PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 14/15 16. april 2010

Diskusjonen går friskt om prising i Nortura. Den siste tida har det dreidd seg mest om dei store puljetillegga, som er kalla strategisk prising. Kampen står først og fremst mellom ”dei store og dei små”. Det dreier seg også om Nortura si generelle utbetalingsevne.
Eit sentralt spørsmål i mange diskusjonar, går på innfraktvilkåra. Nortura har her ei konkurranseulempe i kraft av si mottaksplikt. Utvalet som skulle greia ut spørsmålet om fraktvilkåra, har gitt si innstilling, og kome fram til at det må nær 100 millionar friske kroner til for å jamna ut dei skeive konkurranseforholda.
Etter så lang tid som spørsmålet har versert, reknar vi det som sjølvsagt at desse pengane kjem på bordet i årets jordbruksforhandlingar. Alt anna ville vera å halda heile næringa for narr. Og dette er dei viktigaste pengane i årets jordbruksoppgjer. Vi vel å tru at det også vil koma ein god slump på frakt av korn/kraftfôr. Og så kjem alt det andre i tillegg.
Vi registrerte at Landbruksministeren og hans undersåttar i vinter snakka om omfordeling av midlar over jordbruksavtalen når dei blei konfronterte med behovet for opptrapping. Dette er seinare blitt til at ein må prioritera strengare. For vår del ser vi dette som fullstendig avsporing. Omfordeling eller prioritering vil ikkje løysa noko som helst av dei grunnleggjande problema med elendig inntening i landbruket. Det kan bare løysast med friske pengar, mykje pengar.
Like før påske drog Hedmark Bondelag i Nationen i gang diskusjonen om regional prising. Dette bondelaget ynskjer, slik vi forstår det, differensiert prising kring i landet i staden for dei store puljetillegga, for å ta kampen i dei spesielt konkurranseutsette områda. Det er ein diskusjon som absolutt må takast alvorleg, og må sjåast både i høve til historia og i høve til gjeldande tilskotsordningar.
Vi registrerer at Norges Bondelag ikkje vil ha snakk om å endra på ei einaste av gjeldande tilskotsordningar, men dersom tida har gjort at dei midlane som ligg i nokre av ordningane, burde vore fordelte på annan måte, må ein kunna sjå på det. Vi snakkar ikkje om at dette skal nyttast av Staten for å manipulera tala i ein ny jordbruksavtale. Det er snakk om ei intern fordeling som i hovudsak bare vedkjem næringa.
Før konserndanninga var det ulik utbetalingsevne og dermed -pris i dei ulike distriktsorganisasjonane. Dette var også eit utslag av konkurransen i dei enkelte områda. Over tid kom det så tilskotsordningar som kompenserte for svak økonomi hjå bønder i område der utbetalingsprisen var låg, eller der kraftfôrprisen var høg og –kvaliteten dårleg. I tillegg er det distriktstillegg som kompenserer for høgare kostnader på grunn av topografi, arrondering, klima, avstand og anna, og for svakt produksjonsmiljø.
I til dømes kraftfôrbaserte produksjonar er det svært lite att av distriktsulemper når Nortura praktiserer full utjamning, og kraftfôrprisane er like. Det står att noko på høgare frakt på kraftfôret og høgare kostnader til veterinær og ved service på utstyr på grunn av avstandar, men ikkje så mykje anna som må kompenserast over jordbruksavtalen. Ulemper rundt svakt produksjonsmiljø og reine distriktstilskot knytte til busetjing, er ei anna sak.
Argumentet frå Hedmark er at regional prising vil løna seg for alle dersom Nortura styrkjer seg i dei sentrale, konkurranseutsette områda. Då vil anleggskapasiteten bli betre utnytta, og Nortura kan halda fram med jobben som marknadsregulator.
For vår del legg vi stor vekt på likskap mellom dei ulike delane av landet. Dersom det i dag er tilskot som er gått ut på dato fordi Nortura nå ordnar utjamninga, bør ein anten reversera utjamninga og differensiera prisen på det grunnlaget, eller så må ein sjå på ei omfordeling av tilskota, slik at desse kjem alle til gode. Men dei reine distriktstillegga må liggja der dei ligg. Dei vil særleg gjelda grovfôrbaserte produksjonar.
Og Lars Peder Brekk, pengar som blir fordelte på annan måte enn før, skal ikkje nyttast til manipulering av sluttresultatet i ein jordbruksavtale!