PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 31/32 – 13. august 2010

Gode tider i pels
Leiar31

I førre utgåva av Bondevennen skreiv me om svært gode prisar på pelsskinn på dei siste auksjonane i København og Helsingfors, spesielt for mink. Ja, prisane blei omtalte som fantastisk gode. Årsakene er fleire. Det har i årevis vore gjort særs godt arbeid innan produktutvikling og marknadsføring. Pelsskinn blir brukt til så mykje, ikkje bare varme plagg. Det har blitt svært mange rike kinesarar og russarar, og i desse landa er det gjævt med pels. Kinesarane har prøvd seg med produksjon av pelsdyr, men får det ikkje til. Fôret er for dårleg, og dei har ikkje kunnskapar nok. Dermed blir det dårleg skinnkvalitet og ikkje lønsemd. Den kalde vinteren i nord gav også ekstra sal av pels, og lagera av kvalitetsskinn gjekk tomme.


Dei norske pelsdyrprodusentane, som bare står for vel ein prosent av verdsproduksjonen av mink, og rundt 10 prosent for rev, vil svært gjerne ha med seg fleire produsentar. Marknaden er den internasjonale, og norsk produksjon skiplar ikkje balansen mellom produksjon og sal. Kostnadene blir reduserte for alle norske produsentar om fleire kjøper fôr og tenester.

 

Situasjonen er svært ulik den ein for tida har i andre husdyrproduksjonar. Mange mjølkeprodusentar vil gjerne produsera meir mjølk enn dei har kvote til, for svin blir det i år ein betydeleg overproduksjon, og for kylling er det streng produksjonsregulering. Også innan grøntsektoren er det jamt over større vilje til å produsera enn det som det er avsetnad for. Det mest aktuelle dømet er tomat, der eitt nytt gigantgartneri er sterkt medverkande til å øydeleggja økonomien i ei heil næring det meste av årets sesong.


Pelsdyrnæringa, og då særleg produksjon av mink, kan truleg syna best lønsemd av alle husdyrproduksjonar siste tiåret. Rett nok varierer det ein del frå år til år, sidan ein er på verdsmarknaden, men her gjeld det å vera langsiktig. Sjølv om etablerte produsentar ynskjer nye hjarteleg velkomne, er tilslaget frå nye heller magert. Kvifor er det slik? For mange er det nok ein framande produksjon. Ein del vil også hugsa relativt storstilt satsing på produksjonen for 20 – 25 år sidan. Frå politisk hald (les Gunnhild Øyangen) blei det motivert sterkt til satsing. Så blei det priskrakk. Ein del produsentar var ikkje langsiktige nok i si satsing, og det blei avvikling att for mange.

 

Press frå dyrevernaktivistar, og stadig nye miljø- og dyrevelferdskrav til næringa, har også gjort mange usikre. Me må likevel tru at politikarane meiner alvor når dei seier at næringa har ei framtid. For nyetableringar er det også overkomeleg å tilpassa seg dei nye krava.

 

Skepsis til noko nytt, som bind både kapital og arbeidstid i lang tid framover, er sunt og nødvendig. Dei som skal satsa på pelsdyr, må vera langsiktige i si satsing. For det vil gå både opp og ned også i framtida. Men dette dreier seg absolutt ikkje bare om økonomi, men om interesse for dyr og dyrehald generelt og om pelsdyr spesielt.


Bondevennen korkje kan eller vil garantera framtida for pelsdyrhald. Me kan bare peika på at her er det ei næring der ein kan satsa, der ein er velkommen inn utan å måtta kriga eller betala for kvote. For dei som i det heile kan tenkja seg å satsa, må det i alle høve vera verd å undersøkja nærare. Næringa vil ta godt imot dykk, og på Sørvestlandet er det eit aktivt produsentmiljø. Men de må ha interesse for denne spesielle produksjonen.

 

Det kan i alle høve vera rett å ta med seg dette: Anleggsinvesteringane i pelsdyr er relativt sett lågare enn i andre husdyrproduksjonar. I dei moderne anlegga er luktproblema minimale. Det er rikeleg tilgang på fôr i verdsklasse, noko som er sterkt medverkande til god skinnkvalitet. Pelsdyrproduksjonen bør og må byggjast opp over tid etter kvart som ein tileignar seg kunnskapar. Det er etablert ei fadderordning som gjer at nye produsentar får kunnskapar og råd frå erfarne produsentar. På same måten er det etablert gode finansieringsordningar i næringa. Dei som er nystarta, set stor pris på hjelpa, og den positive haldninga frå dei etablerte.


Til sjuande og sist er det du som bonde som må avgjera om pelsdyrhald er noko å satsa på. Det bør vera verd ei vurdering i høve til alternative produksjonar. Du vil få den hjelpa du treng frå pelsdyrmiljøet for å avklara om pelsdyrhald er noko for deg.