Leiarar 2007


Bv 01 - 5. januar

På veg inn i 2007

Dei fleste av oss har heldigvis ei evne til raskt å gløyma det som var litt tungt og vanskeleg og konsentrera tankane om det som var og er godt. På same måten greier vi å tenkja framover, å planleggja det som kjem – med ei blanding av glede og spenning.

Les leiaren fra Bv 01
 

Bv 02 - 12. januar

Langreist mat

For nokre månader sidan var det mykje omtale av den ”langreiste” norske fisken. Fisk som var fanga av norske fiskarar i norsk hav og ført til land i Norge, blei frosen ned og deretter sendt med båt til Kina. Her blei han filettert og så returnert til vårt land for å bli selt i butikkane hjå oss.

Les leiaren fra Bv 02

 


Bv 03 - 19. januar

Tid for oppgjer

For vel ein månad sidan kom rapporten frå det internasjonale granskingsutvalet som vurderte kva som faktisk skjedde i E.coli-saka her til lands i fjor vinter. Rapporten er ikkje hyggjeleg lesing korkje i Gilde, Mattilsynet eller Folkehelseinstituttet. Det står likevel ikkje så mykje som er direkte uventa, ut frå det vi opplevde frå utsida.

Les leiaren fra Bv 03

 

 

 

Bv 04 - 26. januar

Frakttilskot til nytte for alle

Rundt om i landet er nå studiearbeidet for å førebu jordbruksforhandlingane godt i gang. Bondelaget og Småbrukarlaget har sendt ut ein del signal i førekant. Meldingane er klare: Det ”pusleskapet” som blei resultatet av førre jordbruksavtale, må gløymast snarast. Nå må Staten verkeleg bla opp. Dersom ein ikkje nå, med ei raudgrøn regjering og landbruksminister frå Senterpartiet, får eit tillegg som monar, så er det vanskeleg å sjå kva tid det skal skje.

Les leiaren fra Bv 04

 

Bv 05 - 2. februar

Lagnadstid for vestlandssauen

Nortura sin verdikjedekonferanse for lam i region vest nyleg, avslørte ikkje uventa store utfordringar for sauebøndene i året og åra som kjem. Sauen er for dei aller fleste, bønder eller ikkje, eit kjært barn med mange namn. Den er eit ålreit dyr og eit politisk dyr, ein miljøskapar og ein interessevekkjar. Men utfordringane finst altså også.

Les leiaren fra Bv 05

 

 

 

Bv 06 - 9. februar

Tjuveri og løpske prisar

Den siste tida har det vore mykje omtale i avisene av ulik verdsetjing av jord som skal omdisponerast frå landbruk. Spesielt på Nord-Jæren har vi sett prisar som varierer frå det ein best kan kalla tjuveri, til at prisnivået har løpt heilt løpsk. Det kan ikkje vera rett at det skal vera slik. Og er det ikkje rett, må lover og praksis endrast.

Les leiaren fra Bv 06

 

Bv 07 - 16. februar

Realistisk pris på grovfôret

Med Biff-kongress 07 i Stavanger som utgangspunkt, kan det passa å setja fokus på kostnadene med produksjon av grovfôr på generelt grunnlag

Les leiaren fra Bv 07
 

Bv08 - 23. februar

Bruksutbygging og investeringstilskot

Norges Bondelag seier klart frå om at ein tek regjeringa si Soria Moria-erklæring på alvor. Organisasjonen har fire overordna emne for årets jordbruksforhandlingar, nemleg inntekt, investeringsmidlar, velferdsordningar og næringsutvikling. Desse heng mykje saman. Mellom anna får mengde investeringstilskot direkte innverknad på inntektene hjå dei som investerer.

Les leiaren fra Bv 08

 

Bv 09 - 2. mars

Å styra eller å la det skje

Den siste tida har vi sett mange innspel i struktur- og distriktsdebatten i norsk landbruk, frå media, organisasjonar og enkeltpersonar. Som vanleg sprikjer synspunkta sterkt, avhengig av politisk ståstad og av eigeninteressene.

Les leiaren fra Bv 08

 

 

Bv 10 - 9. mars

Underskot av lammekjøt

Meldingane har vore klare lenge. Frå litt overskot av lammekjøt for få år sidan, er det nå import. Lagera er tomme. Sauebøndene krev gjennom sine ulike organisasjonar betring i økonomien. For underdekninga er først og fremst eit spørsmål om økonomi.

Les leiaren fra Bv 10

 

 

 

Bv 11 - 16. mars

Når krubba er tom

I Bondevennen nr. 9 orienterte Fylkesmannen i Rogaland og Innovasjon Norge Rogaland om prioriteringa av BU-midlane for 2007. Den harde prioriteringa er eit sjokk for dei som har arbeidd med byggeplanar i god tru, men som nå fell utanom den gruppa som vil få BU-midlar.

Les leiaren fra Bv 11

 

 

Bv12 - 23. mars

Frislepp av høns

Frå 1. januar 2012 er det forbode å halda høns i tradisjonelle bur. Helst skal hønsa då vera frittgåande, men fram til nyleg har det vore rekna med at bur som inneheld reir, vaglepinne og ”sandbad”, vil bli aksepterte også etter nemnde dato. I det siste har dette blitt meir usikkert.

Les leiaren fra Bv 12

 

 

Bv13/14 - 4. april

Driftsfellesskap eller sjølvstendige føretak

Landbruket er i søkelyset frå ulike hald. Marknadsliberalistane meiner at bøndene både er for lite effektive, dei er for mange og tener for godt, og er nærast ein klamp rundt foten for resten av samfunnet. Likevel, meiningsmålingar syner at folk flest støttar næringa. Bøndene kan stå med rak rygg. Men det er viktig at næringa ikkje bevisst utset seg for åtak.

Les leiaren fra Bv 13/14

 

 

 

Bv 15/16 - 20. april

Like før

 

Den 26. i denne månaden legg jordbruket fram sitt krav til årets jordbruksoppgjer. Staten svarer med sitt tilbod den 2. eller 3. mai. Vi er meir spente på tilbodet enn på kravet.

Les leiaren fra Bv 15/16

 

Bv 17 - 27. april

Frakttilskot i minus

Det stundar mot jordbruksforhandlingar. Tala er tindrande klare, landbruket har behov for store inntektsløft. Samstundes veit vi at motparten vil halda att, og det vil vera uråd å løfta næringa opp på eit anstendig nivå i ein eingong. Men eit stort løft må det bli, regjeringa har plikta seg til det.

Les leiaren fra Bv 17

 

 

Bv 17 - 27. april

Bot til retten

 

Dei som hadde ordet i regionmøtet i Tine Meieriet Sør nyleg gav to klare råd til konsernstyret. Det eine var at nå er tida inne til å gjera det vedtaket som skulle vore gjort for to-tre år sidan, nemleg å byggja nytt meieri for faste produkt på Jæren. Vi har registert at utvalet som har vurdert byggjeprosjektet på ny, har funne dette godt lønsamt, men skal la den saka liggja nå.

Les leiaren fra Bv 17

 

Bv18/19 - 11. mai

Nær løftebrot

Så kom endeleg tilbodet frå Staten, to-tre dagar over tida. Det tyder på, eller er meint å skulla tyda på, at det var ein hard dragkamp i regjeringa om ramma. Finansministeren og Statsministeren har halde att, og Landbruksministeren har kjempa. Så langt har sistnemnde tapt, men vi må tru at det ligg store pengar å forhandla om. Landbruksministeren og Sp er nøydde for å koma opp med mykje meir pengar om regjeringssamarbeidet skal halda fram. Det står om tillit hjå kjerneveljarane til partiet.

Les leiaren fra Bv 17/19

 

 

 

Bv20 - 18. mai

Kostnadskontroll ved bygging

 

Det blir hevda med stor tyngde at byggjekostnadene i landbruket har stige med rundt 20 % siste året. Prisstigninga fordeler seg noko ulikt, men materialar i tre kan visa ein auke på rundt 50 %. Entreprenørar som har (for) mykje å gjera, og som kanskje ikkje er av den mest seriøse sorten, blir også skulda for å kalkulera ”med gaffel”. Får dei jobben, skuflar dei inn pengar, får dei han ikkje, så har dei nok likevel. Her må det seiast at seriøse entreprenørar som tenkjer langsiktig, ikkje kan opptre slik.

Bv 20

 

Bv 21 . - 25. mai

Ikkje godt nok

Så blei det noko å kalla jordbruksavtale i år også. Det var vel heller eit diktat. Sjeldan har nedturen vore større, for landbruket måler i høve til løfta som var gitte på førehand. Når det ikkje kom eit rimeleg og rettferdig oppgjer nå, kva tid skal det då koma?
Leiar Bv 21

 

 

Bv 22/23 - 8. juni

Konkurransens pris

Eit berande element i det kapitalistiske systemet, i den marknadsliberalistiske ideologien, er konkurranse i nær sagt alle samanhengar. Konkurransen skal gi meir effektiv produksjon i alle ledd. Kvalitet er også sentralt i høve til den valfridommen som konkurranse gir, og ikkje minst skal ein få eit større produktspekter å velja mellom. Den som vil overleva i ein konkurransemarknad, må altså både vera effektiv, vera nyskapande og produsera kvalitet.

Leiar Bv 22/23

 

 

Bv 24/25 - 22. juni

 

Avklaring på lausdrift

Ingen som har vore i møte med mjølkeprodusentar dei siste åra, kan ha unngått å registrera den sterke uroa kring framtida, og krava om lausdrift frå 2024. Mjølkeproduksjonen er langsiktig, og investeringar må gjerast kontinuerleg om ein skal halda fram. Då er ikkje 17 – 18 år fram i tid særleg mykje. Det er viktig å få ei avklaring på visse sider ved lausdriftskravet så snart som råd. Mange har følt uvissa så stor at dei har valt å avvikla, mange sit på gjerdet.

Leiar Bv 24/25

 

 

Bv 26/27 - 6. juli

Leigejord og leiglendingar

 

Heile 40 % av jordbruksjorda i Norge er nå leigejord. Talet aukar jamt og trutt. Nå dukkar spørsmålet opp i media om dette er ei ynskt utvikling, og kva følgjer det har. Historikar Hallvard Nordås seier til Nationen at han meiner situasjonen minner oss om leiglendingsvesenet i middelalderen, der dei få åtte jorda, medan dei mange dreiv ho, på dårlege vilkår.

Leiar Bv 26/27

 

Bv 28/29 - 20. juli

Den skjøre mattryggleiken

I Aftenposten av 29. juni i år er det ei lita sak med overskrift ”Varsler prishopp på mat”. Auka etterspurnad etter mat frå vekstlanda Kina og India, klimaendringar og ekstremvêr, og ikkje minst aukande etterspurnad etter mais og korn til produksjon av miljøvenleg bioetanol, får skulda for prisstigninga. Norske forbrukarar må rekna med auka matprisar.

Leiar Bv 28/29

 

 

Bv 30/31 - 3. august

Frå 13 til 40% kvinnebønder

Regjeringa arbeider for likestilling også i landbruket. I dag er 13% aktive brukarar kvinner. Landbruks- og matdepartementet har 40% prosent kvinner i landbrukssektoren som mål. Som verkemiddel til å nå målet er to millionar kroner sett av i siste jordbruksavtale, og i juni i fjor vart det sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå ei rekke organisasjonar innan landbruket til å arbeida ut ein strategi for likestilling i landbrukssektoren. Resultatet blir nå presentert som “Strategi for likestilling i landbrukssektoren”.

Leiar Bv 30/31

 

Bv 32/33 - 17. august

Bønder har ikkje opsjonar

Det er eigentleg sagt nok om opsjonar i statsdominerte selskap, men det er så mange spørsmål vi gjerne skulle ha stilt. Om kva sjølvbilete desse personane har som meiner at dei på toppen av ei mange-millionars løn fortener gigantiske opsjonsvinstar og bonusar. For dei syner tydeleg at dei meiner dei fortener det. Vi ser opsjonar som utgjer meir enn det doble av det ein industriarbeidar, ein lærar eller ein sjukepleiar kan oppnå i eit heilt yrkesliv på 40 år. Ser vi på bondeinntektene, må ein bonde ha minst 150 årsverk for éin Hydroopsjon.

Les leiar Bv 32/33

 

 

Bv34/35 - 24. august

Urolege matprisar

Dagleg kjem det meldingar om auke i prisane på mat- og fôrvarer. Orkla hadde eit dårleg halvårsresultat i første halvår og grunngav det med auka råvareprisar. Då må matvaregiganten sine ferdigvareprisar opp. Fleire av daglegvarekjedene varslar høgare prisar på matvarer. Det interessante nå er at det først og fremst er prisane på importvarer som slår ut – og at Orkla og kjedene bruker det i sin argumentasjon.

Les leiar Bv 34/35

 

Bv 36 - 7. september

Jordvern og kommunestruktur

Rogaland Bondelag greidde i førre veke å få solide overskrifter i lokale media. Saka galdt jordvern. Bondelaget ynskjer ein storkommune for sentrale delar av Rogaland som omfattar Jærkommunane + store delar av Ryfylke. Desse kommunane vil samla ha nok av lågproduktive areal til å løysa jordvernproblema på Jæren, og Stavanger vil koma i mindretal i ein så stor kommune. Eit friskt pust i ein elles totalt uinteressant kommunevalkamp.

Les leiar Bv 36

 

 

Bv 37 - 14. september

Rom for meir pelsdyr

Bondevennen har jamleg innslag om pelsdyrproduksjon, fordi det er ein del av norsk landbruk. Det er rom for auka produksjon, og siste tiåret har det synt seg å vera ein av dei mest lønsame næringar i landbruket. Dei siste tre-fire åra har det vore bra tilvekst med nyetableringar, ein vesentleg del av desse har kome i Rogaland.

Les leiaren fra Bv 37

 

Bv 38 - 21. september

Konsern og konsentrasjon

 

I førre veke kom meldinga om at konsernleiinga i Nortura ynskjer å leggja ned avdelinga i Haugesund frå hausten 2008. 163 tilsette produserer pålegg her, som ein av to stader i landet. Den andre staden er Sarpsborg, der det også er slakteri. Heile påleggsproduksjonen er føreslegen lagt til Sarpsborg. Innsparinga er kalkulert til 50 millionar kroner årleg.

Les leiaren fra Bv 38

 

 

Bv 39 - 28. september

Matopplysning og klimagass

Ingen kan skulde organisasjonen ”Framtiden i våre hender” for å tåkeleggje teksten. Organisasjonen slår på si heimeside fast at nordmenn sitt forbruk av kjøt har auka med mest 40 % sidan 1990. Oppmodinga frå organisasjonen til styresmaktene er heller ikkje til å misforstå: ”No må staten slutte å organisere den massive pengestraumen til reklamekontora for kjøt, egg og mjølk. I staden må løyvingane aukast kraftig til informasjon om eit sunt og miljøvenleg kosthald gjennom Helsedepartementet og Miljøverndepartementet”.

Les leiaren fra Bv 39

 

Bv40 - 5. oktober

Betaling for tørrstoffet i mjølka

Bondevennen har i det siste hatt fleire godt funderte innlegg om tørrstoffbetaling i mjølka, med utgangspunkt i rapporten frå arbeidsgruppa som Tine har hatt i arbeid. Dette er tydeleg ei sak som engasjerer. Arbeidsgruppa har føreslege 1 % av mjølkeprisen per ti-dels prosent som ny betaling for proteinet, og 0,7 % som betaling for feittet. Gruppa har talfesta dette til 3,5 øre for proteinet og 2,5 øre for feittet med dagens mjølkepris.

Les leiaren fra Bv 40

 

 

Bv 41 - 12. oktober

Kapitaltilgangen i landbruket

Sjeldan har vel marknadsbalansen for husdyrproduksjonane endra seg så raskt i Norge som vi har sett siste året. Det spesielle er at endringa frå overskot og produksjonspress til marknadsmessig underdekning gjeld så godt som alle husdyrprodukt samstundes. Ekstra interessant er det at vi også ser underdekning av viktige produkt på verdsmarknaden.

Les leiaren fra Bv 41

 

 

Bv 42 - 19 oktober

I gode og mindre gode dagar

For første gong er kornprisen i haust høgare på verdsmarknaden enn i Norge. Dette har gitt ein ny situasjon på fleire område. Mellom anna kan den importen av korn som årleg er nødvendig, skipla konkurransetilhøva mellom kraftfôrprodusentane – slik det nå ser ut.

Les leiaren fra Bv 42

 

 

Bv 43 - 26. oktober

Gass og brems

 

Etter mange år med det vi har opplevd som overproduksjon av dei fleste landbruksprodukta, har verdsmarknaden endra seg sterkt i løpet av kort tid. Nå er det ikkje rett å seia overproduksjon. Det er eit spørsmål om fordeling meir enn at produksjonen er for høg. Nå ser vi at folkerike land blir rikare, og aukar kjøtforbruket. Uår i mange land, og sterk satsing på bioenergi basert på matvarer som mais og soya, har forsterka uroa på matvaremarknaden.

Les leiaren fra Bv 43

 

 

Bv 44 - 2. november

Landbruket sin klimaplan

Klimaspørsmålet dukkar etter kvart opp i nær sagt alle samanhengar. Stortinget har nyleg fått seg førelagt St. meld. nr 34, ”Norsk klimapolitikk”. Innhaldet i meldinga vil etter kvart få noko å seia i dei fleste samanhengar. Også landbruket, og landbruket sin påverknad i høve til menneskeskapte klimaendringar, får brei omtale.

Les leiaren fra Bv 44

 

 

Bv 45 - 9. november

Forsikring i landbruket

Denne utgåva av Bondevennen har som tema forsikringar og pensjonar i landbruket, med mest vekt på forsikring. Når vi har vald dette temaet, er det både fordi det er noko alle har eit forhold til, og mange oppfattar som vanskeleg. I landbruket og på den enkelte garden er det også snakk om store, årlege utteljingar til forsikring og oppsparing til framtidig pensjon. Bondevennen vil gjerne bidra til å setja temaet meir på dagsorden. Dersom vi kan vera med på å sikra at dei pengane som blir brukte årleg på desse områda, blir brukte på ein best mogleg måte, har vi oppnådd det vi ville.

Les leiaren fra Bv 45

 

Bv 46 - 16. november

På rett veg

I eit innlegg publisert på internett-heimesida til regjeringa den 5. denne månaden, fortel Olje- og energiminister Åslaug Haga og Landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen at norsk landbruk er på rett veg. Dei prøver å dokumentera påstanden.

Les leiaren fra Bv 46

 

 

Bv 47 - 23. november

Is i magen

 

Prisen på mjølkekvoter går sterkt ned, og ordninga med omsettelige kvoter går nå raskt mot slutten. Ja, dette er ei melding vi ventar på, og som me faktisk trur på. Me skal grunngi kvifor me trur det går slik, og ikkje minst kvifor me meiner det er rett.

Les leiaren fra Bv 47

 

Bv 48. 30. november

Bioenergi, forbruksauke og matprisar

Bruk av jordbruksjord til produksjon av drivstoff, har vore mykje diskutert. Diskusjonen går på kor stor nettoeffekt ein får ut av denne produksjonen, og ikkje minst på konsekvensar for matproduksjon, matforsyning og pris på maten. Neste generasjon biodrivstoff vil i langt større grad enn nåverande bli framstilt frå avfallsprodukt, eller cellulose frå tre.

Les leiaren fra Bv 48

 

 

Bv 49 - 7. desember

Føre var

Det blir stadig sikrare at kloden vår går mot ei klimakrise, og at denne i stor grad er menneskeskapt. Utviklinga mot krise går langt raskare enn ekspertane tidlegare har trudd. Gjennomsnittstemperaturen på jorda er i sterk stigning, isbrear smeltar, det same gjer isen rundt Nordpolen, og uvêr herjar. Skal vi tru ekspertane, og det gjer vi, vil klimaendringane få store konsekvensar for kvar og ein av oss. Det vi ser i dag av aukande tørke i tørre område, aukande frekvens av øydeleggjande stormar, og nedsmelting av is, kan bli svært mykje verre når temperaturen stig meir. Smeltinga av is kan gjera at havet stig metervis og planter og dyr som er skjøre for klimaendringar, døyr ut.

Les leiaren fra Bv 49

 

Bv 52 - 21. desember

Mot jul og 2008

 

Det er noko som skjer kvart år når julehøgtida nærmar seg og året snart er omme. Vi gjer opp status for det gamle, og vi gjer oss tankar og håp om det nye. Dei fleste opplever at året som gjekk var svært spesielt, at verda og vi sjølv er i ein spesiell situasjon akkurat nå, og at det nye året blir meir krevjande enn dei føregåande.

Les leiaren fra Bv 52