PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 10 12. mars 2010

I Sør-Norge, inklusive Rogaland, ligg det til saman rundt 35 000 tonn giftig havre på lager. Gifta er mykotoksin, altså soppgift. Ei viktig årsak til høgt giftinnhald er den fuktige sommaren og hausten, men ikkje bare det. I tillegg til dei 35 000 tonna på lager er det brukt, og vil kontinuerleg bli brukt, korn med mykje mykotoksin. Gifta blir ”tynna ut” i kraftfôret ved å blanda med korn med lågt toksininnhald. Men dei siste 35 000 tonna greier ein altså ikkje utan vidare å nytta på denne måten, denne fôringssesongen, utan at giftinnhaldet i fôret blir for høgt. Eitt alternativ er skyva problema føre seg, å lagra havren over til neste fôringssesong, men det vil kosta rundt 14 millionar kroner.
Omsetningsrådet har derfor godkjent at marknadsregulator Norske Felleskjøp får bruka 2 – 3 millionar kroner til å fjerna det meste av gifta ved å skalla av havren. Mykje av gifta ligg i skalet, men ikkje alt. Den avskalla havren skal så fordelast rundt i landet og blandast inn i kraftfôret. Også Midt-Norge må ta sin del, og så skal trøndarane tvangssenda bygg av god kvalitet sørover. Noko vi trur dei er bare så måteleg glade for.
Nå må vi nok akseptera at dette blir løysinga for i år, men det er ikkje ei haldbar løysing for framtida. Leiaren i Kornbøndenes Interesseorganisasjon, Jon Lilleborge, uttaler til Nationen at ein bør ha is i magen. Det blir neppe to så dårlege kornår etter kvarandre, meiner han. Vi meiner tida med magen full av is er forbi. Det må finnast meir berekraftige løysingar i høve til kvaliteten på norsk korn som skal brukast til mat til folk eller dyr. Raskt.
Det er ein skjebnefellesskap mellom korn- og husdyrprodusentar. Korn- og kraftfôrpolitikken står heilt sentralt i norsk landbruk. Kanaliseringspolitikken er like viktig for kornområda som gras-/husdyrområda. Men det er ikkje å unngå at vi føler ei slagside her. Kjensla ein lett får, er at husdyrområda skal vera så glade for at kornområda held fram med korndyrking at ein skal vera forsiktig med å krevja, mellom anna kvalitet.
Vi håpar og trur at stadig fleire kornprodusentar ser at dei må leva i nåtida. Med klare krav til kvalitet på det dei produserer.
Korkje kraftfôrindustri eller husdyrprodusentar kan leva med situasjonen slik han er nå, og må stilla klare krav til art og sort, til dyrkingsteknikk, og til kvalitet på sluttproduktet. Kort sagt eit avtalesystem som ein har i alle andre salsproduksjonar, med nødvendig prisdifferensiering. Det trengst meir forsking, men det er også mykje ein veit kan gjerast for å betra kvaliteten, og produsera det marknaden vil ha. Så får ein bli einige om ansvar og garanti når det likevel blir for mykje toksin. Kraftfôrindustrien og husdyrprodusentane kan ikkje ansvaret aleine lenger.
Importvernet skal sjølvsagt stå like sterkt som før. Vi likar så måteleg at mat og fôr blir brukt til energiproduksjon. Men det er nå slik. Då må det vera rettare at dårleg norsk korn går inn i slik produksjon, og at vi importerer fullverdig fôrkorn. Men innafor gjeldande importregime.
Å bruka korn med høgt toksininnhald i nkraftfôr er svært tvilsamt ut frå krav til dyrevelferd, sjølv med uttynning. Også økonomisk kan det slå svært uheldig ut for bonden. Storstilt kornflytting aukar brutto nasjonalprodukt. Men det er vel ikkje det som er målet?
Rema-Reitan har lagt bort planane om nbygging av eggpakkeri med tilhøyrande storstilt nyetablering av eggproduksjon i Trøndelag. Eit slikt prosjekt ville gitt stor overproduksjon, og vore svært øydeleggjande for heile den norske eggproduksjonen.
La oss håpa og tru at det var fornufta som sigra hjå Reitan. At dei der såg at andre tek seg mykje betre av eggpakking og marknadstilpassing.
Men vi trur også at det etter kvart synte seg at det var vanskeleg å få med nok bønder på den ville ferda. Bønder flest ser at om dei gir frå seg marknadsmakt på den måten, vil dei snart vera leiglendingar. Det er svært gledeleg at når det verkeleg kjem til alvor, så er det eit stort fleirtal som ser desse samanhengane.
Det er trygt og greitt å vita at bøndene sjølve kan styra viktige delar av framtida.