PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 11 19. mars 2010

Så langt har våren vore heller kjølig. Men nå stig temperaturen, snøen forsvinn og vi har den aller beste årstida rett rundt hjørnet. Så registrerer vi at temperaturen også stig innomhus på ein del arenaer vi har gjesta i det siste - der utviklinga i landbruket, og spesielt lønsemda i næringa, blir diskutert.
Det er vanleg at ordbruken blir skjerpa når løn og lønsemd skal drøftast. Lønsoppgjeret i næringslivet startar nå, jordbruksoppgjeret er under førebuing. Knivane blir kvessa. I år merker vi eit klart skifte i tonen frå landbruket si side.
Etter å ha følgt med frå sidelina i svært mange år, er vi ikkje i tvil om at i vår meiner bønder meir alvor enn på fleire tiår. Situasjonen i landbruket er kritisk, anten vi ser på kapitalavkasting, lønsemd pr. arbeidstime, eller på bruksnedlegging og strukturendring. Det er rett som det blir hevda: Dersom gjestearbeidarar eller jordbærplukkarar hadde fått ei løn pr. time på line med arbeidsvederlaget til ein gjennomsnittleg bonde, ville LO sytt for krigsoverskrifter i media.
Ingen skal fortelja oss at det blir enkelt å løfta inntektene til bøndene opp på eit anstendig nivå. Då snakkar vi om ein auke i årsverksinntekta på minst 100 000 kroner for å nærma seg andre grupper. I tillegg kjem etterslep på investeringar og etterslep i vedlikehald av jord og bygningar. Summen blir mange milliardar pr. år! Alternativet er at ein sakkar stadig lengre bakover. Jamvel om det blir hevda at bøndene siste året fekk kronetillegg på line med andre, er etterslepet nå så stort at landbruket er nær kollaps i store område i landet.
Det er ikkje enkelt å løfta inntektene i produksjonar som ikkje er kvoteregulert, fordi det lett fører til overproduksjon og tap i neste omgang. Så er det grenser i høve til internasjonale avtalar, og det er politiske parti i Norge som ikkje vil landbruket vel. Finansministeren syter svært, og Landbruksministeren prøver å snakka håpet om eit anstendig oppgjer ned.
I Norge har vi likevel tradisjon for solidaritet, sjølv om denne har vore på vikande front i høve til egoismen dei siste tiåra. Fellesøkonomien er svekt i høve til privatøkonomien. Vi må på ny tåla meir skatt på høge inntekter og på luksusforbruk, for å gi rom for ei solidarisk omfordeling.
Tilbake til dei skjerpa signala. Bøndene er tydelegare enn dei har vore på 30 – 40 år. Faglaga kan ikkje endå ein gong fremja eit nøkternt og godt grunngjeve krav på eit par milliardar kroner, og så få tredjeparten – og forsvara det. Alternativet er verre blir det alltid hevda, ein oppnådde trass alt noko i forhandlingane som ein vil tapa ved brot. Men nå er signala og haldningane frå bøndene klare. I år er det sterk vilje til brot og konflikt, om nødvendig. Ein vil om nødvendig ta eit brot og eit tap for å markera alvoret. Smertegrensa er nådd.
Slik vi opplever signala frå partane, representert ved grasrota og ved Finansminister og Landbruksminister, vil eit brot i år gi låge odds. Neste spørsmål er kva som skjer med den raudgrøne regjeringa. Det blir svært tungt for Senterpartiet å stå medansvarleg for eit brot. Partiet kan satsa så mykje det vil på kommuneøkonomi, vegar, jarnbane og kva det er om det ikkje nå leverer i høve til bøndene. For dei er kjernen i partiet, jamvel om nokre prøver å fornekta det. Blir bøndene og deira røyster borte, vil partiet bli utradert frå Stortinget.
Årets jordbruksoppgjer vil bli svært avgjerande for Senterpartiet. Det er ikkje lenger nok med prat. Det var mange i landbruket som jubla då dei raudgrøne fekk halda fram. Argumenta har gått att: Alternativet var verre. Men endå ein gong: Om næringa ikkje får eit anstendig oppgjer og må bryta, bør Senterpartiet ta nødvendige konsekvensar av det. Det er viktig å kunna stå oppreist. Og av og til må det bli verre for at det skal bli betre på lang sikt
Dei som skal manøvrera årets jordbruksforhandlingar har inga lett oppgåve, og vi misunner dei ikkje. Men vi meiner at i år må alvoret i landbruket koma opp i dagen. Når viljen til å stå på rettmessige krav er så stor som han er nå, ligg det an til ein vår med høg temperatur, og brot, om nødvendig.
Det er vanskeleg å sjå alle konsekvensane, men næringa vil nå heller bli skoten enn seigpina, som det blei sagt på årsmøtet i Rogaland Bondelag førre veke. Nå må det til eit løft som monnar.