PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 18 7. mai 2010

Vi registrerer at mange bønder er skuffa over det dei oppfattar som eit puslete krav i årets jordbruksforhandlingar – 1 865 millionar kroner i ordinære midlar og 100 millionar i ekstraordinære investeringsmidlar. Kor stor avstanden blir mellom krav og resultat veit vi om vel eit par veker – om det blir eit resultat då. Kravet betyr at det vil ta lang tid for næringa å oppnå jamstilling med andre næringar og yrke.
Det er positivt at jordbruket har prioritert krava sine relativt klart. Mjølk og dei andre grovfôrbaserte produksjonane er sette på topp. Så kjem fraktutjamning, med særleg vekt på distrikta. Tiltak for å styrkja rekruttering til næringa, og klimatiltak, er også prioriterte.
Vi ser så heilt klart behovet for eit løft for mjølke- og storfekjøtproduksjonen. For mjølk er det avgjerande viktig å få ein raskast mogleg overgang frå krone- til prosenttoll. Men vi meiner at ein dette året må syta for å få orden på fraktutjamninga for kjøt og kraftfôr, før noko anna tiltak. Det er både fordi eit slikt tiltak i seg sjølv vil ha den største inntektseffekten for bøndene, og fordi det må vera rett å løysa saka nå, med utgangspunkt i det utgreiingsarbeidet som har vore gjort etter jordbruksforhandlingane i fjor. I denne samanhengen er krava frå jordbruket – 70 millionar kroner i nye midlar til innfrakttilskot for kjøt og åtte millionar i stadfrakt for kraftfôr - noko puslete, og dekkjer ikkje fullt ut behovet i høve til utjamning.
Bønder med kraftfôrbaserte produksjonar er missnøgde med kravet. Dei hadde venta sterke tiltak for å få ned kraftfôrprisen. Ein auke i grunntilskotet for korn, og litt justering av kornprisane, vil i sum slå ut med ein auke i kraftfôrprisen på eitt øre pr. kg. På andre sida er det kravd auke i målpris for svin og egg på høvesvis 50 og 70 øre pr. kg, og med full utteljing i kravet om auka frakttilskot, er dette rekna å slå ut med 21 øre pr. kg for svin.
Vi forstår at dei store kraftfôrbrukarane er missnøgde. Også dei er avhengige av langsiktige, stabile vilkår. Med dei store endringane som har vore i konsesjonsgrensene for desse produksjonane, og ei stadig sentralisering, står krava i dag svakare reint politisk og tyngdemessig. Så skal vi ikkje gløyma at det har vore norsk landbrukspolitikk til ”alle tider” at vi skal basera mest mogleg av produksjonen på eigne fôrressursar, altså grovfôr. Sett i høve til dette, og i høve til økonomien i dei enkelte produksjonane, er kravet relativt balansert.
Organisasjonane vil oppehalda ordninga med betalte kvoter i mjølkeproduksjonen. Det hadde absolutt vore på tide at dei hadde tenkt mindre på å oppehalda medlemstalet sitt ved ikkje å trø nokre av medlemmene på tærne, og hadde gått for å avvikla denne etter kvart meiningslause ordninga. Ikkje sjølve kvotesystemet, men å betala for retten til å produsera, med overføring av pengar frå dei som satsar til dei som går ut. Meir symbolsk er det føreslått at prisen for den delen av mjølkekvota som går til Staten, skal ned med 50 øre literen.
Ikkje alle vil vera samde i at Rogaland nå skal delast i to soner ved omsetjing av mjølkekvote, Jæren i éi sone, og resten i den andre. Vi meiner det er rett og viktig.
Det er sett fram krav om tiltak for å styrkja rekrutteringa til næringa, med ekstra tilskot til nye brukarar i fire år. Her er det absolutt behov for å gjera noko, men for kvart år som har gått med inntekter på eit lågmål, må det sterkare og sterkare lut til. Sjå bare på den mjølkekvota på 5 millionar liter som blei sett av i fjor til tildeling til nye brukarar. 1,9 millionar liter står ubrukt på grunn av manglande interesse. Det er særs alvorleg at ungdommen ikkje går inn i næringa. Det einaste tiltaket som vil bøta på dette over tid, er ei generell, sterk betring av lønsemda i næringa.
Vi meiner kravet framleis er puslete når det gjeld investeringsmidlar. Her trengst eit krafttak. Det er positivt at ein har teke tak i kornkvaliteten, og vil utgreia spørsmålet om ein energiklasse for korn og korleis det økonomiske skal ordnast i den samanhengen. Det er rett at ein vrir prisen mellom kornartane. Vi reknar med at kravet om tilskot til prisnedskriving av potetstivelse blir imøtekome. Det vil vera meiningslaust om denne stivelsen skal erstattast av importstivelse, basert på manioka.
Vi har oppfatta meldingane som klare dette året. Bøndene vil ikkje akseptera ein avtale som gir 40 – 45 % av kravet, slik som i fjor. Prosenten må svært mykje høgare. Eit brot vil kosta, men det vil vera verd prisen – på lang sikt. Også om det fører til regjeringssamanbrot. Saka er svært viktig for Senterpartiet. Det går ei klar grense for korleis kjerneveljarane kan behandlast.
Dei to første vekene i mai blir spennande.
