PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 21/22 4. juni 2010

Det er blitt sagt mykje om årets jordbruksavtale allereie og meldingane har vore mange om vonbrot ovafor både regjeringa, Senterpartiet og Bondelaget. Når det gjeld Bondelaget, peikar mange på at det i år var gitt grønt lys for brot dersom resultatet blei så dårleg som det blei, rundt 50 % av kravet. Det var sjølvsagt at ein fekk på plass meir pengar til frakttilskot – som ei oppfølging av jordbruksavtalen i fjor. Grensevernet for mjølk var viktig, men var det viktig nok til at ein kunne la så mange prinsipp fara? Når er det nok?
Resultatet i oppgjeret er ikkje i tråd med lovnadene i Soria Moria 2. Regjeringa svikta når det galdt. Senterpartiet er sjølvsagt i skvis mellom Stoltenberg & Co og landbruket, men kvar går smertegrensa for partiet som har sine kjerneveljarar blant bøndene? For så kjekt kan det vel ikkje vera å sitja i regjering, at ein let alt anna fara. Argumentet om at det ville blitt endå verre utan SP, er ikkje lenger godt nok. Vi trur det vil syna att på meiningsmålingane framover.
Vi fekk sjå fleire bilete og tv-innslag med ein smilande landbruksminister etter at avtalen var underskriven. Men det var ikkje eit ekte smil, eit gladsmil. Det minna oss om ein far som hadde stole sukkertøyet frå barnet sitt. Og så prøvde å smila fordi han hadde spart barnet for det usunne sukkertøyet. Bønder må sparast frå å tena pengar som andre.
Neste år er valår. Om regjeringa framleis heng saman, blir det interessant å sjå om SP tør vera med på eit like dårleg oppgjer for bøndene då. Det held ikkje éin gong til å hevda at det vil bli dårlegare oppgjer utan SP, éin stad går grensa. I valet mellom seigpining og det å få det raskt overstått, kan partivalet bli endra om det i 2011 ikkje blir eit løft som monnar.
Meiner dei ansvarlege på Staten si side at årets oppgjer gir grunnlag for optimisme? Korleis i all verda tenkjer dei seg at ungdom skal kunna satsa og byggja opp og fornya eit familiebruk med dei økonomiske føresetnadene som gjeld? Dei siste prognosane seier at ein tredjepart av bruka i dag er avvikla om 20 år. Utan eit verkeleg løft vil utviklinga gå raskare. Er det målet? Ansvarlege politikarar kan ikkje ha oppfatta kva som verkeleg går føre seg ute på bygdene for tida. Eller meiner dei at det er greitt? Då bør dei seia klarare ifrå.
Det låg sterk kynisme i Staten sitt tilbod. Ikkje først og fremst i dei 750 millionane som blei tilbydd. Men i enkeltelement i tilbodet. Til dømes at Jæren var skilt ut som eiga tilskotssone og skulle få mindre i driftstilskot til mjølk, og langt mindre dyretilskot til gris enn alle andre. Organisasjonane skulle tvingast til forhandlingsbordet, for utan forhandlingar ville tilbodet bli vedteke som årets oppgjer. Ved forhandlingar kunne ein kanskje pynta på dette. Utan dei knepa Staten her presenterte, ville det blitt brot på dei 750 millionane.
Avtalen enda med at Jæren fekk 5 000 kroner mindre enn resten av Sør-Norge i driftstilskot til mjølk. I dyretilskot til avlsgris blei resultatet minus 300 kroner pr. gris for Jæren, medan resten av Sør-Norge fekk minus 150 kroner. Slaktegris på Jæren fekk etter forhandlingane minus 12 kroner pr. gris. Resten av Sør-Norge fekk minus 8 kroner. Det dreier seg ikkje om sentrale strok mot distrikta, men Jæren mot resten.
Vi skjønar rett og slett ikkje kvifor. At jærbuen satsar meir enn andre, har ikkje noko med økonomi å gjera, men med eit produksjonsmiljø som er drivande, og med arbeidslyst som ennå ikkje er tapt. Vi forstår ikkje at ein må tyna dei delane av næringa som greier seg. Distrikta har jo sine velfortente distriktstilskot gjennom andre ordningar, som gjerne kan utvidast. Kven blir dei neste, skal alt nivellerast ned, slik at endå fleire gir opp? Vi vil minna om at Jæren ikkje er eit uhyre som må temjast. I jordbrukssamanheng dreier det seg om enkeltbønder som slit like mykje som andre.
Vi forstår knapt at Bondelaget kunne skriva under ein avtale der dette inngjekk. Vi forstår at det på kort sikt ville blitt endå verre utan underskrift, men av og til går det ei grense som ikkje kan overskridast. Og av og til er ei markering nødvendig. Då ville Lars Peder Brekk sete att med svarteper. Vi har registrert at bønder på Jæren, i fortviling då forhandlingsresultatet blei kjent, sa frå om at dei ville melda seg ut av Bondelaget. Vi trur framleis at det er rettare å vera organisert og arbeida innan organisasjonen, enn å melda seg ut – anten det gjeld Bondelaget eller andre organisasjonar.
Det er vel ikkje anna å gjera enn å bita tennene saman og satsa vidare. Så veit vi at ein stad der framme vil mat bli høgare verdsett att.
