PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 19/20 21. mai 2010

Fire tilsyn på felles tilsyn på garden din blir truleg ein realitet. Alt i prøveperioden blir den såkalla Jærmodellen kalla ein suksess av tilsyna sjølv. Men er det ok for bonden? Og kva dersom fleire vil hengje seg på ”suksessen”. Blir resultatet at dei besøkjande tilsyna må bruke minibuss for å få med seg alle?
Det har i lang tid vore sterke reaksjonar på at dei ulike tilsyna, inklusive KSL, har kome på rekke og rad til same gardsbruket i løpet av kort tid. Koordinering har vore totalt fråverande. Samordna tilsyn kan vere eit steg i rett retning. Særleg dersom tilsynet kan gjennomførast av ein (1) person med kompetanse og myndigheit innan alle områda.
Vil ein tilsynssjekk føre til sjokk for dei som får besøk? Heilt sikkert ikkje. Men at mange gruar over tanken over ein offentleg invasjon på garden der dei ulike tilsyna skal kappast om å finna mest mogleg å setje ein byråkratisk peikefinger på, er ikkje til å undrast over. Vi har alle ein eller annan gong opplevd eit møte med eit eller anna tilsyn, og ein eller annan tilsynsperson som har klistra seg tungt og seigt til hjernebarken. Der ligg det ublide møtet under kategorien Dette vil eg aldri oppleve igjen. Det var kan hende eit møte med Biltilsynet som skapte aversjonen mot tilsyn.
Intensjonane er dei beste. Det skal dei ha. God norsk mat skal produserast under trygge og gode tilhøve for både folk og dyr. Dette sorterer under Mattilsynet. Så er det offentlege, til liks med kvar enkel av oss, opptekne av å redusere brannfaren til eit minimum. Her kjem El-kontrollen og Brannvesenet inn med sine velmeinande føresegner. Har du tilsette på garden, og det har jo mange, så vil gjerne Arbeidstilsynet ha eit ord med i det gode selskapet for å minimere faren for ulukker.
Tilsyna er ikkje berre ute på synfaring når dei kjem på besøk. Dei vil ha innsyn i mappene dine og krev dokumentasjon. Har du til dømes signaturen frå avløysaren om at han har fått turvande opplæring i bruk av traktoren eller siloheisen. Og har du forresten sertifisert heisen innføre lovlege intervall, spør representanten frå Arbeidstilsynet før Branntilsynet tek over då han oppdagar restar etter eit bål bak løa. - Har du brent avfall? Berre bråte seier du. Varsla du i så fall det lokale brannvesenet før du tente på, spør branntilsynet medan han rotar i oska med eine handa.
Nei, vi skal vere forsiktige med å harselere. Rapporterings- og dokumentasjonssamfunnet er her, anten vi likar det eller ikkje. At landbruket har blitt innlemma er ein naturleg konsekvens. Vidare gjeld lov og rett for alle. Også for bøndene.
Det er ikkje utenkeleg at andre vil ta del i ”suksessen”. SLF / dei kommunale landbrukskontora er to døme. Kanskje vil også Biltilsynet vere med på lasset for å vege og måle og kontrollere. Traktor med tilhøyrande reiskap på vegane er jo ikkje problemfritt.
Oppgåvene for ulike tilsyn er uavgrensa. Det ligg i byråkratiet sin natur å stadig skaffe seg nye oppgåver og å veksa. Då er det naturleg å stille spørsmål om kven som skal, eller kan, setje grenser.
Når bonde og byråkrat baskar saman kan det ta lang tid før dei to partane går seg til. Våre råd til tilsyna i denne samanhengen er klare: Gå sakte fram. Ikkje inkluder fleire tilsyn før det har gått nokre år. Nytt tida til å justere tilsyna etter som erfaringane kjem. Bøndene representerer eit fornuftig folkeslag. Dei kan svært mykje om sunt bondevit. Dersom tilsyna er innstilt på å lytte, lære og på å justere Jærmodellen etter dette, kan det verkeleg bli snakk om ein suksess – og eit vinn vinn tiltak.
Men vi som har vakse opp på fjøsgangen og som har blitt godt tørre bak øyro, kan ikkje anna enn å sukke litt oppgitt og undre på korleis i all verda vi greidde oss då vår gode kvardag var tilnærma tilsynsfri?
![]()