PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 29/30 30. juli 2010

Det er ikkje noko nytt når vi seier at du som bonde har eit av dei mest krevjande og allsidige yrka som er - både fysisk, i arbeidsomfang, men ikkje minst i høve til kunnskap/kompetanse. Etter kvart som marginane blir mindre og produksjonsomfanget på den enkelte garden større, stig kompetansekrava. Dei store forskjellane som er i inntekter mellom dei dyktigaste og dei som ikkje får det like godt til, er òg eit klart teikn på at kompetanse løner seg.
Kompetanse i landbruket er så mykje. Det reint produksjonsfaglege omfattar svært mange fag. Så kjem alt det andre: bonden leier ei bedrift og må ha kunnskapar om driftsleiing, som ikkje minst omfattar å gjera rett arbeid til rett tid. Han og ho må også kunna mykje om teknikk og økonomi. Og slik kan vi halda fram. Kompetanse kan også delast i realkompetanse og teoretisk kompetanse. Realkompetansen har ein fått gjennom praksis, og dei fleste som blir bønder er oppvaksne på gard. Den teoretiske kompetansen får ein gjennom skule og studium. Dei som best kombinerer realkompetanse og teori gjer det best.
Jamvel om det nå ser ut til å vera ein viss auke i søknader til skule/studium som gir teoretisk landbrukskompetanse, registrerer vi framleis at det er stor uro hjå mange over at for få komande bønder skaffar seg teoretisk kompetanse, før dei blir bønder.
Dårleg økonomi i næringa, samstundes som det er rikeleg med jobbtilbod i andre yrke til langt betre betaling, må ta det meste av skulda. Dei som skal satsa langsiktig i landbruket, må investera svært mykje, og bind seg sterkt. Færre enn før blir bønder av idealisme.
Trass i at vi ofte fangar opp signal om at landbruket i Norge skal ha ein småskalastruktur, har strukturutviklinga gått svært raskt. Strukturutvikling i denne samanhengen betyr nedlegging av bruk. Dette har skjedd i langt større omfang enn det som så langt går fram av statistikken.
Vi høyrer til dei som trur at ein gong der framme kan strukturutviklinga måtta reverserast. Det kan ha med tilgangen på fossilt drivstoff å gjera – dagens jordbruk er særs energikrevjande, eller det kan vera andre årsaker til at eit berekraftig landbruk blir definert i større grad å vera tufta på garden sine eigne ressursar - areal, arbeidskraft og gjødsel. Dei svært mange som i dag går ut av næringa, tek med seg kompetanse som er tileigna gjennom generasjonar. Raseringa av realkompetansen er verkeleg alvorleg.
Vi forstår svært godt at mange ungdommar som ynskjer å bli bønder, og normalt ville lagt opp si utdanning for å bli best moglege agronomar, gjerne vil sikra seg ved å ta seg ei anna utdanning, og praktisera nokre år i eit anna yrke. Det er bare det at når ein har valt eit slikt løp, blir det vanskeleg å satsa for fullt i eit så krevjande yrke som landbruket seinare.
La oss ta ein litt annan innfallsvinkel. Det er ein arbeidsmarknad der ute som har stort behov for arbeidskraft med nødvendig, teoretisk kompetanse og med kunnskapar frå det praktiske landbruket. Det gjeld til dømes autoriserte rekneskapsførarar og det gjeld rådgjevarar i mange landbruksfag og på ulike nivå i organisasjonar og bedrifter.
Vi kan ta eit døme: Høgskulen for landbruk og bygdenæringar, som held til på Særheim i Klepp. Så langt har studentar frå Rogaland dominert. Om du undersøkjer blant dei som har studert der, vil du finna svært mange i landbruksrelaterte stillingar – og som tillitsvalde i organisasjonane. Mange har dyktiggjort seg som bønder. Du finn tilsvarande gode døme frå dei andre utdanningsinstitusjonane.
Vi trur fullt og fast på at dei som tek landbruksrelatert utdanning, vil få ein jobb dei likar. Og så er dei kvalifiserte til å bli dyktige bønder, om dei skulle ynskja det i neste omgang. Kanskje er det lettare å gå frå ei stilling innan landbruksfag til å bli bonde, enn å gå inn i næringa frå andre yrke. For den teoretiske landbrukskompetansen vil bety stadig meir.
Mange av institusjonane for landbruksutdanning tek inn elevar/studentar så lenge det er plass fram til undervisningsstart. Så det er bare å hoppa på. Eller planleggja for eit seinare år. Det er vanskeleg å førestilla seg noko meir interessant, meiningsfylt og langsiktig enn landbruk.
