PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 12/13 31. mars 2010

Verdas viktigaste yrke, ja det er bondeyrket. Det fekk vi høyra på årsmøtet i Rogaland Bondelag nyleg, og det får vi høyra i andre samanhengar. Vi har ikkje vanskeleg for å vera einige. Utan produksjon av mat stansar alt. Bare ein liten brøkdel av det folkehavet vi har på jorda i dag, ville kunna leva om vi skulle hausta utan å så, og utan å samspela med naturen på så mange andre vis. La oss vera audmjuke og seia at det er eitt av verdas viktigaste yrke.
Ikkje bare er det eit viktig yrke. Det er fagleg sett eit av dei mest krevjande yrka. Tenk på kor mange fag du som bonde er innom i løpet av ein dag, eit år. Sjølvsagt kan ein ikkje vera ekspert på alle område, men ein må kunna mangt om svært mykje. Så ser vi nok òg at det er klare skilje i utkome av gardsdrifta mellom dei som er fagleg dyktige på mange område, og dei som tek det faglege meir lettvindt. Som i alle andre yrke. Men vi er ikkje i tvil om at kunnskapane jamt over aukar, det er heilt nødvendig om ein skal overleva som bonde over tid.
Det er eit paradoks at dei som utøver eit av dei viktigaste yrka, som har kompetanse på høgt nivå på eit breitt felt, og som ikkje minst står på seint og tidleg, ikkje skal få ei rimeleg løn for strevet. Når vi høyrer det blir sagt at netto inntening til eigarane av Rema – for å selja matvarer - tilsvarer inntekta til 10 000 bønder, er det kort sagt noko som ikkje stemmer. Det har med makt å gjera, og det får vi tru at det nyleg nedsette matkjedeutvalet vil røska opp i.
Men tilbake til deg, bonde. Ei av årsakene til at løna for strevet er for dårleg, skuldast altså maktfordelinga i matvarekjeda. Det har noko med organisering å gjera, og den enkelte bonde må stilla spørsmålet om han og ho er med og byggjer sterke organisasjonar for seg sjølve.
Ei anna årsak til låg løn er at det er ein liten overproduksjon av mat på verdsbasis – for dei som kan betala. Og er utbodet av mat litt for stort, og førstehandsomsetninga ikkje godt nok organisert, blir prisane pressa langt ned. Men vi veit at ein stad der framme, om ikkje lenge, har verdas folketal og etterspurnaden etter mat auka så sterkt at det vil bli andre tider.
Du er viktig, bonde, du kan utruleg mykje om svært mykje, og krava aukar. Vi veit at det framover blir stadig viktigare å kunna dokumentera at ein har kunnskapar, for å få betalt for desse. Vi meiner næringa har forsømt seg, med ikkje å akseptera kompetansekrav, eit fagbrev, for å bli bonde. Det er i ferd med å endra seg, og vi trur det er på høg tid at kravet kjem, kall det gjerne krav til autorisasjon. Då vil det i langt større grad enn nå gjerast synleg kva krav som må oppfyllast for å praktisera i eitt av verdas viktigaste yrke. Ei slik synleggjering vil over tid løfta status, og gjera det lettare å få aksept for ei anstendig løn.
Når vi nå går inn i den kanskje finaste tida på året, våren, kan ein godt sleppa ein del kjensler fri. Kjensla av at du som bonde spelar på lag med ein fantastisk natur, at du er med og forvaltar prosessen som gir grunnlag for alt liv, fotosyntesen. Kjensla av at du er med og foredlar vidare det fotosyntesen skaper. Kjensla av at di rolle i prosessane er avgjerande.
Det som skjer om våren, når liv blir til, er det aller viktigaste for mange bønder. For var det om og gjera å tena mest mogleg pengar, så ville ein med den innsatsen og dei kunnskapane ein legg ned som bonde, kunna tena langt meir i andre yrke. Det å ha kunnskapar om naturen, det å spela på lag med naturen, det å gjera arbeidet på rett måte til rett tid, og det å sjå dei viktige produkta som er resultatet av innsatsen, er gode, sterke kjensler. Det stansar ikkje med våren. Bondeyrket er så absolutt heilårs.
Dei fleste vil først starta vårarbeidet for alvor etter at påsken er over. I påsken får vi tid til å tenkja på så mykje, og den enkelte på det som opptar han og henne mest. Men tenk også endå ein gong på kor fantastisk yrke du har, bonde. Og tenk på kor viktig det er, eitt av verdas viktigaste yrke. Ver stolt!
God påske!