Bv 1 - 8. januar Nytt årNå kring årsskiftet blir vi overfløymde av oversyn over året som er omme, både i trykte media, på skjerm og i radio. Som vanleg ei blanding av godt og mindre godt. Og så er det alltid mange som gjerne vil spå om året som nett er i gang. Spådommane blir akkurat det, spådommar med ei blanding av treff og bom.
|
Bv 2 - 15. januar Med lov skal dyra tryggastEi strengare dyrevernlov løyser ikkje åleine problema med dyretragediar på norske gardsbruk. |
|
Bv 3 - 22. januar Viss det er slikLike før jul registrerte vi store oppslag om at konsernsjef Geir Olav Opheim i Nortura vil ha betalt for samfunnsoppgåver organisasjonen har. Administrerande direktør Dag Henning Reksnes i KLF, Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund, gjekk sjølvsagt sterkt i mot, og fekk tilslutnad frå landbruksministeren. Deira ordbruk stadfestar, heller enn avkreftar, at her er noko å ta fatt i. Også konsernsjef Opheim sine val av ord kunne med hell vore annleis. |
Bv 4 - 29. januar Nye fjøs med eller utan robotSkal ein finansiera fjøset gjennom Innovasjon Norge, må ein leggja fram eit reknestykke som syner at investeringa er lønsam i seg sjølv med tilskot og rentestøttelån. Slik økonomien er på mjølkebruk i dag, er det vanlege problemet å få investeringa til å bli lønsam, og problemet er større jo mindre driftsomfanget er. |
Bv 5 - 5. februar Nokre er likare enn andre
|
Bv 6 - 12. februar Alt treng ikkje vera
som det alltid har vore
|
Bv 7 - 19. februar Den raude hanen herjarDet er ikkje alltid at det brenn hjå naboen eller på ein annan gard i grenda. Vissa om at det også kan brenna på eigen gard, burde ført til at dei fleste gjorde langt meir for å unngå brann på sin gard enn det som er tilfelle.
|
Bv 8 - 26. februar Meir mat frå EUEin aukande del av den norske maten blir produsert i EU. Regjeringa har gitt grønt lys for at EU kan senda 2.700 nye tonn ost inn på den norske marknaden. Det er ein auke på heile 60 prosent. |
Bv 9 - 5. mars Dei beste styraDet stundar mot årsmøte i våre faglege og økonomiske organisasjonar. Ein svært viktig del av årsmøta er val av tillitsvalde, å finna dei beste folka. Dette har blitt spesielt viktig i dei store økonomiske organisasjonane. Årsomsetnaden der går frå rundt to milliardar kroner i Felleskjøpet Rogaland Agder, til nær det tidoble i dei landsdekkande konserna Tine og Nortura. Marginane har blitt mindre med åra, og det økonomiske presset større. Styrkeforholda i matvarekjedaRegjeringa nedsette i førre veke utvalet som skal sjå på maktforholda i matvareomsetnaden. I Norge er kjedekonsentrasjonen sterkare enn i mest noko anna land, med fire kjeder som kontrollerer rundt 99 % av daglegvarehandelen. Det er nok å peika på formuar på frå nokre få, til titals milliardar hjå nåverande og tidlegare kjedebaronar, Rema-Reitan, og Rimi-Hagen.
|
Bv 10 - 12. mars Storstilt kornflyttingI Sør-Norge, inklusive Rogaland, ligg det til saman rundt 35 000 tonn giftig havre på lager. Gifta er mykotoksin, altså soppgift. Ei viktig årsak til høgt giftinnhald er den fuktige sommaren og hausten, men ikkje bare det. I tillegg til dei 35 000 tonna på lager er det brukt, og vil kontinuerleg bli brukt, korn med mykje mykotoksin. Gifta blir ”tynna ut” i kraftfôret ved å blanda med korn med lågt toksininnhald. Men dei siste 35 000 tonna greier ein altså ikkje utan vidare å nytta på denne måten, denne fôringssesongen, utan at giftinnhaldet i fôret blir for høgt. Eitt alternativ er skyva problema føre seg, å lagra havren over til neste fôringssesong, men det vil kosta rundt 14 millionar kroner. |
Bv 11 - 12. mars Vår med temperaturSå langt har våren vore heller kjølig. Men nå stig temperaturen, snøen forsvinn og vi har den aller beste årstida rett rundt hjørnet. Så registrerer vi at temperaturen også stig innomhus på ein del arenaer vi har gjesta i det siste - der utviklinga i landbruket, og spesielt lønsemda i næringa, blir diskutert. |
Bv 12/13 - 31. mars Ver stolt, bonde, du er viktigVerdas viktigaste yrke, ja det er bondeyrket. Det fekk vi høyra på årsmøtet i Rogaland Bondelag nyleg, og det får vi høyra i andre samanhengar. Vi har ikkje vanskeleg for å vera einige. Utan produksjon av mat stansar alt. Bare ein liten brøkdel av det folkehavet vi har på jorda i dag, ville kunna leva om vi skulle hausta utan å så, og utan å samspela med naturen på så mange andre vis. La oss vera audmjuke og seia at det er eitt av verdas viktigaste yrke. |
Bv 14/15 - 16. april Lik pris eller regional prisingDiskusjonen går friskt om prising i Nortura. Den siste tida har det dreidd seg mest om dei store puljetillegga, som er kalla strategisk prising. Kampen står først og fremst mellom ”dei store og dei små”. Det dreier seg også om Nortura si generelle utbetalingsevne. Eit sentralt spørsmål i mange diskusjonar, går på innfraktvilkåra. Nortura har her ei konkurranseulempe i kraft av si mottaksplikt. Utvalet som skulle greia ut spørsmålet om fraktvilkåra, har gitt si innstilling, og kome fram til at det må nær 100 millionar friske kroner til for å jamna ut dei skeive konkurranseforholda. Les heile leiaren
|
Bv 16 - 23. april Felleskjøpet Agri held liv i kornstridenDei fleste fekk truleg med seg kornstriden mellom Felleskjøpet Agri (FKA) og Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA). Opphavet til striden var ekstremt høge kornprisar på verdsmarknaden vinteren 2007 – 2008. Prisane på importert korn var høgare enn på norsk korn. Innan Felleskjøpsgruppa var det klare reglar for fordeling av det norske kornet i ein normalsituasjon med lågare prisar på verdsmarknaden enn i Noreg, men ikkje like klare reglar for fordeling når prissituasjonen vart motsett. |
Bv 17 - 30. april Vassdirektiv og gjødselforskrifterFleire artiklar i Bondevennen den siste tida har minna på alvoret i to saker som heng saman: EU sitt vassdirektiv som Norge må følgja, og revisjon av våre eigne gjødselforskrifter. Sakene aukar presset på landbruket, vassdirektivet også i område med mykje open åker, begge i område med stor husdyrtettleik. Det blir dyrt og utfordrande for næringa å oppfylla alle krava. Les heile leiaren
|
Bv 18 - 7. mai JordbruksoppgjerdetVi registrerer at mange bønder er skuffa over det dei oppfattar som eit puslete krav i årets jordbruksforhandlingar – 1 865 millionar kroner i ordinære midlar og 100 millionar i ekstraordinære investeringsmidlar. Kor stor avstanden blir mellom krav og resultat veit vi om vel eit par veker – om det blir eit resultat då. Kravet betyr at det vil ta lang tid for næringa å oppnå jamstilling med andre næringar og yrke. Les heile leiaren |
Bv 19 - 21. mai Firehoda tilsyn
|
Bv21 - 4. juni Jordbruksavtale med vond smakDet er blitt sagt mykje om årets jordbruksavtale allereie og meldingane har vore mange om vonbrot ovafor både regjeringa, Senterpartiet og Bondelaget. Når det gjeld Bondelaget, peikar mange på at det i år var gitt grønt lys for brot dersom resultatet blei så dårleg som det blei, rundt 50 % av kravet. Det var sjølvsagt at ein fekk på plass meir pengar til frakttilskot – som ei oppfølging av jordbruksavtalen i fjor. Grensevernet for mjølk var viktig, men var det viktig nok til at ein kunne la så mange prinsipp fara? Når er det nok? Les heile leiaren
|
Bv 23/24 - 18. juni Det vanskelege valetI denne utgåva av Bondevennen har vi ein gardsreportasje frå Kvilldal i Suldal, som illustrerer nokre av dei viktigaste utfordringane i norsk landbruk dei neste åra. Sigrid Bakka, ein særs velkvalifisert og ressurssterk ung bonde, står ovafor svært vanskelege val. Anten å satsa på det ho mest av alt vil, med svært stram økonomi i tiår framover, eller å kutta ut kua. Les heile leiaren
|
Bv 25/26 - 2. juli Svartmaling eller realismePå samrådet med ungdom om den komande stortingsmeldinga for eit par veker sidan, på Jæren, brukte Landbruksministeren ein stor del av innlegget sitt på årets jordbruksavtale. Han forsvarte avtalen, meinte den er god – altså ikkje noko nytt. Så refsa han alle som har vore negative til avtalen. Ein del av refsen gjekk til media, og vi kunne ikkje unngå å registrera at han nok også meinte Bondevennen. Vi følte oss ikkje trefte, altså bomskot.
|
Bv 27/28 - 16. juli Det individuelle mot det kollektiveDet er med interesse vi har følgt med i utviklinga på tomatfronten i sommar. Stor overproduksjon og priskollaps røyner på for mange, jamvel om marknadsbalansen og prisane nå betrar seg. For dei som har store investeringar, blir økonomien særs pressa. For dei som har eldre anlegg der kapitalkostnadene ikkje tyngjer så mykje, røyner det på viljen til å arbeida på dugnad, og kanskje på tap. Les heile leiaren
|
Bv 29/30 - 30. juli Landbruk krev kunnskapDet er ikkje noko nytt når vi seier at du som bonde har eit av dei mest krevjande og allsidige yrka som er - både fysisk, i arbeidsomfang, men ikkje minst i høve til kunnskap/kompetanse. Etter kvart som marginane blir mindre og produksjonsomfanget på den enkelte garden større, stig kompetansekrava. Dei store forskjellane som er i inntekter mellom dei dyktigaste og dei som ikkje får det like godt til, er òg eit klart teikn på at kompetanse løner seg. Les heile leiaren
|
|
Bv 31/32 - 13 august Gode tider i pelsI førre utgåva av Bondevennen skreiv me om svært gode prisar på pelsskinn på dei siste auksjonane i København og Helsingfors, spesielt for mink. Ja, prisane blei omtalte som fantastisk gode. Årsakene er fleire. Det har i årevis vore gjort særs godt arbeid innan produktutvikling og marknadsføring. Pelsskinn blir brukt til så mykje, ikkje bare varme plagg. Det har blitt svært mange rike kinesarar og russarar, og i desse landa er det gjævt med pels. Kinesarane har prøvd seg med produksjon av pelsdyr, men får det ikkje til. Fôret er for dårleg, og dei har ikkje kunnskapar nok. Dermed blir det dårleg skinnkvalitet og ikkje lønsemd. Den kalde vinteren i nord gav også ekstra sal av pels, og lagera av kvalitetsskinn gjekk tomme. Les heile leiaren
|
Bv 33/34 - 27 august Riksrevisjonen og jordbruketRiksrevisjonen har teke Stortinget sine overordna mål for landbruks- og matpolitikken på alvor, og stiller Landbruks- og matdepartementet (LMD) til ansvar for å nå måla. Dette er interessant. For vi er van med at vakre ord og fine formuleringar frå politisk hald først og fremst tener som reklame. Av erfaring ventar folk flest ikkje at alle lovnader blir haldne og trur vel heller ikkje at politikarane har ambisjonar om å innfri alt dei lovar. Det gjeld også formuleringane om levande bygder, biologisk mangfald, kulturlandskap og langsiktig mattryggleik. Les heile leiaren |
|
Bv 35 - 3. september Doffen har daudaDu hugsar kanskje den populære reklamesnutten med gullfisken som låg daud som ei sild med buken i veret i glasbollen sin. Mora til fiskeeigaren freista febrilsk å vekkforklare den ubehagelege sanninga, før den vesle eigaren skar i gjennom og slo fast at Doffen var daud. Ferdig med det. Les heile leiaren |
Bv 36 - 10. september Meir norskprodusert matSven Arne Lie i NILF kritiserer norsk nlandbrukspolitikk fordi ein i aukande grad baserer seg på importert kraftfôr. Produksjonsveksten i norsk landbruk blir oppnådd gjennom å erstatta arbeidsinnsatsen til norske bønder, jordbruksareal og beitedyra her til lands, med kraftfôrbasert husdyrproduksjon og kraftfôr laga av billeg utanlandsk arbeidskraft på dyrka mark i utlandet. Vi beslaglegg i aukande grad jordbruksarealet i andre land (ca. 2,5 mill. daa) mens vårt eige jordbruksareal gror igjen, seier Lie. Les heile leiaren |
|
Bv 37 - 17. september Stor oppgåve for små bønderEr det mogleg å fø framtidas aukande nbefolkning med dagens skakk-køyrde utgangspunkt. Ja, meiner Utviklingsfondet i ein ny forskingsrapport, som vart presentert sist veke. Dersom alle tek konsekvensen av at verdas matproduksjon står framføre eit vegskilje og er innstilte på å vere med på ei bærekraftig, framtidsretta kursendring. Det er håp dersom verdas nasjonar ser behovet for eit landbruk som tek vare på, ikkje øyder, naturressursane, miljøet og klimaet, og som ser samanhengen mellom mindre familiebruk og eit landbruk som i størst mogleg grad er basert på bærekraftige prinsipp. Les heile leiaren
|
Bv 38 - 24. september JordbrukskrigarOverskrifta er ikkje vår. Ho er teken frå den engelske avisa "Financial Times". Avisa spanderte ei heilside under overskrifta "Agricultural wars" den 28. august. Når ei slik avis - som konsentrerer seg om internasjonal handel, finansar, økonomi og politikk - spanderer så mykje plass på jordbruk, er det grunn til å sjå litt nærare på saka. Les heile leiaren |
Bv 39 - 1. oktober Stor oppgåve for små bønderDet er med interesse vi har følgt ulike innslag i media den siste tida om biogassproduksjon basert på husdyrgjødsel og anna biologisk materiale. Planane om eit stort fellesanlegg i Hå står sentralt. Føresetnadene er at dette skal ta mot husdyrgjødsel, hushaldsavfall og anna biologisk materiale. Gjennom ein foredlingsprosess vil ein få ut miljøvenleg gass og eit fast produkt som etter tørking og vidare prosessar blir til gjødsel eller jordforbetringsmateriale. Les heile leiaren
|
Bv 40 - 8. oktober KapitalbehovetNorges Bondelag har vurdert investeringsbehovet i norsk landbruk, og funne at det årleg trengst minst ein milliard kroner meir enn det næringa i dag får i BU-tilskot, rundt 400 millionar kroner. Pengane trengst for å vedlikehalda og utvikla produksjonsapparatet i næringa, og for å kunna påverka strukturen. Les heile leiaren |
Bv 41 - 15. oktober Marknadsregulering, marknadsbalanse og ansvarI dei føregåande utgåvene av Bondevennen har det vore ein diskusjon om prissetjing av egg frå ulike produksjonssystem, om marknadsbalanse og ansvaret for denne. Eggprodusent Jon Line har vore svært kritisk til korleis Nortura løyser marknadstilpassinga. Styreleiar i Nortura, Sveinung Svebestad, har gjort greie for korleis det er tenkt frå Nortura si side. Bondevennen har også fått andre reaksjonar frå eggprodusentar som er misnøgde med løysingane. Les heile leiaren
|
Bv 42 - 22. oktober Det nødvendige og det realistiskeI denne utgåva av Bondevennen har vi eit intervju med stortingsrepresentant Per Olav Lundteigen. Han har framleis sterke meiningar om norsk landbruk og landbrukspolitikk. Vi håpar dette blir lese, ikkje fordi Lundteigen har heile sanninga og alle løysingar, men fordi han ennå har påverknadskraft. Mange vil vera einige i mykje av det han målber, andre ikkje. Les heile leiaren |
Bv 43 - 29. oktober Tilleggsjord og strukturrasjonaliseringI førre Bondevennen presenterte Olav Magne Tonstad eit sommarbrev frå Landbruksministeren, med retningsliner for meir sal av jord til tilleggsjord. Nær halvparten av jordbruksarealet i Norge er nå leigd bort som tilleggsjord, i enkelte kommunar og område langt over halvparten. Det er ynskje om meir samsvar mellom kven som eig jorda, og kven som bruker henne. Les heile leiaren
|
Bv 44 - 5. november Produksjonslyst og -fordelingI det siste har vi fått presentert "gladmeldingar" i lokale media om Rogaland si dominerande stilling i norsk landbruk, og spesielt for husdyr- og veksthusproduksjonane. Rogaland aukar meir enn andre og tek dermed stadig større marknadsandelar. Det er Jæren som dominerer, men med sterke produksjonsmiljø også i til dømes Finnøy og Bjerkreim. |
Bv 45 - 12. november Dei ekstra marginaneDet er med glede vi registrerer framgangen i kvalitet på lam frå år til år gjennom tal rapporterte frå slakteria. Parallelt med dette har det også vore framgang på mange andre mål, som i tal lam pr. sau og i vekt pr. lam, og då sjølvsagt i kg lammeslakt pr. vinterfôra sau. Til sjuande og sist skal desse tala enda ut i betra økonomi for sauehaldaren. Sjølvsagt stadfestar tal frå sauekontroll og rekneskapstal dette. Ikkje mobb kameraten minVi vil ikkje forsvara alt vi har sett av bilete frå pelsdyrnæringa dei to siste vekene, men vi sluker heller ikkje alle bilete og all "informasjon" rått. Dyra skal ikkje ha det slik som nokre bilete syner, men bileta er heller ikkje representative for norsk pelsdyrhald. Så ventar vi at næringa nå ryddar opp så langt det let seg gjera. Les heile leiaren
|
Bv 46 - 19. november Rett kraftfôrprisPrisen på kraftfôr har blitt mykje diskutert etter det kraftige prisbykset i 2008. Den siste tida har diskusjonen blussa kraftig opp, først og fremst med grunnlag i Nortura sine innspel til ny stortingsmelding om landbrukspolitikken. Stortingsrepresentant Per Olav Lundteigen er fremste hærførar mot Nortura. Vi har lese Nortura si fråsegn, og finn denne meir balansert enn det Lundteigen gir uttrykk for. Ein politikar skal gjerne spissa. |
Bv 47 - 19. november Kart og terrengLandbruks- og matmininister Brekk framhevar like god inntektsutvikling i landbruket som i andre yrke etter at dei raud-grøne tok over. Ein har rett nok ikkje greidd å tetta gapet frå dårlege innteksoppgjer i tidlegare regjeringar, men ikkje sakka lenger akterut. Dermed er jordbruksinntektene relativt sett betre enn før. Les heile leiaren
|
Bv 48 - 3. desember Inn på tunetDen siste tida har det vore ein ny offensiv frå Landbruksdepartementet i samarbeid med andre departement for å selja inn "Inn på tunet". Målgruppa er bønder som er interesserte i å tilby dette, og brukarar – det vil seia kommunar, fylkeskommunar med fleire. På ein nyleg avvikla Inn på tunet-konferanse på Gardermoen, med flust med deltakarar, var alle einige om at det hadde vore ein interessant og gild konferanse. Les heile leiaren
|
Bv 49 - 10. desember Frå husdyrbonden til StatenHusdyrbøndene gav nyleg ei gåve til Staten på 20 millionar kroner, fordi kraftfôrindustrien måtte betala ei ekstra avgift på importkorn. Denne avgifta blir overført på kraftfôrprisen. For til dømes FKRA utgjer dette i gjennomsnitt 2 øre pr. kg auka kraftfôrpris komande år. Årsak: Ein særs slett jobb av marknadsregulator for korn, Norske Felleskjøp (NFK). Les heile leiaren
|
Bv 50/52 - 22. desember Jul med gledeFor ei tid sidan høyrde vi eit radiointervju med eventyraren Stein P. Aasheim. Vi føler ikkje å ha så mykje felles med ein person som har vore på toppen av Mount Everest, på Nordpolen, på overvintring langt frå folk på Svalbard, og svært mykje anna. Men nokre av tankane hans er lette å forstå, og god tid til tenking hadde han hatt på mange av turane. Mellom anna på overvintring langt nord på Svalbard, med heile familien sin. Les heile leiaren
|