 2011?
Vi inviterer Landbruks- og matministeren til å gjera greie for dette, gjerne her i Bondevennen. Departementet bruker å gå høgt på banen med bodskapar dei meiner er positive for næringa. For å skapa balanse og objektivitet, bør informasjonen vera like god når bodskapen går i disfavør av landbruket.