PÅ LEIARPLASS - BONDEVENNEN NR. 01/02 – 13. januar 2012

Gamalt nytt

Leiar Bv01/02

Ved årsskiftet stansar me alltid opp og ser tilbake. Det er gjort svært grundig også for 2011 i nær alle media. Her skal me sjå på nokre saker, både bakover på 2011, og framover på 2012.
I eit land der smørkrise overskuggar internasjonal eurokrise, finanskrise og arbeidsløyse, har me det eigentleg bra. Me skal her ikkje dvela ved Tine si handtering av smørkrisa, det er det mange nok andre som gjer. Men me føler oss overtydde om at psykologien rundt rykte om at det var knapt av ei vare, blei undervurdert. Folk hamstra. Hadde alt smør som låg i kjøleskapa rundt juletider vore i marknaden, hadde det vore nok til alle, er vår påstand. La det liggja. Det me merkar oss, er at krefter som ikkje vil landbruket og landbrukssamvirket vel, nyttar «smørkrisa» for alt saka er verd. Det gjeld både visse politikarar og media.

Dagens Næringsliv var ute med ein kommentar på sjølve julaftan, med overskrift «Fettproblemet». Her blir Tine og Tine si rolle som marknadsregulator dømt nord og ned. Noko nytt i det? Bondevennen omtalte i 1937 at Norges Handels- og Sjøfartstidende, som altså seinare blei Dagens Næringsliv, hadde kraftige åtak på landbrukssamvirket. Det same hadde Dagbladet. Samvirket passa ikkje inn i deira ideologi. Éin av konklusjonane er at samvirka aldri vil kunna gjera marknadsliberalistane til lags, ei anna at samvirket til ei kvar tid må gjera den best moglege jobben.
Kjedeutvalet, med Einar Steensnæs som dyktig leiar, la i fjor fram si innstilling. Utvalet peikar på fleire tiltak for å få kontroll med makta daglegvarekjedene har i dag. Saka skal behandlast ferdig i år. Men er det for seint, har kjedene blitt så sterke at dei ikkje let seg styra? Marknadsliberalismen, altså vårt kapitalistiske system, er basert på at makta rår.

Etableringa av den verkeleg sterke kjedemakta starta tidleg på 1990-talet, og fall saman med at styresmaktene var svært opptekne av å bryta ned landbruket og landbrukssamvirket si makt. Konkurranse var det berande ordet. I løpet av mindre enn 20 år blei det ei radikal maktforskyving til fordel for daglegvarekjedene. Desse kjedene har i dag langt større marknadsmakt enn landbruket og samvirket nokon gong har hatt. Vi trur ikkje korkje forbrukarane sine interesser eller andre samfunnsinteresser er særleg tente med det. Vår påstand er i alle høve at styresmaktene sov i timen då dette styrkeforholdet var i si sterkaste endring. Det blir ein langt tyngre prosess å få balanse mellom ledda i verdikjeda i dag enn om ein hadde teke tak i saka for ein halv generasjon sidan. Me må bare håpa.
Det er med interesse også me har lest den nye meldinga om landbrukspolitikken, og kommentarane til denne. Men er det ikkje gamalt nytt på dei fleste sentrale område? Det kan vera viktig nok å få friska opp i gamalt, men då må ein vera klar i over at det er akkurat det.

Når det gjeld inntektsmålet for bøndene, blei jamstilling mellom landbruket og andre grupper første gong lova i Fellesprogrammet like etter siste verdskrigen. I ei stortingsmelding midt på -60-talet var målet jamstilling mellom bonden og industriarbeidaren.

Den store endringa kom i 1976, med Stortingsmelding nr 14, og lovnad om jamstilling i løpet av seks år. Målet blei oppfylt i 1982, men blei raskt omformulert til langt mindre forpliktande. Jamstillinga blei endeleg droppa etter semje mellom AP, Høgre og FrP rundt 1990. Haldningane som ligg i desse partia, er ikkje så lette å påverka.  Formuleringane om bonden si inntekt i seinare meldingar, også den siste, inneber ikkje noko nytt, bare noko andre ord. Det same gjeld produksjonsmåla, mål om sterkare vern av jord og mangt anna. Mykje gamalt nytt altså. Så er det sjølvsagt ein del nye mål, men dei er lite forpliktande. Vi ventar i spenning på tiltak og virkemiddel.
Sjølvsagt blir det mykje positivt også i 2012, og mykje interessant. Noko gamalt nytt, men også ny-nytt.


Godt nytt år!

Dag Raustein