Leiarar 2011

 

Bv 1 - 7. januar

Eit krevjande år

Når vi nå står heilt i starten på 2011, kan vi slå fast at det blir eit krevjande år for bonden, for dei som har ansvaret for å forma landbrukspolitikken, og for dei som har ansvaret for å setja politikken ut i livet. Presset kjem frå alle kantar. Som vanleg.

Les heile leiaren

 

 

Bv 2 - 14. januar

Bråbrems for biogass

Landbruket skal kutte eigne utslepp av klimagassar. Landbruks- og matdepartementet slo for eit halvt år sidan fast at det største kuttpotensialet ligg i å nytte husdyrgjødsel til biogassproduksjon. Så sikre på suksess er Brekk og kompani at dei slår fast at 30 % av all husdyrgjødsel bør innom eit biogassanlegg innan 2020. Rask hovudrekning tilseier då at innan snautt ni år skal ei av tre kyr levere bioenergi til norske el-kundar.

Les heile leiaren


Bv 3 - 21. januar

Det lokale initiativet

For eit par veker sidan var vi til stades ved opninga av den oppgraderte fabrikken til Norsk Hundefôr AS. Nortura er eineeigar av verksemda. Det vanka svært gode ord til dei som har fått Norsk Hundefôr opp på det nivået verksemda er på i dag, og spesielt til tidlegare disponent, Bjarne Forberg. 98 % av årsproduksjonen på nær 13 000 tonn hermetisk hundefôr blir eksportert til Tyskland. Avfallsprodukt er blitt pluss-produkt.

Les heile leiaren

 

 

Bv 4 - 28. januar

Politisk engasjement

 

I førre utgåva av Bondevennen refererte vi eit brev frå alle ordførarane i Rogaland stilt til Landbruks- og matdepartementet ved Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk. Ordførarane gjer der greie for kor viktig landbruket er for Rogaland, at næringa i dag er under press frå mange hald og at situasjonen er alvorleg i høve til rekruttering, investeringar og i det å halda oppe produksjonen. Ordførarane er opptekne av rammevilkåra i næringa. Dei ber om at bøndene blir sikra ei inntening som andre yrkesgrupper, og at mjølkeproduksjonen blir prioritert i 2011. Dei vil ha styrking av familiebruka og ein sterk vekst i BU-midlane til fylket.

Les leiaren


Bv 5 - 4. februar

Grøntsektor med utfordringar

I dette bladet refererer vi frå eit møte i Rogaland bondelag sitt Grøntutval i førre veke. Fjoråret blei grundig drøfta, og møtet førebudde innspel til komande jordbruksforhandlingar. Utfordringane er mange.

Les leiaren

 

 

Bv 6 - 11. februar

Sjølvberging, areal, arbeid og inntekter

Få av oss som lever i Norge i dag, opplevde siste verdskrigen, den siste krigen Norge var direkte involvert i. Men vi har høyrt mange historier frå krigen. For mange som levde i landet då, var det å skaffa nok, og god nok, mat ein viktig del av kvardagen.

Les leiaren

Bv 7 - 18. februar

Trekk forskriftene tilbake

 

Få forskriftsframlegg frå Landbruks- og matdepartementet har vel påverka enkeltbønder sin kvardag sterkare enn forslaget til nytt regelverk for kvoteordninga for mjølk, som er sendt ut på høyring. At Lars Peder Brekk & Co i praksis vil oppløysa samdrifter under 400.000 liter, utan å røra dei større, er sterk kost.

Les leiaren

 

Bv 8 - 25. februar

Breidde i landbrukspolitikken

Det var med blanda kjensler vi drog frå det landbrukspolitiske møtet i Bjerkreim i førre veke. Arbeidarpartiet var ikkje til stades. Det var mellom andre Høgre. Og dei to lokalpolitikarane frå partiet, Marthon Skårland, ordførar i Bjerkreim, og Ivar Tangeraas, fylkestingmedlem i Rogaland, gav uttrykk for meiningar om landbruket som dei fleste sette pris på. Det galdt meiningar både i høve til strukturutvikling og i høve til behovet for eit økonomisk løft som monnar. Skårland var også initiativtakar til brevet til Landbruksministeren frå alle ordførarane i Rogaland i januar. Bondevennen har tidlegare slutta seg fullt ut til innhaldet i brevet, men ikkje til at Landbruksministeren var rette adressat.

Les leiaren

Bv 9 - 4. mars

Utidig innblanding

Bondelaget arrangerte i førre veke eit samrådingsmøte i Stavanger for å drøfta innspel til årets jordbruksforhandlingar. Deltakarar var representantar frå dei fleste landbruksorganisasjonane i Rogaland, inklusive styret i Rogaland Bondelag. Nestleiar i Norges Bondelag, Brita Skallerud, rep­resenterte organisasjonen sentralt.

Les leiaren

 

Bv 10 - 11. mars

Før jordbruksforhandlingane

Alle organisasjonar i landbruket med ninteresser i bonden sin økonomi, har nå drøfta innspel til årets jordbruksforhandlingar. Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget har ansvar for vidare oppfølging. År for år gjentek faglaga argumenta for eit anstendig jordbruksoppgjer. Motparten kler seg i sekk og oske for å forklara kvifor bondeinntekta må haldast nede.

Les leiaren

Bv 11 - 18. mars

Dyrt grovfôr

Diskusjonen om pris på kraftfôret er etter kvart velkjent. Det same er argumenta for høgare eller lågare pris. Men det har i norsk landbrukspolitikk vore brei semje om at det ikkje må vera billegare å bruka kraftfôr enn grovfôr, i alle høve gjeld det kraftfôr produsert på importert råvare. Prisforholdet mellom kraftfôr og grovfôr er politikk, og prisane kan regulerast i høve til kvarandre med ulike slag politiske tiltak.

Les leiaren


 

Bv 12 - 25. mars

Det skal kosta å forsyna seg

På ein konferanse i Oslo nyleg sa humoristen Per Inge Torkelsen at folk klagar over prisen på mat i Noreg, og heldt fram. “- Ja, med bensinprisen har det gått same vegen - rett til himmels.”

Det er ikkje rart at den same Torkelsen undrar seg over at ingen klagar over prisen på vatnet mange vel å betala opp imot 60 kroner literen for på bensinstasjonar når dei kan tappa det mest gratis frå springen.

Les leiaren fra Bv 12

Bv 13 - 1. april

Den unge bonden skaper framtida

Kunnskapen mellom unge menneske har aldri vore større. Dei har kunnskap som overgår langt den kunnskapen unge hadde for 20 - 30 år sidan.

Les leiaren


 

Bv 14 - 8. april

Når demokratiet fungerar

Like sikkert som våren prøver å ­nsprenge seg fram, samlar bøndene sine representantar seg til årsmøte for å evaluera arbeidet som er gjort og setja kurs på vegne av yrkesbrødrene sine.

Les leiaren

Bv 15/16 - 20. april

Sterkare styring må til

Denne veka legg Einar Steensnæs fram matkjedeutvalet si innstilling. Utvalet blei sett ned av landbruksministar Lars Peder Brekk i februar 2010. Siktemålet var å få styrkeforholdet i matvarekjedene under debatt.

Les leiaren


 

 

Bv 17/18 - 6. mai

Kan det bli eit framskritt

Folketalet i verda aukar. I 1930 var me kring 2 milliardar menneske i verda. I dag tel me meir enn seks og utviklinga peikar mot at folketalet vil vera ni milliardar menneske om ein generasjon. Korleis skal det gå når 1 milliard i dag alt manglar mat i magen?

Les leiaren

 

Bv 19 - 13. mai

Eit korrektiv skader ikkje

På garden gardsreportasjen i dette nummeret handlar om, er samvirket valt vekk til fordel for konkurrerande såkalla private aktørar. I staden for Nortura, Tine og Felleskjøpet, står det nå Fatland, Q og Fiskå på bilane som svingar inn på tunet.
Les leiaren

 

Bv 20/21 - 27. mai

Å møte ei utfordring offensivt

 

Det er lenge sidan bonden reiste med fjordabåten til byen med dyra sine for å selja dei til slaktaren på kaien. Ein dag kunne han vera heldig og prisen vart god, ein annan ikkje. Men sal blei det alltid før båten gjekk.

Les leiaren

Bv 22/23 - 10. juni

Slaget står seinare

Mange opplevde at slaget om landbruket sto den 16. mai, når Nils T. Bjørke inngjekk avtalen med landbruksministar Lars Peder Brekk for jordbruksoppgjeret i 2011.
Les leiaren

 

Bv 24/25 - 24. juni

Landbruksløftet i Kvinesdal

Landbruket held bra stand på Jæren, nsjølv om lyset også her sloknar i stadig fleire fjøs. Men dei som satsar, byggjer så stort at dei meir enn kompenserer for dei som gir seg.

Les leiaren

 

Bv 26/27 - 8. juli

Tilskot er ein del av løna

I vårt opne mediesamfunn ligg nå også tilskota den enkelte bonde får via jordbruksavtalen lett tilgjengelege på nettet. I eit ope mediasamfunn har det gjeve mange tabloide oppslag frå dei som til vanleg viser næringa lite spalteplass.

Les leiaren

 

 

 

Bv 28/29 - 22. juli

Det er bonden som skaper Gladmat

Me er midt inne i ei gedigen festivaltid. Festivalane står i kø i bygd og by. Det startar tidleg på våren og felles er at svært mange av dei som gjer det råd å avvikla dei, til glede for festivaldeltakarar og næringslivet, opplever ekstra slag på kassen nokre hektiske dagar.

Les leiaren

 

 

Bv 30/31 - 5. august

Iver til vekst råkar jorda vår

Ikkje sidan 1980 har så lite dyrka jord blitt omdisponert frå produksjon av mat til andre føremål. Likevel har heile 6687 dekar forsvunne under vegar, bygningar eller parkeringsplassar. I tillegg er mest like mykje dyrkbar jord sett strek over.

Les leiaren

 

 

 

Bv 32/33 - 19. august

Høgtskårande landbruks- og bygdepolitikk

Helse, skule, samferdsel og kanskje innvandring. Dei store sakene som særleg media er opptekne av og har ei meining om, blir mest sannsynleg viktigaste tema også under årets valkamp. Sommarens tragiske hendingar endrar neppe valkampen. Det blir som føregåande år. Og sjølv om det er lokalval vil dessverre størstedelen av debatten gå føre seg sentralt. Sjølv om verken Jens eller Jensen er på val før om to år.

Les leiaren

 

 

Bv 34/35 - 2. september

Mjølk i Rogaland

Mjølkeproduksjonen er svært viktig for sysselsettinga i norsk landbruk. Det er denne produksjonsforma som sysselset flest personar på heiltid.
Dei siste åra har heile 48 prosent av mjølkebøndene valt å leggja ned. Produksjonen har i same periode gått tilbake med 23 prosent, sett landet under eit. Dess lenger bort frå produksjonsanlegga me kjem, dess fleire finn me av dei som har slutta.

Les leiaren

 

 

 

Bv 36 - 9. september

Å leva opp til orda

Om få dagar er det val. Mange vil kanskje seia at kommune- og fylkestingsvalet ikkje er så viktig for landbruket og bygdenæringane sine rammevilkår.

Les leiaren

 

Bv 37 - 16. september

Nå startar marsjen

Så var jobben gjort, og dei fromme vallovnadane skal omsetjast i handling. Nokre parti slikkar sine sår, medan andre gler seg over framgang. Slik er, og skal, demokratiet vera.

Les leiaren

 

Bv38 - 23. september

Om å gjere kvarandre gode

Landbruket er ikkje som næringslivet elles. Fabrikkeigaren på Jæren som var på gardsbesøk fekk sjokk då han oppdaga at bonden med den største sjølvfølgje søkte råd og rettleiing hjå kollegar og naboar. Slikt var heilt uhøyrt i hans bransje, der dei konkurrerande verksemdene held suksess­korta tett inn til brystet.

Les leiaren

 

Bv 39 - 30. september

Ei lære for livet

Svært mange av våre tillitsvalde har gått ein god skule. Gjennom mange unge år har dei arbeidd med 4 H oppgåvene sine. Seinare har dei teke fatt på ombod i Noregs Bygdeungdomslag eller Noregs Ungdomslag, for seinare å ta plass i styre og råd, mellom anna i samvirkeorganisasjonane våre.

Les leiaren

 

 

 

Bv 40 - 7. oktober

Å leva lenger i landet

Mange gamle mattradisjonar kjem fram i lyset på ny. Gamle tradisjonar blir pynta på og presenterte på nye måtar. Men det er også dei rettane som blir serverte nett slik dei gjorde i tidlegare tider.

Les leiaren

 

Bv 41- 14. oktober

Når ein prosent blir fokuset

Sist veke la den raudgrøne regjeringa fram framlegg til nytt statsbudsjett. Det me veit, er at det berre blir kosmetiske justeringar på det fleirtalsframlegget Stortinget skal behandla.

Les leiaren

 

Bv 42 - 21. oktober

Dyr på utstilling

Lokale vereringar saman med organisasjonen Sau og Geit, greidde å snu Mattilsynet sitt nei til utstilling og kåring av vêrar på årets Bjerkreimsmarken. Første tanken er kan hende at dette ikkje er så viktig. Men i høve til det norske landbruket si avhengighet av at politikarane og forbrukarane framleis skal slå ring om norsk landbruk og norsk matproduksjon, er Mattilsynet sitt signal om vilje til mjuke opp restriksjonar godt nytt.

Les leiaren

 

Bv 43 - 28. oktober

Visjonar for Vestlandet

 

Sist veka opna ein ny bank midt i matfatet på Jæren. Etter fleire tiår der bankdører har blitt stengde, har me no gått inn i ei tid der nye blir opna.

Les leiaren

 

 

Bv 44 - 4. november

Å vera med på den grøne førebygginga

Diverre er det stadig fleire som etterspør tenestene til norsk fengselsvesen. For veldig mange blir det ikkje med eit besøk. Dei vel å koma tilbake.

Les leiaren

Bv 45 - 11. november

Nytt rameverk

Det er kvalitet over samkome der bønder er til stades. Dei årlege hausttreffa Agro Hordaland og Agro Nordvest, representerer så visst ikkje unnatak i så måte. Frammøtet vitnar i seg sjølv om stort engasjement for landbruket på Vestlandet. På Agro Nordvest møttest 300 vestlandsbønder sist helg. Nok ein gong kan det stadfestast at det er der debatten blir ført, der argument og motstandarar barkar saman, at frø blir sådd og idear tek form. Eit lite vakuum var det rett nok, sidan Landbruksmeldinga, den store ramen kring landbruket i åra som kjem, framleis ligg meir eller mindre ferdig og godt gøymd bak lås og slå i departementet.

Les leiaren

 

 

Bv 46 - 18. november

Fleire må få kunnskap

Samfunnet brukar kvart år store ressursar på å sikra at objekt av kulturhistorisk verdi blir restaurerte eller vedlikehaldne. Med eit unnatak. For den kultiverte inn- og utmarka som det har teke generasjonar å byggja, er vegen kort for å setja spaden i jorda.

Les leiaren

Bv 47 - 25. november

Eit godt signal men meir må koma

Den som ventar på noko godt, ventar aldri forgjeves, heiter det. Me har ei raudgrøn regjering som for lenge sidan skulle ha levert ei landbruksmelding som skulle setja kursen for norsk landbruk. Og me har venta, og venta …

Les leiaren
 

Bv 48 - 2. desember

Å velja for framtida

Utdanningsnivået i Noreg har gått opp. Det same har lønsnivået gjort. Mange stiller store krav til å praktisera utdanninga si, og til å ha eit ordna liv i lag med familien sin på fritida.

Det er ofte ei utfordring for mange kvinner og menn som har ein gard dei skal falla tilbake til. Det har ført til at svært mange bønder vel å kombinera det å vera bonde med arbeid utanfor garden. Ei øving som mange får til med ei hjelpande hand frå den eldre generasjonen på garden.

Les leiaren

 

Bv 49 - 9. desember

Når ein smørtsunami råkar

Opp gjennom åra har me høyrt skråsikre ekspertar fortelja oss om kva som er sundt for oss, og kva me bør halda oss langt vekke frå. Smør er eit av dei produkta som har vore utsett for dette omdømme. Mykje har heldigvis endra seg. Denne hausten har TINE og Nortura vore utsett for ein karbotsunami. Spesielt krevjande har det vore å dekkja forbrukarane sin etterspurnad etter smør. Etterspurnaden har vore opp mot 25 prosent meir enn på same tid i fjor.

Les leiaren
 

Bv 50 - 21. desember

Ei julegåve utan særlig innhald?

Landbruksmeldinga blei lagt fram i byrjinga av desember, og mange bønder håpa vel på ei litt tidleg julegåve til norske bønder frå statsråd Brekk. Meldinga inneheld mange gode ambisjonar og mål for norsk landbrukspolitikk. Det er likevel vanskeleg å finna signal om særleg betre økonomiske rammevilkår, noko som næringa sårt treng. Inga næring kan overleve over tid utan rimeleg godtgjersle til arbeid og kapital.

Les leiaren