PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 9 5. mars 2010

Regjeringa nedsette i førre veke utvalet som skal sjå på maktforholda i matvareomsetnaden. I Norge er kjedekonsentrasjonen sterkare enn i mest noko anna land, med fire kjeder som kontrollerer rundt 99 % av daglegvarehandelen. Det er nok å peika på formuar på frå nokre få, til titals milliardar hjå nåverande og tidlegare kjedebaronar, Rema-Reitan, og Rimi-Hagen.
Ubalanse i makt i verdikjeda kan ha store konsekvensar. Råvareprodusentane blir utnytta og prisen til forbrukar blir for høg. Det blei ein alvorleg vekkar for mange at Rema-Reitan nå vil inn i mottaksleddet. Meieri har vore nemnt, eggpakkeri er det siste. Frå før er kjedene tungt inne i foredlingsverksemd, dei er umettelege på makt – og pengar.
Regjering og Storting har ikkje vore redde for å gå inn med sterk styring av konkurransen i førstehandsomsetninga av matvarer. Når Rema og dei andre kjedene er involverte i detaljist-, grossist- og foredlingsleddet, bør det kanskje vera nok. At det rett og slett blir forbod mot å ha eigarengasjement eller styring av endå eit ledd, førstehandsomsetninga.
Vi trur det går an å finna reguleringar her som vil skjerpa konkurransen, og gi meir balanse mellom råvareprodusent, forbrukar og alle ledda i mellom. Det er snakk om politisk vilje. Den er i alle fall til stades når aktørane er mindre mektige enn daglegvarekjedene.
Det stundar mot årsmøte i våre faglege og økonomiske organisasjonar. Ein svært viktig del av årsmøta er val av tillitsvalde, å finna dei beste folka. Dette har blitt spesielt viktig i dei store økonomiske organisasjonane. Årsomsetnaden der går frå rundt to milliardar kroner i Felleskjøpet Rogaland Agder, til nær det tidoble i dei landsdekkande konserna Tine og Nortura. Marginane har blitt mindre med åra, og det økonomiske presset større.
Så dukkar årvisst spørsmålet om styresamansettinga opp. Valnemndene føreslår sine kandidatar, årsmøta har siste ordet. Vår påstand er at dette normalt fungerer godt, men at det av og til er tydeleg at det kunne vore gjort ein betre jobb. Valnemnda er sentral. Medlemmene av nemnda må kjenna organisasjonen sine medlemmer, og kjenna styret sine oppgåver. Til sjuande og sist er det årsmøtet sitt ansvar både å velja valnemnd, og ikkje minst styre.
I dette bladet refererer vi ein samtale med yngre bønder. Dei dreg opp spørsmålet om det burde vore ”profesjonelle” innslag i styra, altså personar som har erfaring frå styre i andre større verksemder. Konklusjonen er likevel at det er nok dyktige kandidatar blant dei rundt 50 000 bøndene i landet. Det gjeld bare å finna dei dyktigaste. I praksis har det vore lagt meir vekt på å kvotera – for produksjon, distrikt, kjønn, alder – enn etter kvalifikasjonar.
- Når det bare er 10 % kvinnelege bønder, blir det feil å kvotera inn 40 % kvinner i styra. Eg har ikkje spesielle syn på sakene fordi eg er kvinne, seier forsandbonden Inga Skretting, og ho har dei andre unge bøndene med seg. Også kvinner skal veljast i kraft av at dei er dyktige, og ikkje fordi dei er kvinner. Det er like mykje feil å kvotera på andre kriterium, meiner dei. Årsmøta må velja dei dyktigaste.
I Bondevennen nr 50/52 i fjor refererte vi ein samtale med samvirkeveteranar. – Skal eit styre fungera, bør det ikkje vera for stort. Dei fleste styra som er i dag, må heller reduserast enn aukast, meinte Inge Haugland. - Det går ei kritisk grense ved totalt sju – åtte personar i eit styre. Blir det fleire, blir nokre lett passive og ”gøymer seg”, meinte Jostein Frøyland.
Vi er svært einige i alle desse konklusjonane. Vi trur ikkje på kvotering for alle slag kriterium. Dersom det blir valt styremedlemmer som skal ta i vare eit bestemt distrikt, eller ein produksjon, kan det lett bli at dei andre føler mindre plikt til å ta i vare desse, enn om det ikkje er slike ”særinteresser” i styret. Utan kvotering vil styret i mykje større grad måtta ta omsyn til alle. Det er viktigare at styremedlemmene har generell kompetanse, og gjerne at dei også har spesielle kunnskapar slik at dei utfyller kvarandre.
Vi er også sterkt einige i at styra ikkje må vera for store. Kostnadssida av dette betyr lite. Det viktigaste er å få styre som fungerer og som kan gjerast ansvarlege. Det er mykje lettare å plassera ansvar i eit lite styre enn i eit stort – og årsmøtet skal regelmessig vurdera om styremedlemmene har vist seg tillit og ansvar verdige.
Godt val!