PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 17 30. april 2010

Fleire artiklar i Bondevennen den siste tida har minna på alvoret i to saker som heng saman: EU sitt vassdirektiv som Norge må følgja, og revisjon av våre eigne gjødselforskrifter. Sakene aukar presset på landbruket, vassdirektivet også i område med mykje open åker, begge i område med stor husdyrtettleik. Det blir dyrt og utfordrande for næringa å oppfylla alle krava.
Dei som har levd ei stund, veit at vi har hatt store utfordringar før òg i husdyrområda, mellom anna ved å byggja ut lagerkapasitet for husdyrgjødsla, ved å innskrenka spreietida, og gjennom krav til spreieareal. Pressaft frå surfôrsiloane var ei stor sak for 30 år sidan. Svært stor innsats er gjort for å redusera ureininga, og resultata er gode.
Vassdirektivet skal kort sagt føra vasskvaliteten tilbake til nærast råd ein ”naturleg tilstand”. Vi kan vel seia at det er ein tilstand ein del av oss hugsar for 50 – 60 år sidan, då vi kunne leggja oss ned og drikka friskt, godt vatn frå utløpet av ei hovudgrøft, eller frå ein open bekk. Altså før vassklosetta kom og medan drifta på gardane var allsidig, husdyrhaldet moderat, graset blei tørka til høy og all gjødsel blei nytta på ein agronomisk sett optimal måte.
Vi trur knapt det er nokon som ikkje svært gjerne hadde sett at vi fekk alt vatn tilbake til den tilstanden vi hadde, la oss seia for 50 – 60 år sidan. Men la oss vera realistiske. All produksjon av mat vil ureina meir eller mindre. Og mat må vi ha. Det er òg nødvendig å minna på at mange andre ureinar naturen, både i privat og offentleg regi, langt meir enn landbruket. Kjensla er at dette blir teke mindre alvorleg.
Gjødselforskriftene går på mykje av det same som vassdirektivet, men her kjem også mål om reduserte utslepp til luft inn. Både nitrogen, andre grunnstoff og organiske stoff er aktuelle i høve til ureining, men det som det blir lagt mest vekt på, er fosfor. Dette grunnstoffet er oftast avgjerande i høve til algevekst og anna som utgjer den synlege delen av ureininga i vatn.
Her er vi ved eit paradoks. Det byrjar å gå tomt for fosfor av god nok kvalitet i kjente gruver kring i verda. Med dagens utvinning går spådommane alt frå at vi er lens om 20 år, til at det kan vara nokre hundre år. Alle planter og dyr har fosfor som ein av byggjesteinane for i det heile å leva og veksa. Har dette stoffet først runne ut til vatn, er det nærast tapt for alltid. Det vil seia at det stoffet som i dag mange stader blir oppfatta som eit problem, kan om kort tid vera den avgrensande faktoren i matproduksjonen. Problem og løysing må koplast nærare saman. Det gir seg ikkje sjølv, det vil kosta.
Mange jordartar kan binda mykje fosfor. Dette fosforet blir frigjeve til plantevekst over tid, og står såleis ”i banken”. Når fosforinnhaldet er høgt nok for normal plantevekst, gir denne banken likevel ikkje årleg avkasting, fordi det alltid vil vera svinn. Det kan gjerast mykje med spreiemåte for gjødsla, tidspunkt for spreiing, pløyeretning, fangdammar og -grøfter, og mykje anna for å redusera avrenninga. Men ein kjem ikkje bort frå at vi over tid må nærma oss ei hushaldering av fosfor der det er balanse mellom det vi set inn i gjødsla og det vi tek ut gjennom planter og dyr – og menneske.
Noko av løysinga kan liggja i å nytta gjødsel og anna avfall til gassproduksjon, der den faste resten etter slik produksjon går tilbake til jorda, med eller utan utvinning av fosfor først. Ei anna løysing kan ta utgangspunkt i at ressursen gjødsel framleis har att mykje næringsemne og energi. Kanskje kan ein utvikla mikrobiologiske prosessar som foredlar gjødsla til dyrenæring. Mykje kan tenkjast, det meste vil kosta pengar, mykje pengar.
Kva kan du, bonde, gjera? Sjølvsagt halda fram med å handtera gjødsla som ein ressurs, for å ta vare på avgrensa fosforressursar i krinslaupet. Rett bruk av husdyrgjødsel, med nødvendig tillegg av handelsgjødsel, vil seia ei meir nøyaktig tilpassing til jorda og plantene sine behov enn ein har vore vane med. Jordprøvar, og bruk landbruksrådgjevinga for å setja opp gjødselplanar som blir følgde, er sentrale råd. I tillegg kjem alt det andre med lagerkapasitet, spreiemåte, -tidspunkt og mykje meir. Vi veit altfor godt at dersom nokon sluntrar unna, og ikkje gjer kva dei kan for å forvalta fosfor og andre ressursar på best mogleg måte, er det mange nok som vil straffa heile næringa i vårt område. Ansvaret på den enkelte er stort.
Pilotprosjektet i delar av Figgjovassdraget har synt at det nyttar. Det kan skje dramatiske forbetringar på kort tid. Krava frå samfunnet rundt gjer at ein ikkje kjem utanom presis forvalting av fosfor. Greier vi det, vil dei nye direktiva og forskriftene vera å leva med. Ein absolutt føresetnad er at krava skal baserast på kunnskapar og ikkje på politikk, slik vi ser tendensar til.
Problemet og løysinga bør liggja i dei same hendene.
