PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 25/26 – 2. juli 2010

Svartmaling eller realisme

På samrådet med ungdom om den komande stortingsmeldinga for eit par veker sidan, på Jæren, brukte Landbruksministeren ein stor del av innlegget sitt på årets jordbruksavtale. Han forsvarte avtalen, meinte den er god – altså ikkje noko nytt. Så refsa han alle som har vore negative til avtalen. Ein del av refsen gjekk til media, og vi kunne ikkje unngå å registrera at han nok også meinte Bondevennen. Vi følte oss ikkje trefte, altså bomskot.

Lars Peder Brekk meinte at det er for myk­je svartmaling, noko som i neste omgang skræmer ungdommen frå næringa. Så presenterte han ein del tal, og dei vanlege argumenta om at alternativet til dei raudgrøne og til SP er så mykje verre – heller ikkje her noko nytt. Brekk kjørte reprise på alt dette på Bondetinget i førre veke.

Det uroar oss òg at mange ungdommar ikkje ser det mogleg å få ei leveleg framtid i næringa, det er derfor vi skriv som vi gjer.
Korleis ser det då ut frå vår side etter salvane frå statsråden om svartmaling og ”elendighetsbeskrivelse”? Akkurat slik vi har gitt uttrykk for før. Vi trur ikkje det er noko parti som har betre landbrukspolitikk på papiret enn SP, og vi trur ikkje andre regjeringar hadde kome med meir pengar. Men næringa kan ikkje leva av ord og småpengar i avtaleperiode etter avtaleperiode. Det bør heller ikkje SP kunna. Då må alvoret markerast. I valet mellom seigpining og ein brå død, er vi redde for at fleire vil velja det siste.

Landbruksministeren la sjølv fram tal som syner at bønder har ei inntekt pr. årsverk ned på 50- – 60-prosenttalet av dei gruppene ein samanliknar med. Då hjelper det lite at det dei siste fem åra så vidt er korta ned på forspranget. Korkje bøndene eller SP har tid til å venta i hundre år på jamstilling. Når vi ser kor relativt lite pengar andre grupper streikar for, må også politikarane forstå mismotet til bøndene.

Kven i all verda skal få til det verkelege løftet, om ikkje denne regjeringa gjer det? Det hastar. Ja, vi veit at bøndene er sjølvstendig næringsdrivande, men når vi først har ein norsk modell for landbruket og inntektene til bøndene, må vi ha denne modellen på godt og vondt.
Vi har ennå ikkje oppfatta korleis Landbruksministeren meiner familiebruk skal overleva og utviklast framover. Svaret hans på ungdomssamrådet var ”God dag mann, økseskaft”. Det er ikkje inntekter til kapitalavkasting og løn etter utbygging. Heller ikkje på storgarden Skaugum var det råd å dekkja både kapitalkostnader, altså paktingsavgift, og vederlag for arbeidet for ein paktar. Vi held fast på at det må til pengar av ein heilt annan storleiksorden til nedskriving av investeringskostnader om familiebruket skal overleva. Det vil vera ein særs god bruk av ”oljepengar” å tryggja framtidig matproduksjon på den måten.

Vi påstår at også vi i Bondevennen kan rek­na, og vi meiner at vi har plikt til å informera, og meina noko om dei økonomiske vilkåra bøndene blir tilbydde. På andre sida har vi rikeleg med reportasjar som syner at dyktige bønder får det til, at dei trivs som bønder, og at dei har inntekter som får det til å gå i hop. Men oppi dette positive skin det også gjennom at det ligg ein enorm arbeids- og kapitalinnsats bak. Og mange er svært dyktige. Då kan ein gjerne spørja kor langt desse hadde kome om dei hadde satsa tilsvarande i ein meir lukrativ bransje. Heldigvis er det likevel mange som ser verdien i å vera bonde.

Kor lenge torer styresmaktene å stola på at det er mange nok som finn ei løysing. Som tærer på privatforbruket og arbeider langt meir enn sju og ein halv time kvar dag. Også i helgene. Spørsmålet er om det er mange nok, når vi ser forfall, nedlegging og fråflytting i mange område. Vår meining er heilt klart at svaret er nei. Besøker dei ansvarlege for landbrukspolitikken bare mønsterbruk i sentrale område når dei er ute og skal gjera seg kjende med næringa?

Det trengst meir mat, og dermed meir areal til å produsera denne på, i framtida. Samstundes trengst all kompetansen som er i næringa også i framtida. Vi er sterkt uroa over det vi meiner å sjå av utvikling dei næraste åra, for eit generasjonsskifte er på gang både for folk og bygningar. Dersom det blir gitt rom for det. Det er vår plikt å prøva å setja ord på dette.