PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 33/34 – 27. august 2010

Riksrevisjonen og jordbruket

Riksrevisjonen har teke Stortinget sine overordna mål for landbruks- og matpolitikken på alvor, og stiller Landbruks- og matdepartementet (LMD) til ansvar for å nå måla. Dette er interessant. For vi er van med at vakre ord og fine formuleringar frå politisk hald først og fremst tener som reklame. Av erfaring ventar folk flest ikkje at alle lovnader blir haldne og trur vel heller ikkje at politikarane har ambisjonar om å innfri alt dei lovar. Det gjeld også formuleringane om levande bygder, biologisk mangfald, kulturlandskap og langsiktig mattryggleik.

Når Riksrevisjonen til dømes konkluderer med at det er "betydelige utfordringer knyttet til å nå Stortingets mål om å opprettholde et aktivt og variert jordbruk over hele landet", er dette noko alle andre enn rikspolitikarane ser. Folk som kjører kringom i norske bygder, ser stadig fleire tome driftsbygningar.

Det er slege fast at mjølkeproduksjonen er berebjelken i landbruket. Skal han vera det også framover, må det vera lys i mange nok fjøs.

Men når folk skal byggja nytt, er det store fjøs som gjeld. Mange opplever at dei må fleirdobla produksjonen om dei skal få lån og tilskot frå Innovasjon Norge til å byggja nytt. Dei treng jord og kvote frå kanskje fleire naboar. Løysinga blir gjerne samdrift. Men dette blir oftast i teorien. For økonomien blir gjerne slik at maksimalt den eine lever av produksjonsvolumet som tidlegare gav levebrød til fleire, mens dei andre må henta inntekter utanfrå.
Korleis ein då skal greia å behalda ein variert bruksstruktur over heile landet etter kvart som bygningsmassen blir fornya, er det få utanom Stortinget og Regjeringa som forstår.

Situasjonen er ikkje annleis for gris, verpehøns og kylling. Når ein skal byggja til desse dyreslaga, er det nærast sjølvsagt å utnytta konsesjonsgrensa. Så også her blir det smått med variasjonen.
Riksrevisjonen skriv vidare: "Også mål for ivaretakelse av areal- og landskapsressurser og ulike miljøhensyn er i varierende grad nådd. Jordbruket på deler av Vestlandet, i Nord-Norge, Agderfylkene og Telemark er særlig utsatt – blant annet når det gjelder nedleggelser av gårdsbruk, framtidstro blant gårdbrukere, andel leiejord og andel ubebodde landbrukseiendommer".

Ja, men er ikkje mykje av dette ei sjølvsagt følgje av kravet til driftsomfang ved nybygg. Talet på bønder må nødvendigvis minka radikalt. Då kan ikkje neste generasjon ta over alle bruk. Mange bruk - faktisk fleirtalet – må ut av drift som eiga eining. Jorda kan framleis bli driven – av andre.

I det heile er Riksrevisjonen kritisk til mykje av det LMD steller med, utover matproduksjonen. Såleis kan vi ta med at Riksrevisjonen skriv at kvaliteten på jordbruksareala blir ringare. Og at utviklinga i jordbruket gjer det vanskeleg å ivareta dei ulike kvalitetane i kulturlandskapet. Målet om halvert omdisponering av den beste jorda er heller ikkje nådd.

Riksrevisjonen meiner også at ein knapt har nådd måla om å redusera forureining frå jordbruket til jord og vatn.
Riksrevisjonen kritiserer LMD for i liten grad å utdjupa Stortinget sine overordna mål for landbruks- og matpolitikken gjennom meir konkrete, avgrensa og etterprøvbare mål. Dette får konsekvensar for formidlinga av mål, resultatkrav og resultatindikatorar til underliggjande verksemder, og for resultatrapporteringa.

Kan det tenkjast at LMD ikkje er så alt for interessert i konkrete og etterprøvbare mål? Då kan ein lettare driva sjølvskryt utan at det blir avslørt. Som til dømes å hevda at bruksnedgangen flatar ut, slik ein gjorde i fjor.

Så kan ein spørja om det er måla for landbruket, eller landbrukspolitikken som må endrast. Er det realistisk å oppretthalda målet om eit variert landbruk med variert bruksstruktur over heile landet, eller er det berre ein ønskedraum? Det vil i alle fall kosta.

Også bøndene sjølve er pådrivarar i strukturrasjonaliseringa. Dei tek t.d. i bruk ny tilgjengeleg teknologi. Som stadig større og meir avanserte maskinar som krev store areal for at investeringane kan forsvarast. Det fører igjen til at det blir vanskeleg eller uøkonomisk å driva småteigar. Samstundes fører stordrift og samdrift til dårlegare utnytting av beiteareala og dermed meir tilgroing.
Stortinget og Regjeringa må bestemma seg, og ikkje føra folk bak lyset. Vil dei ha aktivt landbruk med variert bruksstruktur over heile landet, må dei også setja inn dei verkemidla som trengst. Vil dei ha den strukturutviklinga dei i dag legg opp til i praktisk politikk, må dei skriva dette i klartekst i den kommande stortingmeldinga om landbruket.