PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 35 – 3. september 2010

Doffen har dauda

Du hugsar kanskje den populære reklamesnutten med gullfisken som låg daud som ei sild med buken i veret i glasbollen sin. Mora til fiskeeigaren freista febrilsk å vekkforklare den ubehagelege sanninga, før den vesle eigaren skar i gjennom og slo fast at Doffen var daud. Ferdig med det.

Norsk landbruk sitt omdømme skal framleis byggjast i åra som kjem. Byggverket blir aldri ferdig. Men korleis omdømmet skal utformast, må stadig diskuterast.

Norges Bondelag har, saman med andre lag, samvirkeverksemdene og andre, i år arrangert 70 Open Gard-arrangement Norge rundt. Landbrukets lyse side er presentert. Familien Egil og Kari frå Bærum har saman med fleire tusen andre landbruksframande familiar fått eit lite, eksotisk innblikk i kva som føregår på eit gardsbruk. Brekande sauer og lam, purke med ungar i ein binge, daffe kyr og spretne kalvar. Høns og kaninar saman med høyhopping, lefse med gome og nysteikte lappar med rømme, bringebærsyltetøy, hest og kjerre og varm augustsol. I tillegg til aktivitetane og synsinntrykka får gjerne dei besøkjande god, skriftleg informasjon om norsk landbruk og matproduksjon.

Open Gard er eit stort og svært positivt dugnadsprosjekt. Det er omdømmebygging på sitt aller beste. At det ligg svært mange dugnadstimar bak kvart gardsbruk som opnar dørene, har så langt ikkje vore til hinder for gjennomføring av arrangementa. I løpet av 20 år med Open Gard har ein dryg million norske menn, kvinner og born fått med seg eit positivt inntrykk av norsk landbruk. Alle bondevennane som står bak denne døropnaren fortener ein stor takk. Dette er kontinuerlig ommdømmebygging av uvurderlig verdi.

Tine er også ein av våre omdømebyggjarar. Teksten på einliterskartongen med heilmjølk som vi nyleg las, fekk oss til å undre på om alle bruker rette verktøyet. Her blir det slått fast at alle kyrne som mjølkar for Tine får åtte vekers sommarferie. - Etter sommarbeitet venter fjøset med madrassar som er gode å sove på, les vi vidare, før Tine slår fast at kyr er litt sånn som oss menneskje. Blir dei behandla med omsorg og kjærleik, så blir dei friske og lukkelege.

Vi skal ikkje falle for freistinga til å kverulere over teksten, men berre nøye oss med å slå fast at kyr ikkje bør samanliknast med menneskje. Norske storfe har ikkje ferie. Ei ku søv til saman 20 minutt per døgn uavhengig av underlag, men det er rett at eit godt underlag fører til at kyrne ligg lenger.

Det er sikkert dei som meiner at ord som lukke og kjærleik også sorterer under det som går føre seg i fjøset. Vi stiller oss i rekka med tvilarane og undrar på om vi er i ferd med å fjerne oss litt for langt frå Doffen og verkelegheita. Norsk landbruk er ikkje tent med berre romantisering og glorifisering. Vi høyrer med blant dei som framleis ønskjer å kalle ei spade for ei spade. Dei som i si tid fann på å kalle naudslaktebilen for dyreambulanse, kom truleg fram til same konklusjonen.

Familiane frå Tasta, Bærum og Fana, saman med storfamilien på Løvebakken, treng historia om Doffen. Norsk landbruk handlar i hovudsak om matproduksjon. Norske bønder er næringsdrivande med ikkje alt for gode ramevilkår. Målet er ein rekneskap som går i pluss og som gjev løn og pågangsmot i bytte for hardt arbeid. Jorda og husdyra er innsatsfaktorar. Snittalderen for ei norsk ku er drygt tre år, deretter blir ho slakta. Det betyr at ho må bøte med livet. Griser, sauer og kyllingar blir også slakta. Provet ligg lekkert dandert i kjøle- og frysedisken i butikken. Saman med egg og mjølk, mjøl, poteter, frukt og grønt, er fellesnemnaren for alt dette mat.

Ein milliard menneskje får i dag for lite nmat. I Pakistan er situasjonen akutt for drygt 20 millionar flaumråka. Russland har stengt for eksport av korn, medan norske bønder i skrivande stund fryktar ein elendig kornhaust.

Den globale matvaresituasjonen er ekstremt sårbar. Norske bønder er garantistar for at vi eit lite stykke på veg dekker vårt eige behov for det vi treng av mat.

Våre matprodusentar har berre gode grunnar til å rette ryggen, vere stolte av omdømmet og krevje takk for maten.