PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 23/24 – 18. juni 2010

Det vanskelege valet

I denne utgåva av Bondevennen har vi ein gardsreportasje frå Kvilldal i Suldal, som illustrerer nokre av dei viktigaste utfordringane i norsk landbruk dei neste åra. Sigrid Bakka, ein særs velkvalifisert og ressurssterk ung bonde, står ovafor svært vanskelege val. Anten å satsa på det ho mest av alt vil, med svært stram økonomi i tiår framover, eller å kutta ut kua.

Bruket til Sigrid har store arealressursar. Ho har ein ressurssterk familie som deltek i arbeidet på garden i det daglege, og som støttar hundre prosent opp om dei vala ho gjer. Gjelda tyngar ikkje i utgangspunktet og det meste av driftsapparatet er i mykje god stand, unnateke det bygget som må til for å driva mjølkeproduksjon i framtida. Hennar eigne kvalifikasjonar, med alltid å ha vore bestemt på at ho ville driva med dyr, med tre års høgskulestudiar i husdyrbruk og med praksis som rådgjevar og bonde, ligg godt over det vanlege for unge bønder.

Då vi besøkte bruket, såg vi at dette både er representativt for svært mange bruk ute i distrikta, men samstundes ikkje heilt representativt fordi bruket og brukaren har ressursar som overgår gjennomsnittet. Då ligg spørsmålet nær: Dersom det ikkje er økonomisk forsvarleg å byggja ut dette bruket, kven i all verda skal då byggja ut?

Kostnadene med å byggja i landbruket nhar stige svært mykje meir enn inntektene den siste generasjonen. I ein viss grad er det kompensert ved å byggja stadig større, for å ta stordriftsfordelar. Der det har vore slike fordelar, er dei oppbrukte nå, for også dei som byggjer stort, slit med å halda hovudet over vatnet. Ute i distrikta er det svært mange stader det ikkje ligg til rette for stordrift korkje gjennom samdrift eller på den enkelte garden.

I ein byggjeperiode og dei næraste åra etter vil det alltid vera pressa økonomi. Men økonomien må gå i hop. I ein del byggjeprosjekt kan det nok sparast kostnader ved å finna rimelegare løysingar. Bygget skal likevel fungera, det skal oppfylla ein del lovkrav og det skal vara i ein generasjon – minst.

Sigrid Bakka stiller krav om at ho skal kunna leva av garden også etter bygging, for den vil krevja heile hennar arbeidsinnsats. Utbygging må vera til det gode både for henne og for dyra. Svært rimelege krav. Den planen ho fekk arbeidd ut for tre år sidan, oppfyller absolutt ikkje desse krava. Det ville ikkje bli noko att til eiga løn. Kva gjer ho då?

Mjølkeproduksjonen toler ikkje investeringar opp mot 150 000 kroner pr. kuplass. Heller ikkje 120 000 kroner, slik mange har bygd til dei siste åra. Ikkje om det skal bli att noko til arbeidsvederlag. Innteninga vil gå til kapitalkostnader. Det er ikkje forsvarleg å satsa meir enn kr 50 000 – 80 000 av eigne pluss lånte pengar pr. kuplass, skal ein ha handlefridom etter bygginga.
Det er heilt nødvendig å styrkja driftsøkonomien gjennom mjølkeprisen og dei løpande produksjonstilskota, men dette løyser ikkje utfordringane i ein investeringsfase.

Det må finnast enklare løysingar for bygg og teknisk utstyr enn ein har vore vane med dei siste åra. Men heller ikkje det er nok. Vi ser ikkje andre løysingar enn statlege tilskot til nedskriving av investeringskostnadene av heilt andre dimensjonar enn det som gjeld nå. For kvart år som går før dette kjem på plass, vil etterslepet bare blir større.

Vi registrerer med stor undring ansvarlege politikarar og byråkratar si vurdering av situasjonen i norsk landbruk, mellom anna når det gjeld nedleggingstakten i landbruket og mjølkeproduksjonen. Det er galt om dette skuldast at dei ikkje kjenner den dagsaktuelle situasjonen på bygda. Men det er endå verre om dei gjer det, men læst som alt er greitt.

Den delen av mjølkeproduksjonen som føregår i driftsbygningar frå slutten på 1960- til byrjinga på 1980-talet, på familiebruk i distrikta, er stor. Og berande for jordbruket der. Ungdommane som står i ferd med å overta gardane, er heldigvis realistiske. Kvifor tek ikkje dei ansvarlege konsekvensen av at vi nå på kort tid står ovafor eit skred ev nedlegging av familiebruk som familiebruk? Vi snakkar ikkje bare om fare for redusert produksjon og sysselsetjing, men om katastrofalt tap av kompetanse.

Kva vil styresmaktene skal skje med nslike gardar som på Bakka i Kvilldal, Suldal? Dersom dei ynskjer utvikling, kva tid kjem effektive tiltak? Dersom ynsket er avvikling, så sei i frå. Dei som vil satsa fortener ei avklaring. Det er bråhast.