PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 27/28 16. juli 2010

Det er med interesse vi har følgt med i utviklinga på tomatfronten i sommar. Stor overproduksjon og priskollaps røyner på for mange, jamvel om marknadsbalansen og prisane nå betrar seg. For dei som har store investeringar, blir økonomien særs pressa. For dei som har eldre anlegg der kapitalkostnadene ikkje tyngjer så mykje, røyner det på viljen til å arbeida på dugnad, og kanskje på tap.
Det nye gigantgartneriet i Kviamarka i Hå har av mange fått skulda for samanbrotet i marknaden. Når det gjeld samanbrotet, trur vi på dei som seier det skuldast fleire omstende. Det har vore svært gode vekstforhold for tomat med tilhøyrande store avlingar, og ein dårleg grillsesong så langt, med mindre forbruk av tomat enn normalt, har verka inn saman med for stor import. Men produksjonen frå det nye gartneriet har sjølvsagt hatt mykje å seia.
Dei fleste tomatprodusentane var svært skeptiske til det nye gartneriet også før det blei bygd, men det er fritt fram å byggja slike anlegg. Eigarane lova klart og tydeleg at gartneriet skulle produsera tomatar og anna som skulle erstatta import, og ikkje konkurrera med annan norsk produksjon. Så blei det ikkje så enkelt, dei fekk ikkje avtale om stort nok areal, og satsa utan avtale på fleire titals dekar tomatar som konkurrerer med eksisterande norsk produksjon. Tomatar er ikkje særleg haldbare. Då blei det dumping, og tapet og raseriet er formidabelt.
Det som har skjedd på tomatsektoren i år, illustrerer godt ein del av utviklinga i norsk landbruk. Men for tomatprodusentane kom det brått og brutalt fordi dimensjonane er så store, fordi tomatane ikkje er haldbare, og ein overproduksjon er så katastrofal. Historisk sett ein velkjent situasjon når individuelle interesser kolliderer med solidarisk tenking. Alle taper.
Vi kan håpa på at mange vil ta lærdom av det som har skjedd, at dei har sett at det er heilt avgjerande for lønsemda i norsk landbruk med produksjonsstyring og marknadsregulering. Men vi tvilar på at alle har teke nok lærdom, erfaringa tilseier ikkje det. Norsk landbruk er likevel slik skrudd saman at det blir svært få som overlever om ikkje bøndene greier å tenkja solidarisk, men bare individuelt. Storleik gir ikkje aleine god økonomi.
Norsk landbruk er ikkje skjerma frå generelle krav til produktivitetsvekst. Næringa har sanneleg også teke ansvar for å ta sin del av slik vekst. I følgje tal frå Landbruksministeren har landbruket betra effektiviteten med 4 % pr. år gjennom lang tid, mot gjennomsnittet i næringslivet elles på 2 %. Vi er langt frå sikre på at landbruket sjølv nyt noko som helst godt av den sterke produktivitetsveksten. Den kjem fullt ut Staten og forbrukarane til gode. For kva er det som skjer? Når produktiviteten aukar, blir dette lagt inn i grunnlagsdata for mellom anna jordbruksforhandlingane, og bonden blir skvisa. Næringa kjem inn i ein vond sirkel, der dei som til ei kvar tid aukar produksjonen til det maksimale, set akkorden for alle.
Storgartneriet i Hå vert sagt å ha eit areal som utgjer 15 % av tomatarealet i Norge. Då trengs bare seks-sju slike gartneri for å dekkja heile behovet vårt. Vil desse vera mange nok til å ha tyngde i høve til styresmaktene, og i høve til å halda eit effektivt importvern? Vi tvilar sterkt.
Dei store gartneria er også avhengige av svært mykje leigehjelp. Dei aller fleste produksjonsarbeidarane kjem frå Aust-Europa. Kor stor er forskjellen mellom på eine sida import av det meste av arbeidskrafta, og på andre sida dei ferdige varene? Ikkje større enn at importvernet er i fare, trur vi.
Gartneriet i Kviamarka i Hå er kome for å bli. La oss håpa at løfta om at produksjonen derifrå skal koma i staden for import, blir haldne frå neste år, og at ikkje altfor mange andre gartneri ligg att med brekt rygg i kjølvatnet av hendingane i år.
Norsk landbruk er heilt avhengig av fellesskapstenking, av solidaritet. Dette gjeld så absolutt ikkje bare på tomatsektoren, men i det meste av grøntsektoren og i mange husdyrproduksjonar. Ei sterk organisering og lojalitet til organisasjonane, saman med ei forståing av korleis marknaden fungerer, er avgjerande. Det kan vera greitt å vita at bonden og næringa kan gjera mykje sjølv for å styra den økonomiske utviklinga, og at det ikkje bare er Staten sitt ansvar.
